Færre bilar blei vraka mot pant i 2020. Totalt vart 131 348 biler vraka mot pant – ein 5 prosent nedgang samanlikna med 2019. Av dette var det 115 882 personbilar og 15 466 varebilar. Ikkje sidan 2012 har det blitt vraka færre bilar mot pant. Det er i Viken det vrakast flest bilar, heile 29 906 i 2020. Størst mengde bilar vraka nokon sinne var i 1996, då det var ein auke vrakpanta.

Figur 1. Bilar vraka mot pant

Moderat auke i gjennomsnittsalder ved vraking

Gjennomsnittsalderen på bilane ved vraking var 18,4 år for personbilar og 15,7 år for varebilar i 2020. Bilane var dermed nokre månader eldre ved vraking i 2020 samanlikna med dei fire føregåande åra. På 30 år har gjennomsnittsalderen ved vraking auka med 3,4 år for personbilar og med 2,7 år for varebilar.

Figur 2. Gjennomsnittsalder ved vraking. Personbilar og varebilar

I Oslo er gjennomsnittsalderen framleis lavast på vraka bilar. I 2019 var den 17,1 år for personbilar, medan i 2020 minka den til 15,4 år. I Troms og Finnmark går det lengst tid før personbilar blir vraka – 20,8 år i 2020.

Rekordstor mengde blybatteri samla inn

21 069 blybatteri blei samla inn i 2020 – 20 prosent fleire enn i 2019. Det var fleire batteri som blei samla inn enn tilført marknaden gjennom sal. Salet av blybatteri var i 2020 på 18 069 stykk. Dette er ein auke frå 2019, då det vart selt 17 485 stykk.

Blybatteri blir i fossildrivande bilar og køyretøy brukt til å starte dei. I elektriske bilar og truckere blir dei brukt til drift. Kasserte blybatteri er farleg avfall og må dermed takast hand om på ein forsvarleg måte, så dei ikkje skadar miljøet. Det er gjennom avfallsforskifta, kapittel 3 at innsamling og behandling av batteri blir regulert.

Figur 3. Selde og innsamla mengde blybatteri

Auke i tonn kasserte dekk

I 2020 vart det kassert over 67 500 tonn dekk til saman. Dette er den største mengda nokon sinne. Sidan 1995 har mengda innsamla kasserte dekk meir enn firedobla seg. Nokre av dei kasserte dekka i 2020 vart lagra, medan resten gjekk til energigjenvinning (66 prosent) og materialgjenvinning (30 prosent). Dekk blir brukt som blant anna underlag på idrettsbaner og leikeplassar, og til produksjon av skytematter.

Figur 4. Innsamla mengde dekk i Norge

Formålet med avfallsforskrifta kapittel 5 er at dekk skal bli gjenvunne. Det vil sei at dei blir brukt til ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting, i staden for å skape miljøproblem på deponi. Avfallsforskrifta forbyr deponering av dekk på fyllplass, samt pliktar dekkforhandlarar til å ta imot kasserte dekk utan vederlag. Produsentar/importørar er plikta til både å hente inn kasserte dekk vederlagsfritt i områda der dei blir seld, og til å passe på at desse blir gjenvunne.

Kasserte fritidsbåtar

I 2017 blei det oppretta ei nasjonal tilskotsordning for å levere inn fritidsbåtar til avfallsmottak, som båtvrak. Sidan då har det ifølge Miljødirektoratet blitt levert inn 34 800 fritidsbåtar til saman, der 13 000 av dei blei levert i 2020. Ordninga er til for å samle inn fleire fritidsbåtar slik at dei ikkje blir liggande i naturen og forureine, men heller blir brukt til materialgjenvinning.

Lite avfall frå flyplassar

I korona-året 2020 vart dei ei halvering av avfall frå flyplassar samanlikna med dei føregåande åra. Den totale mengda var på 4 936 tonn, der litt over halvparten var sortert avfall, ifølgje Avinor sin års- og berekraftsrapport. Det kjem fram av rapporten er at dette i stor grad er grunna nedgang i aktivitet som følgje av pandemien. Samanlikna med 2019 var nedgangen i talet på passasjerar heile 63 prosent. I tillegg var butikkar og serveringsstader på flyplassane stengde over lengre periodar.

I tabell 2 er tala frå før 2016 ikkje direkte samanliknbare med dei frå 2016 og etter. Ifølgje Avinor sin Miljøårsrapport for 2016 blei definisjonen av usortert avfall endra til den norske standarden for avfall, NS9431, i 2016. I tillegg blei ikkje lengre avfall frå bygg- og anleggsaktivitet i prosjekter inkludert i statistikken. Det som er inkludert er avfall generert frå publikumsareal med sikkerheitskontroll, servering, butikkar, venteareal, frå handlingselskap, flyselskap, cateringverksemd, cargo, verkstad, garasjar, kontorareal, byggeprosjekt, og reinhald av fly.

Avfall frå skip

Det var også mindre avfall frå skip i 2020, samanlikna med året før. I 2020 blei det rapportert 135 173 m3 og 346 136 kg avfall frå skip. Dette var ein nedgang på 37 prosent for rapportert mengde i m3, og 38 prosent nedgang for rapportert mengde i kg, samanlikna med 2019. Sidan forskjellige skip rapporterer i m3 og kg, viser tabell 3 begge desse måleeiningane. Total mengde avfall er både det som er rapportert i kubikkmeter, og det som er rapportert i kilogram.

Referanser

Avfallsforskriften. (2004). Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (FOR-2004-06-01-930). Henta frå https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-06-01-930

Avinor. (2017). Miljøårsrapport 2016. Henta frå https://avinor.no/globalassets/_oslo-lufthavn/om-oslo-lufthavn/om-oss/rapporter/miljoarsrapporter/miljoarsrapport-2016.pdf

Avinor. (2021). Års- og bærekraftsrapport 2020. Henta frå https://avinor.no/globalassets/_konsern/om-oss/rapporter/avinor-ars--og-barekraftrapport-2020.pdf

Miljødirektoratet. (2021). Vrakpant på fritidsbåt - levering av båtvrak. Henta frå https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/avfall/vrakpant/vrakpant-pa-bat/