Portrett

"Vi må lytte til tala si tale"

Publisert:

Petter Jakob Bjerve var administrerande direktør for Statistisk sentralbyrå i 30 år, og var ein av arkitektane bak Noregs nasjonalrekneskap.

Petter Jakob Bjerve har nærast skrive seg inn i noregshistoria med statistikk. Han var administrerande direktør for Statistisk sentralbyrå i 30 år, gjekk av i 1980, men hadde kontorplass i byrået enno i 20 år. Mannen skaffa SSB ei forskingsavdeling, og nasjonalrekneskap av høgaste kvalitet hadde Noreg neppe hatt utan Petter Jakob Bjerve, men eigentleg kunne han vorte møllar.

Bjerve er kort og godt ei legende i historia om norsk sosialøkonomi og i historia til Statistisk sentralbyrå. Slik blir han skildra same kven vi spør. Han forma SSB til det det har vorte i dag. Han fekk Statistisk sentralbyrå til å utvikle seg fra eit nokså lite og ustrukturert statistisk byrå til ein sterk og tonegjevande samfunnsinstitusjon.

Trønderen Petter Jakob Bjerve var dessutan finansminister frå 1960 til 1963 for Arbeidarpartiet, og han har hatt eit omfattande og breitt internasjonalt virke. Mannen har sett tydelege fotefar etter seg, men er ikkje høgrøysta av den grunn. Tvert imot.

Frå nei til ja

Kort tid etter skipinga av ny regjering i november 1945 vart sosialøkonomen Petter Jakob Bjerve kalla på av nyutnemnd finansminister Erik Brofoss. Brofoss føreslo at Bjerve skulle bli byråsjef i Finansdepartementet med hovudansvar for nasjonalbudsjettet. Bjerve vart i departementet til sommaren 1947 og hadde da hatt ansvaret for dei to første budsjetta. Kort tid etter reiste han til USA for vidare studium. Eit år seinare kalla Brofoss igjen på Bjerve, denne gongen for at han skulle overta direktørstillinga i Statistisk sentralbyrå.

Da Bjerve fekk tilbodet om direktørstillinga, sette han alle kort inn på at det skulle opprettast ei forskingsavdeling, og ville ikkje takke ja til stillinga før han fikk gjennomslag for dette. Bjerve køyrde eit hardt og strategisk løp mot Brofoss og takka nei til stillinga heile tre gonger før han fekk viljen sin og kunne setje seg i direktørstolen med kommentaren:

- Dersom eg skulle ta på meg jobben som sjef for Byrået, måtte det vere for å byggje ut Byrået som ein analyse- og forskingsinstitusjon...

Analysar må til

Med opprettinga av Forskingsavdelinga i 1950 ekspanderte forskingsarbeidet sterkt når det gjaldt oppgåver, ansvar og personale. Utanom universiteta er avdelinga i dag den største økonomiske forskingsinstitusjonen i landet. Statistisk sentralbyrå er eit av få statistikkbyrå i verda som har ei eiga omfattande forskingsverksemd.

- Kvifor var du så oppteken av at det skulle etablerast ei forskingsavdeling i byrået?


- Tala seier lite åleine. Det må analysar til for å få dei til å tale, seie noko fornuftig om samfunnet omkring oss. Og tala skal aldri styre oss. Dei skal vere eit hjelpemiddel for politikarar og andre som skal ta avgjerder. Difor var eg stivnakka nok til å forlange at det skulle opprettast ei forskingsavdeling i byrået før eg tok på meg oppgåva som administrerande direktør. Brofoss likte det ikkje, men det gjorde Einar Gerhardsen og resten av regjeringa den gongen... Skal det vere litt meir te? Seier Petter Jakob Bjerve og lenar seg framover i godstolen heime i Gladvoll terasse i Oslo.

Nummer 13

Petter Jakob vart født 1913 i Stjørdal som den 13. ungen i ein barneflokk på 13. Bjerve-namnet stammar opphavleg frå Hobøl, men i 1860 var farfar til Petter Jakob på songarstemne i Trondheim og dessutan på jakt etter eit passande gardsbruk. Det fann han i Nord-Trøndelag, på Gråbrek. Eigedomen hadde to fossar, som farfaren meinte lova bra. Garden med fossane vart kjøpt, og det vart bygd møller for korn, bein- og fiskemjøl. Sonen tok over, og han sette i sin tur ungguten Petter J. i sving.

- Eg arbeidde omtrent eitt år i mølla, fortel Bjerve og minnest lydar og lukter frå industriverksemda heime på bruket, men det var ikkje møllar han var esla til. Først tok unge Bjerve artium ved Orkdal landsgymnas i 1934. Her møtte han for første gong Odd Aukrust, også kjend som "bror min" i bøkene til humoristen Kjell.

- Den gongen var vi ueinige om det meste, Odd og eg. Debattane oss imellom kunne bli ganske friske. Seinare fann vi tonen betre, og Aukrust var i fleire tiår ein framifrå og særdeles dyktig forskingsdirektør i SSB.

