Som alle andre næringar, genererer også jordbruket avfall. Det omfattar mellom anna organisk materiale frå jordbruksproduksjonane, plastavfall og farleg avfall som oljeprodukt, batteri og restar av plantevernmiddel. Det organiske avfallet blir i stor grad nytta som gjødsel. For andre typar avfall er det eit mål at avfallet i størst mogeleg grad skal bli gjenvunne eller bli nytta til produksjon av energi. Det er eit overordna nasjonalt mål at avfall skal gjere minst mogleg skade på menneske og naturmiljø. For farleg avfall er det stilt strenge krav til handsaming og innlevering til godkjente mottak.

1 prosent av avfallsmengda i landet frå primærnæringane

Primærnæringane står for litt over 1 prosent av den totale avfallsmengda i landet. Tal frå statistikken Avfallsregnskapet, SSB, viser at av ei total avfallsmengd på 12,2  millionar tonn, utgjorde avfallsmengda frå jordbruk, skogbruk og fiske 154 000 tonn i 2019. Rekneskapen viser også at av den totale mengda plastavfall på 290 000 tonn, kom 12 prosent, eller 34 000 tonn, frå jordbruk, skogbruk og fiske.

Sjå fleire tal frå statistikken for Avfallsregnskapet

22 000 tonn plastavfall innsamla frå jordbruket

Tal for innsamling og materialgjenvinning av plastavfall frå jordbruket blir  henta frå Grønt Punkt Noreg. I tala for mengd innsamla jordbruksplast inngår rundballefolie, solfangarfolie, fiberduk og hylser (bobinar). Tala er ikkje korrigert for forureining. Innsamla plast er ofte forureina, og registrert vekt kan omfatta restar av jord, stein og vatn/is. For åra frå og med 2015 har Grønt Punkt gjort utrekningar der det er korrigert for forureining i innsamla plast. For 2015 og 2016 blei det nytta eit trekk på 14 prosent av det innsamla materialet. Frå og med 2017 blir det nytta eit trekk på 40 prosent.

Figur 1. Indeks for mengd innsamla jordbruksplast. 2005-2020. 2005=100

Innsamla jordbruksplast i 2020 var på i alt 22 000 tonn. Av dette er plast til forureining utrekna til 8 800 tonn og mengd plast til materialgjenvinning til 13 200 tonn. Jordbruksfolie står for mesteparten av mengda plastavfall til gjenvinning frå jordbruket. Innkjøpt mengd plast til jordbruket var 13 900 tonn i 2020. Sidan 2017 er innkjøpt mengd jordbruksplast større enn utrekna plast til materialgjenvinning.

Privat import av jordbruksfolie og import av fôr emballert i folie vil gi meir plast til gjenvinning enn det som er innkjøpt nasjonalt. I nokre år er det bygd opp lager i samband med innsamlinga, i andre år nedbygging av lageret. Plast som blir gjenvunne, går hovudsakeleg til produk­sjon av avfallssekkar og bereposar. Plast som ikkje eignar seg til materialgjenvinning, kan til dømes nyttast til produksjon av energi.

Figur 2. Mengd innkjøpt, innsamla og materialgjenvunne jordbruksplast. 2005-2020. Tonn

Returordninga finansiert av emballasjevederlag

Systemet med returordning for plast er finansiert ved at importørar og produsentar av plast betalar eit emballasjevederlag. Grønt Punkt Noreg står for innkrevjing av emballasjevederlaget. Vederlaget er kr 1,80 per kilo rundballefolie, plansilofolie o.l., og kr 4 per kilo solfangarfolie, fiberduk og nett. Tal for jordbruksplast til gjenvinning er henta frå vederlagsordninga. Frå og med 2017 er det berre tal for medlemmane i Grønt Punkt som inngår i rapporteringa. Grønt Punkt anslår at det utgjer om lag 95 prosent av landstotalen. 

Jordbruket leverte inn 330 tonn farleg avfall i 2019

Det er strenge krav til handsaming av farleg avfall. Farleg avfall kan medføre alvorleg forureining og fare for skade på menneske eller dyr. Jordbruket produserer farleg avfall som til dømes restar av plantevernmiddel, drivstoff, spillolje, hydraulikkolje samt emballasje for desse stoffa. Andre typar farleg avfall er blybatteri, løysemiddel, måling, lakk, impregnert trevirke, isolerglas med PCB og asbesthaldig avfall.

Tala som er presenterte her, omfattar mengder farleg avfall som er innlevert og deklarert til myndigheita på avfallsdeklarering.no for dei verksemdene som er registrert under NACE kode 01 – jordbruk og tenester knytt til jordbruk, jakt og viltstell.

Frå alle næringar blei det innlevert i alt 1,61 millionar tonn farleg avfall i Noreg i 2019. Jordbruket stod for om lag 330 tonn eller 0,02 prosent. Det er verdt  merke seg at det er knytt ein god del uvisse med rapporteringa frå jordbruket. Bedrifter med avgrensa relevans inn mot tradisjonelt jordbruk (reparasjon av maskiner m.m.) kan hamne inn under jordbruk (NACE 01) i sjølve registreringa, medan andre jordbruksbedrifter kan ha annan næringskode fordi dei driv anna næringsaktivitet i tillegg til jordbruk. Med små mengder avfall kan også noko av avfallet frå jordbruket ha blitt levert til kommunalt mottak saman med hushaldningsavfallet (blir registrert på hushalda i statistikken, og ikkje jordbruket). Figur 3 viser svingingar i innlevert mengde farleg avfall, og nokre av årsakene til dette er nemnt over.

Figur 3 viser svingingar i innlevert mengde farleg avfall

Over tid er det oljehaldig avfall som utgjer den største mengda frå jordbruket, og i 2019 blei det innlevert 136 tonn drivstoff, spillolje, hydraulikkolje og liknande. Det utgjorde 41 prosent av total mengd farleg avfall frå jordbruket det året. 

Figur 4. Mengd farleg avfall frå jordbruket, etter type avfall. 2019. Prosent

Sjå fleire tal frå statistikken Farleg avfall