Rapporter 2012/39

Tilstand og utvikling 2012

Jordbruk og miljø

På oppdrag frå Statens landbrukforvaltning skal Statistisk sentralbyrå:

  • Lage ei årleg papirutgåve av rapporten ”Jordbruk og miljø”
  • Publisere rapporten ”Jordbruk og miljø” på ssb.no: http://www.ssb.no/emner/10/04/
  • Vedlikehalde ein database som beredskap for modellberekningar av miljøeffektar

Rapporten Jordbruk og miljø gir statistikk som kaster lys over status og utvikling i høve til miljømåla for jordbruksnæringa. Framstillinga er inndelt etter ulike tema, mellom anna basisinformasjon om jordbruket, arealforvaltning, økologisk jordbruk, gjødsling, plantevern, tilførsle av næringsstoff til vassdrag og hav samt utslepp til luft. Det geografiske dekningsområdet er heile landet. Statistikken bygger på eit bredt utval av datakjelder både i og utanfor SSB.

Jordbruksareal og jordbruksbedrifter

Frå 1999 til 2011 er jordbruksarealet i drift redusert med 3,9 prosent til 9,98 millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 7,4 prosent til 8,22 millionar dekar, medan areal med innmarksbeite har auka med 29 prosent til 1,56 millionar dekar. Frå 1999 til 2011 er talet på jordbruksbedrifter redusert med 36 prosent. Totalt var det 45 500 aktive jordbruksbedrifter i 2011.

Omdisponering av dyrka jord

Frå 2002 til 2011 er omdisponert areal av dyrka jord blitt halvert, til 6 600 dekar i 2011.

Økologisk jordbruk

Det økologisk godkjente jordbruksarealet aukar for kvart år og omfatta 504 000 dekar i 2011. Dette utgjer 5,1 prosent av alt jordbruksareal i drift. Talet på økologiske jordbruksbedrifter var 2 700, det vil seie 6 prosent av alle jordbruksbedrifter.

Gjødsel

Sum verdistoff i handelsgjødsel var i 2010/2011 om lag på nivå med slutten av 1960-talet medan omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel var på nivå med slutten av 1970-talet. Omsetnaden av fosfor i handelsgjødsel har sidan rundt 1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.

Plantevern

Risikoindikatorane som Mattilsynet har utvikla, viser at helserisikoen gjekk ned med 18 prosentpoeng og miljørisikoen 7 prosentpoeng frå 2005 til 2008. Berekningane baserer seg på tal frå utvalsteljingane om bruken av plantevernmiddel.

Tilførsle av næringsstoff til vassdrag og hav

EU sitt rammedirektiv for vatn har som mål at alle ferskvassførekomstar i Noreg skal ha ein god økologisk tilstand innan 2021. Ei risikovurdering syner at 54 prosent av vassførekomstane er venta å nå målet innan 2021.

Utslepp til luft frå jordbruket

Tal for 2011 viser at jordbruket står for 70 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg. Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste 15 åra utgjort om lag 90 prosent av dei totale utsleppa i landet.

Om publikasjonen

Tittel

Jordbruk og miljø. Tilstand og utvikling 2012

Ansvarlege

Anne Snellingen Bye, Per Amund Aarstad, Anne Ingun Løvberget, Henning Høie

Serie og -nummer

Rapporter 2012/39

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Emne

Jordbruk, Forurensning og klima

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8550-9

ISBN (trykt)

978-82-537-8549-3

ISSN

1892-7513

Tal sider

130

Målform

Bokmål

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.