343403
/kultur-og-fritid/statistikker/kultur_kostra/aar
343403
statistikk
2018-06-28T08:00:00.000Z
Kultur og fritid;Offentlig sektor
no
kultur_kostra, Kulturtilbod, bibliotek, idrett, musikkskoler, kino, kunst, museum, driftsutgifterKultur, KOSTRA, Offentlig sektor, Kultur og fritid
true

Kulturtilbod

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltall

2 297

kroner per innbyggjar til kultur

Kulturtilbod i kommunar og fylkeskommunar
201520162017
Kommunanes netto driftsutgifter til kultursektoren av kommunanes totale netto driftsutgifter (prosent)3,83,94,0
Kommunanes netto driftsutgifter til kultursektoren per innbyggjar (kr)2 0362 1482 297
 
Fylkeskommunanes netto driftsutgifter til kultursektoren av fylkeskommunanes totale netto driftsutgifter (prosent)1,61,51,5
Fylkeskommunanes netto driftsutgifter til kultursektoren per innbyggjar (kr)288282274

Om statistikken

Statistikken baserer seg på KOSTRA-tal og viser kor mykje pengar fylkeskommunar og kommunar brukar til kulturføremål.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Ikkje relevant.

Standard klassifikasjonar

Kommunane er gruppert i 16 grupper, etter folkemengda og dei økonomiske rammevilkåra. Grupperinga er basert på Langørgen, A., S.A. Løkken og R. Aaberge (2015): "Gruppering av kommuner etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser 2013" (Rapporter 2015/19, Statistisk sentralbyrå). I berekninga av gjennomsnittet for fylket er kommunane delt inn i 19 fylker etter gjeldande standard for kommuneklassifisering (to første siffer), sjå Regional statistikk.

Fylkeskommunane er inndelt i fem regionale grupper.

Sjå rettleiing til brukar av KOSTRA om kommuneinndeling.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Kulturtilbod
Emne: Kultur og fritid

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Regionalt nivå

Kommunar - Data vert publisert for alle kommunar, med gjennomsnittstal for kommunegrupper, fylker, landet med Oslo og landet utan Oslo.

Fylkeskommunar - Data vert publisert for alle fylkeskommunar, med gjennomsnittstal for regioner og landet med Oslo og landet utan Oslo.

Bydelar i Oslo - Data vert publisert for alle bydelar og med gjennomsnittstal for alle bydelar.

Kor ofte og aktualitet

Koordinert med KOSTRA-publiseringa.

Hyppigheit: Årleg

Ureviderte (førebelse) tal: ca. 15. mars

Reviderte (endelege) tal: ca. 15. juni

Dagens statistikk-artiklar med tabellar og figurer samt eventuelle analysar og spesialtabellar: annonserast spesielt

Aktualitet: Tal for dei føregåande åra på datoar nemnd ovanfor

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant.

Bakgrunn

Føremål og historie

KOSTRA er eit nasjonalt informasjonssystem som gjev styringsinformasjon om fylkeskommunal og kommunal verksemd. Informasjon om kommunale tenester og bruken av ressurser på ulike tenesteområde vert registrert og samanstilt for å gje relevant informasjon til avgjerdstakarar og andre, både nasjonalt og lokalt.

KOSTRA blei starta som eit prosjekt i 1995. Talet på kommunar og fylkeskommunar blei skrittvis auka fram til rapporteringsåret 2001, som var det første året der alle var med i KOSTRA. Føremålet med KOSTRA er å samordne og effektivisere all rapportering frå kommunane til staten, samt å sørgje for relevant styringsinformasjon om kommunal verksemd. KOSTRA baserast på elektronisk innrapportering frå kommunane til SSB, samt på data frå ein rekke andre kjelder i og utanfor SSB. KOSTRA-publiseringa baserast i stor grad på kopling av data frå ulike kjelder, som f.eks. regnskapsdata, teneste- og personelldata og befolkningsdata. I løpet av prosjektperioden er mange gamle statistikkområder endra, og nye område er kommen til. Kulturtilbod i kommunane er eit av de områda som gjekk inn i KOSTRA f.o.m. 1996.

I KOSTRA-samanheng innhentar og publiserer SSB tal for bibliotekstenestar, kinotilbod og kulturskular, samt barne- og ungdomstiltak og støtte til frivillige lag og foreiningar i alle kommunar.

Brukarar og bruksområde

Data om kulturtilbod vert innførd i KOSTRA for å gje stat, fylkeskommunar og kommunar betre styringsgrunnlag, og for å gje kommunane betre moglegheit til å gjere eigne analysar og samanlikningar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukare har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er et av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant.

