Rapporter 2016/14

Tilstand og utvikling

Jordbruk og miljø 2015

Rapporten kastar lys over status og utvikling i høve til miljømåla for jordbruksnæringa. Årets rapport syner mellom anna at det totale jordbruksarealet i drift vart redusert med 5 prosent til 9,86 millionar dekar i perioden 1999 til 2014. 

Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 9 prosent til 8,10 millionar dekar. Frå 1999 til 2014 er talet på jordbruksbedrifter redusert med 39 prosent. Totalt var det 42 900 aktive jordbruksbedrifter i 2014.

Rapporten Jordbruk og miljø gir statistikk som kastar lys over status og utvikling i høve til miljømåla for jordbruksnæringa. Framstillinga er inndelt etter ulike tema, mellom anna basisinformasjon om jordbruket, arealforvaltning, økologisk jordbruk, gjødsling, plantevern, tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav samt utslepp til luft. Det geografiske dekningsområdet er heile landet. Statistikken bygger på eit bredt utval av datakjelder både i og utanfor SSB. Rapporten har blitt gitt ut årlig sidan 1993.

Les meir om utslepp til luft og tilførsel til vatn frå jordbruket.

Økologisk jordbruk og kulturlandskap

Det økologisk godkjente jordbruksarealet i drift omfatta 460 000 dekar i 2014 og utgjorde knapt 5 prosent av alt jordbruksareal i drift. Talet på økologiske jordbruksbedrifter var 2 200 og utgjorde om lag 5 prosent av alle jordbruksbedriftene.

Nær 8 prosent av befolkninga bur på ein landbrukseigedom. Om lag 20 prosent av dei 150 000 landbrukseigedomane med bustadbygning var utan fast busetjing i 2014.

I 2014 var det om lag 960 setrer i drift. Frå 2000 til 2014 er talet på jordbruksbedrifter med seterdrift meir enn halvert. I 2014 var det om lag 1 200 jordbruksbedrifter med seter, eller med del i seter.

Gjødsel og plantevern

Sum verdistoff i handelsgjødsel var i 2013/2014 om lag på same nivå som på slutten av 1960-talet. Omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel var på same nivå som på slutten av 1970-talet. Omsetnaden av fosfor i handelsgjødsel har sidan rundt 1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.

Risikoindikatorane som Mattilsynet har utvikla, viser at miljørisikoen ved bruk av kjemiske plantevernmiddel gjekk ned med 7 prosentpoeng frå 2008 til 2011. Helserisikoen auka med 3 prosentpoeng. Berekningane baserer seg på tal frå utval-steljingane for 2008 og 2011 om bruken av plantevernmiddel på friland i jordbruket.

Utslepp frå jordbruket

EU sitt rammedirektiv for vatn har som mål at alle ferskvassførekomstar i Noreg skal ha ein god økologisk tilstand innan 2021. Av dei definerte vassførekomstane i Noreg, er 71 prosent i god eller særs god tilstand, medan 29 prosent har moderat eller dårlegare tilstand.

I 2014 sto jordbruket for 68 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg. Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste åra utgjort over 90 prosent av dei totale utsleppa i landet.

Rapporten er delfinansiert av Landbruksdirektoratet.

Om publikasjonen

Tittel

Jordbruk og miljø 2015. Tilstand og utvikling

Ansvarlege

Anne Snellingen Bye, Per Amund Aarstad, Anne Ingun Løvberget

Serie og -nummer

Rapporter 2016/14

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Emne

Jordbruk, Forurensning og klima

ISBN (elektronisk)

978-82-537-9329-0

ISBN (trykt)

978-82-537-9328-3

ISSN

1892-7513

Tal sider

155

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.