Over havet

Etter artium og påbegynte økonomistudium drog Bjerve til eit års studieopphald ved American University i Washington DC i 1938-39.

- Før krigen var det ikkje så vanleg å reise til USA for å studere. Korleis hamna du der?

- Tja, eg snubla over ein annonse i avisa Nidaros, der det vart lyst ut eit stipend for ein som ville reise ut for å studere. Dermed kunne eg pakke snippsekken og dra av garde.

Vel heime i Noreg igjen vart Bjerve forskingsassistent ved Sosialøkonomisk institutt, der han var knytt til strukturoversikta. Han arbeidde nært saman med Ragnar Frisch for å stille opp ein nasjonalrekneskap. I 1941 vart han cand.oecon., heldt fram som assistent på instituttet og tok sikte på ein akademisk karriere.

Alt frå hausten 1941 underviste han og gav grunnkurs året etter. Seinare, i 1942, gifta han seg med daverande sosialøkonomistudent Rannveig Ørbech Bremer. Hausten 1943 underviste Bjerve igjen i grunnkurs inntil universitetet vart stengt.

- Men kva fann du på da Universitetet i Oslo stengde?

- Arbeid måtte eg jo ha. Så eg stakk ned til direktør Gunnar Jahn i SSB for å høyre om han kunne finne nokon oppgåver til meg. Og det fann han.

Byrået

Bjerve begynte som sekretær i Statistisk sentralbyrå i 1944. Han arbeidde under byråsjef Antoni Skøien med nasjonalinntektsberekningane som Jahn hadde sett i gang under krigen. Arbeidet resulterte i publikasjonen "Nasjonalinntekten i Norge 1935 til 1943". Berekningane vart utførte av fleire unge Frisch-elevar. Bjerve arbeidde med teoridelane og førte dette stoffet i pennen.

Under krigen arbeidde Bjerve og Aukrust dessutan med boka "Hva krigen kostet Norge". Undertittelen var nærast som ein parole. "Utviklingen under krigen, problemene i dag, politikken i framtida". Omslaget viser ein klar og tydeleg pengeøkosirk og signaliserer at lesaren også vil få svar på spørsmåla.

- Tankegangen vår var ganske klar. Poenget var først å stille opp dei politiske måla og dernest freiste å finne dei beste midla for å nå dei. Og måla for den økonomiske politikken var klinkande klare: full sysselsetjing og best mogleg utnytting av produksjonsmidla i landet, seier Bjerve ganske enkelt.

- Økonomisk og statistisk kunnskap er særdeles viktig i denne samanhengen, meiner du?


- Økonomisk og statistisk kunnskap, utvikling av makro- og mikroøkonomiske verktøy må vi ha for å kunne styre eit moderne samfunn. Og verktøyet må vi stadig utvikle dersom vi skal kunne byggje og halde ved like eit samfunn som er best for menneska. Difor må arbeidet og forskinga omkring slike spørsmål halde fram i SSB og elles.

Det siste notatet

Den tidlegare direktøren i Statistisk sentralbyrå hevdar at han nettopp har avslutta det siste notatet sitt. Han har etter eiga utsegn lagt pennen ned og det er ryddig på heimekontoret hans.

- Kva handlar den siste teksta di om?

- Det er ganske enkelt ei samla oversikt over titlane på alt eg har skrive gjennom åra og publisert på forskjellig vis, seier han, forsvinn inn på kontoret ein augneblink og vender tilbake med eit stifta hefte med tittelen "Arkiv for framstillingar av Petter Jakob Bjerve". Tjukkleiken på notatet vitnar om eit imponerande arbeid gjennom eit langt liv. Oversikta åleine fyller 32 heile sider. Dei er fylte til randa av oversikt over tekst, teori og tankegods som har medverka til å forme både økonomisk og statistisk forsking, men også prega Noreg og styringa av landet.

- Du har ikkje akkurat lege på latsida gjennom åra, Bjerve?

- Det har aldri mangla spennande problemstillingar å arbeide med i Byrået, svarer han.

Fortid og framtid

- Kva bruker du tida til no?

- Når eg ikkje spelar bridge med kona, barna og barnebarna, les eg historie.

Som med det meste anna er Bjerve systematikar her òg. Han har kjapt pløgd gjennom 23 bind verdshistorie. Nett no les Bjerve bind 11 i historia om Noreg.

- Kvifor denne brennande interessa for historia, du som sjølv har skapt historie?

- Utan grundig kjennskap til fortida er det vanskeleg å forme dagen i dag. Og utan fortid blir gjerne kursen mot framtida temmeleg vinglete. Difor bør vi lære av kunnskapen, tala, orda og skape ny lærdom for å forme eit godt samfunn å leve i. Vi må lytte for å lære, seier Petter Jacob Bjerve.

Kontakt