Lovheimel

Barne- og ungdomstiltak og tilskot til frivillige lag og foreiningar (KOSTRA, skjema 17): Lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 07 §49, jf. forskrift av 15. desember 2000 §1, ff §8, 2. ledd, samt Statistikkloven (lov av 16.juni 1989 nr 54) § 2-2

EØS-referanse

Ikkje relevant.

Produksjon

Omfang

Alle kommunar leverer data, eit skjema per kommune. Oslo leverer eit skjema per bydel, i tillegg leverast eit skjema over kulturtilbod som ikkje fell inn under bydelane.

Datakjelder og utval

Det vert henta inn data for følgjande rekneskapsfunksjonar på kultur:

Fylkeskommunar
740 Bibliotek
760 Museum
771 Kunstformidling
722 Kunstproduksjon
775 Idrett
790 Andre kulturaktivitetar

Kommunar
231 Aktivitetstilbod til barn og unge
370 Bibliotek
373 Kino
375 Museum
377 Kunstformidling
380 Idrett
381 Kommunale idrettsbygg og idrettsanlegg (ny i 2008)
383 Kommunale musikk- og kulturskoler
385 Andre kulturaktiviteter og tilskot til andres kulturbygg
386 Kommunale kulturbygg (ny i 2008)

Populasjonen er alle kommunar, fylkeskommunar, særverksemder som fører eigne rekneskap, som kommunale og fylkeskommunale føretak (KF/FKF), interkommunale selskap (IKS) og interkommunale samarbeider (kommunelovens § 27) og baserast på totalteljing.

Tenestedata for funksjon 231, 380 og 385 vert henta inn ved hjelp av skjema 17 Barne- og ungdomstiltak og tilskot til frivillige lag og foreiningar. Som regel er kulturetaten, eller kulturkonsulenten i kommunen ansvarleg for innleveringa av data. Eksterne data for funksjon 370 Bibliotek er frå Nasjonalbiblioteket, funksjon 373 Kino frå Film & Kino og funksjon 383 Kulturskoler frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI).

 

Datainnsamling, editering og beregninger

Innhentinga av opplysningar finn stad ein gong i året via KOSTRA. Kommunane og fylkeskommunane registrerer opplysningane og sender dei til SSB elektronisk. Frist for rapporteringa er 15. februar.

Data vert kontrollert før innsending ved hjelp av kontrollar i elektroniske skjema og kontrollprogram for filuttrekk. Data vert også kontrollert ved mottak. For rekneskapen kjørast ein rekke konsistenskontrollar, for dei andre data eit mindre sett av kontrollar. Rekneskapen blir dessutan kontrollert for komma- og forteiknfeil før publiseringa 15. mars. Kommunane har frist 15. april for å sende oppretta data etter publiseringa 15. mars. Editering skjer også i regi av SSB, i samråd med kommunane.

Kommune
Fylke

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Ikkje relevant.

Samanlikningar over tid og stad

KOSTRA-publiseringa omfattar tal for nokon område innanfor kultur f.o.m. 1999, eller frå det tidspunktet kommunen kom med i KOSTRA. Ein del endringar i statistikkopplegget førte med seg ein del brot i tidsseriar. Manglande tal for bibliotekstenester i 2000 er et eksempel. Opplysningar om barne- og ungdomstiltak og tilskot til frivillige lag og foreiningar er med i statistikken f.o.m. 2001.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Ved publiseringa 15. mars er data berre kontrollert ved elektroniske kontrollar. Desse kontrollane fangar ikkje opp alle typar feil. Det finnast partielt fråfall. Dette gir seg utslag i feil i de publiserte tala dersom rapporteringa for ein kommune er ufullstendig. Det finst også andre typar feil i kommunanes innrapportering.

Ved publiseringa 15. juni er tala kontrollert både av kommunane sjølve og av SSB.

Statistikken skal bygge på fullteljingar. Partielt fråfall kan førekomme i varierande grad for de ulike delane av statistikken. Dessutan leverar ikkje alle kommunane tal i tide til å bli med på KOSTRA-publiseringa 15. juni.

Revisjon

Skjema 17 Barne- og ungdomstiltak og tilskot til frivillige lag og foreiningar nyttar ISEE/Dynarev som editeringssystem. Dette har vore brukt i fleire år. Kontroller mot data frå tidligare år gjer editeringa enklare og sikrare. Sidan skjema 17 ikkje er så omfattande, er det er ikkje behov for så mange logiske kontrollar i utfyllinga av skjemaet. Beløpsfelta skal vere i heile 1000 kroner. Framleis blir 1000-feil fanga opp, men dette har blitt betre dei siste åra. Det er òg nokon feil i feltet for opningstider.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB