84299_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/arkiv
84299
20 millionar bøker og periodika
statistikk
2012-07-03T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

20 millionar bøker og periodika

I 2011 hadde fag- og forskingsbiblioteka 20 millionar bøker og periodika. Det er 1 prosent meir enn året før. Talet på utlån var på 4,7 millionar, om lag det same som i 2010.

Størst auke i talet på bøker og periodika blant fag- og forskingsbiblioteka hadde andre private spesialbibliotek, Universitetsbiblioteka og Nasjonalbiblioteket med ein auke på høvesvis 4 prosent, 3 prosent og 2 prosent frå året før. Dei andre bibliotektypane hadde ein nedgang i talet på bøker og periodika. Nedgangen var størst blant biblioteka ved helseinstitusjonane og biblioteka ved høgskolane, med ein nedgang på 6 prosent frå året før. Universitetsbiblioteka hadde klart størst bestand av bøker og periodika, med 48 prosent av den totale bestanden.

Fag- og forskingsbibliotek. Bøker og periodika. 2009-2011

Like mange utlån som året før

Fag- og forskingsbiblioteka hadde nær 4,7 millionar utlån i 2011. Det er om lag det same som året før. Sidan 2006 har utlåna auka med nesten ein halv million, tilsvarande 11 prosent. Andre offentlege spesialbibliotek hadde størst auke med 9 prosent frå 2010 til 2011, medan andre private spesialbibliotek hadde størst nedgang i talet på lån, med 17 prosent nedgang frå 2010 til 2011.

64 prosent bibliotekfaglege årsverk

I 2011 blei det utført 1 600 årsverk fordelt på 1 900 tilsette ved dei 314 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. 64 prosent av årsverka var i bibliotekfaglege stillingar. Dette er 2 prosentpoeng lågare enn i 2010, og 8 prosentpoeng lågare enn i 2006. Størst del bibliotekfaglege stillingar finn ein i biblioteka ved helseinstitusjonane, som hadde 93 prosent av dei tilsette i bibliotekfaglege stillingar.

Dei samla utgiftene for fag- og forskingsbiblioteka var i 2011 1,6 milliardar kroner. Ein fjerdedel av utgiftene gjekk til innkjøp av materiale til samlingane, det er den same delen som i 2010. Ikkje alle biblioteka fører kostnader til løn i rekneskapane sine, i nokre tilfelle blir løn dekt av eigarinstitusjonen.

Tabeller: