Rapporten Jordbruk og miljø 2015

8 prosent av klimagassutsleppa frå jordbruket

Publisert:

Utsleppa av metan og lystgass frå jordbruket utgjorde litt over 8 prosent av klimagssutsleppa i Noreg i 2014. Om ein dessutan tek med forbruk av energivarer, stod jordbruket for 9 prosent av klimagassutsleppa. I 2013 kom 29 prosent av nitrogentilførslane til norskekysten frå jordbruket.

Dette går fram av rapporten «Jordbruk og miljø. Tilstand og utvikling 2015».

Forholdet mellom jordbruk og miljø er særdeles mangfaldig. For det første påverkar jordbruket alle delar av naturmiljøet, det vil seie jord, luft, vatn, flora og fauna. Desse verknadene vil vere av både negativ og positiv valør. Samstundes er jordbruket, slik det vert utøvd, heilt avhengig av intakte naturmiljø og ein berekraftig bruk av naturressursane. Utviklinga over tid i utsleppa frå jordbruket til lufta og vatnet er i stor grad knytt opp mot utviklinga i talet på husdyr og storleiken på arealet med open åker. Like viktig er den praksisen for lagring og spreiing av gjødsel og den jordarbeidinga som den enkelte bonden nyttar i arbeidet på garden.

Husdyra sentrale for utsleppa til luft

Dei norske klimagassutsleppa i 2014 var totalt 53,2 tonn CO2-ekvivalentar. Av dette stamma 8 prosent frå aktivitet i jordbruket i form av lystgass og metan. Om ein tek med CO2-utsleppa frå energibruken i jordbruket, blir delen om lag 9 prosent. Om lag to tredelar av dei totale lystgassutsleppa i Noreg og noko under halvparten av metanutsleppa kom frå jordbruket. Metanutsleppa frå fordøyelsen hos husdyra omfatta om lag 42 prosent av klimagassutsleppa frå jordbruket. Utslepp frå energibruk er då rekna med i totalen for jordbruket. Metan- og lystgassutsleppa frå lagring og bruk av husdyrgjødsel og mineralgjødsel førte på si side til om lag 28 prosent av utsleppa. Andre lystgassutslepp kjem frå dyrking av myr, avrenning av gjødsel og nedfall av ammoniakk. Utanom klimagassane er husdyrgjødsla den største kjelda til norske ammoniakkutslepp (NH3). Om lag 92 prosent av ammoniakkutsleppa i 2014 kom frå jordbruket.

Figur 1

Utslepp av klimagassar1 frå jordbruket, etter fylke. 2013

Gjødseldyreiningar er eit felles storleiksmål for alle typar husdyr: Ei gjødseldyreining svarar til gjødselmengda frå ei mjølkeku i løpet av eitt år. Rogaland er fylket med flest storfe, sauer, grisar og høns. Dette store husdyrfylket stod dermed bak heile 20 prosent av gjødseldyreiningane i Noreg, medan fylka Finnmark, Telemark og Aust-Agder kvar hadde mindre enn 2 prosent av det samla husdyrhaldet.

Husdyrslaga påverkar klimagassutsleppa ulikt: Store delar av klimagassutsleppa kjem frå grovfôretande dyr som storfe og sau i form av metan danna under fordøyelsen. Det er store fylkesvise forskjellar når det gjeld utsleppa til luft: Utsleppa til luft frå Rogalands-husdyra utgjorde 17 prosent av metanutsleppa og 15 prosent av lystgassutsleppa frå jordbruket i Noreg. Husdyrgjødsel og mineralgjødsel er dei store kjeldene til lystgassutsleppa frå jordbruket. I fylke som Akershus, som har lite husdyr, men mykje open åker og bruk av mineralgjødsel, utgjorde metanutslepp 2 prosent og utslepp av lystgass 4 prosent av utsleppa frå jordbruket.

Figur 2

Talet på gjødseldyreiningar (Gde) i snitt per bedrift med husdyr og gjødseldyreiningar i alt. Fylke. 2014*

Endra jordbrukspraksis har redusert avrenninga til vatn

Over tid har mellom anna følgjande faktorar vore med på å redusere mengdene av nitrogen, fosfor og jordpartiklar som kjem ut i vassdraga:

  • endringar i jordarbeiding
  • krav om gjødselplan
  • reglar for lagring og spreiing av husdyrgjødsel
  • krav til urørte randsonar mot vassdrag

Resultata ser ein spesielt i prioriterte kystområde som strekninga frå svenskegrensa til Lindesnes, der algeoppblomstringa i Skagerak mot slutten av 1980-talet førte til nasjonale forpliktingar gjennom Nordsjøavtalane.

I 2013 utgjorde dei samla menneskeskapte tilførslane til norske kystområde i alt 101 960 tonn nitrogen og 11 380 tonn fosfor. Av dette var 29 430 tonn nitrogen og 800 tonn fosfor frå jordbruket, det vil seie 29 prosent av dei totale nitrogentilførslane og 7 prosent av fosfortilførslane.

Figur 3

Vassregionar i Noreg

Noreg inndelt i vassregionar og vassområde

Rammedirektivet for vatn frå EU har fastsett miljømål for å sikre heilskapleg vern og berekraftig bruk av vassførekomstar. Direktivet blei ein del av EØS-avtalen i 2008 og er teke inn i norsk rettspraksis gjennom ei eiga forskrift om vassforvaltning. Her blir landet delt inn i 16 vassregionar. 11 av desse har avrenning til norskekysten, medan 5 har avrenning til Sverige eller Finland. Vassregionane blir deretter delte inn i ulike vassområde.

Figur 4

Tilførsel av nitrogen, etter kjelde og vassregionar med avrenning til kyst. 2013

Meir enn halvparten av nitrogentilførslane frå to vassregionar

Det er stor forskjell på jordbruksaktiviteten i dei ulike vassregionane og vassområda. Medan vassregion Glomma i 2014 omfatta i alt 10 800 aktive gardsbruk med i underkant av 3,2 millionar dekar jordbruksareal i drift, var tala for vassregion Finnmark om lag 330 gardsbruk med 94 000 dekar jordbruksareal i drift.

Figur 5

Areal av eng og beite, og open åker. Vassregionar

Dei tre største vassregionane målt etter storleiken på jordbruksareal i drift, Glomma, Vest-Viken og Trøndelag, omfatta om lag 62 prosent av alt jordbruksareal i drift i Noreg og heile 95 prosent av alt areal med open åker. Mesteparten av produksjonen av korn og potet går føre seg i desse tre vassregionane. Open åker er areal med relativt stor risiko for avrenning av næringsstoff og erosjon. Tala for tilførslane av nitrogen til kysten i 2013 viste at 50 prosent av desse tilførslane frå jordbruket kom frå vassregionane Glomma og Trøndelag. Dei tre vassregionane med flest gjødseldyreiningar, Glomma, Rogaland og Trøndelag, hadde til saman 60 prosent av husdyrhaldet i landet.

Figur 6

Gjødseldyreiningar (GDE) i alt, etter vassområder

Delen av jordbruksareal i drift som ikkje er fulldyrka, varierer òg mykje mellom vassregionane. I 2014 var det i underkant av 1,8 millionar dekar av det totale jordbruksarealet i drift som var overflatedyrka eller innmarksbeite. Desse markslaga omfatta om lag 7 prosent av jordbruksarealet i drift i vassregion Glomma, medan tilsvarande tal for vassregionane Rogaland og Hordaland var høvesvis 46 og 51 prosent. Overflatedyrka jord og innmarksbeite blir nytta til grasproduksjon og beite samt til spreieareal for husdyrgjødsel. Dette er areal som i utgangspunktet har liten risiko for utslepp av næringsstoff til vassdraga sidan desse areala har permanent plantedekke. Men i område med mykje husdyr og lite spreieareal for husdyrgjødsla kan slike areal bli tilførte mykje husdyrgjødsel.

Figur 7

Areal med open åker. Vassområder

Vassregionane er delte inn i meir enn 100 vassområde. Som for vassregionane er det òg store variasjonar knytte til arealstorleik og husdyrhald i vassområda. Vassområdet Mjøsa i vassregion Glomma er det største med 1,04 millionar dekar jordbruksareal i drift og med i alt 4 200 gardsbruk. Dei tre vassområda Mjøsa, Jæren og Inn-Trøndelag hadde til saman 30 prosent av alle gjødseldyreiningane i 2014. Heile 65 prosent av jordbruksarealet i drift på gardsbruka i vassområdet Dalane i Rogaland bestod av overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Kva for datakjelder er nytta i denne artikkelen?

Datakjelder

Statistisk sentralbyrå: Utsleppsstatistikk og Jordbruksstatistikk

Miljødirektoratet/NIVA (2015): TEOTIL. Kildefordelte tilførsler av nitrogen og fosfor til norske kystområder i 2013 – tabeller og figurer. Notat. M-281/2014.

Kontakt