Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
Oppdatert: 1. september 2022
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett
Sjå alle tal frå denne statistikken
- 06326: Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som søker om offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn
- 08531: Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som søker om offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn (F)
- 06339: Medlemmer i kristne trussamfunn som søker om offentleg stønad og som er utanfor Den norske kyrkja, etter trussamfunn
Om statistikken
Statistikken synleggjer talet på medlemmer i dei trussamfunna og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja (Dnk) som søker om statsstøtte. Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk byggjer på oppgåver frå statsforvaltarane over dei samfunna som har søkt om statstilskot.
Statistikken omfattar trus- og livssynssamfunn ved lov av 24. april 2020 nr. 31 om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), samt forskrift av 18. desember 2020 om registrering av og tilskudd til tros- og livssynssamfunn (trussamfunnsforskrifta). Data blir henta med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikklova) § 10.
Tidlegare gjaldt følgjande lovar:
Trussamfunn: Godkjent trussamfunn etter lov om trudomssamfunn og ymist anna, lov-1969-06-13.
Livssynssamfunn: Godkjent livssynssamfunn etter lov om tilskot til livssynssamfunn, lov-1981-06-12.
Klassifiseringa for denne statistikken er grunna i søknadsskjema som samfunna sender til statsforvaltarane. SSB har stått for kategoriseringa av samfunna på organisasjonsnivå, dels grunna på nytt søknadsskjema, dels på gamalt søknadsskjema frå samfunna til statsforvaltarane (gamalt skjema før 2005). Numeriske kodar er laga som hjelpemiddel for køyring av tabellprogram.
Namn: Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
Emne: Kultur og fritid
Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk
Tala vert publiserte på landsnivå.
Statistikken over medlemmer i trus- og livssynssamfunn vert publisert årleg, med unntak av 2005
Ikkje relevant
All trus- og livssynsstatistikk i SSB er lagra på ein forsvarleg og standardisert måte i samråd med mellom anna Datatilsynet
Hovudføremålet med denne statistikken er å synleggjere talet på medlemmer i dei trussamfunna og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja (Dnk) som søker om statsstøtte. Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk byggjer på oppgåver frå statsforvaltarane til Brønnøysundregistra over dei samfunna som har søkt om statstilskot. Statistikken har vore publisert i SSB sidan 1972. Før 1972 vart opplysningar knytt til religion innhenta via folketeljingsskjema.
Kulturdepartementet, Barne- og Familiedepartementet, andre offentlege etatar, forskingsinstitusjonar, trus- og livssynssamfunn, media, studentar og andre interesserte.
Ingen eksterne brukere har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter forhåndsvarsling senest tre måneder før i Statistikkalenderen. Dette er et av de viktigste prinsippene i SSB for å sikre likebehandling av brukerne.
Denne statistikken kan sjåast i samanheng med statistikk for Den norske kyrkja.
Statistikken omfattar trus- og livssynssamfunn ved lov av 24. april 2020 nr. 31 om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), samt forskrift av 18. desember 2020 om registrering av og tilskudd til tros- og livssynssamfunn (trussamfunnsforskrifta). Data blir henta med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikklova) § 10.
Ikkje relevant
Alle trus- og livssynssamfunn som er godkjende hjå statsforvaltaren og som søker om statstilskot for rapportert tal på medlemmer i samfunnet. Eininga i statistikken er det enkelte samfunn. Einskilde samfunn vel å ikkje søke om statstilskot sjølv om dei er registrerte og godkjende hjå statsforvaltaren. Døme på slike samfunn som ikkje søker om offentleg tilskot er Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagers Hellige. Registrerte og uregistrerte trus- og livssynssamfunn som ikkje har søkt om statstilskot det enkelte år, er ikkje med i statistikken. Statistikken inneheld ikkje opplysningar om talet på menigheiter.
Datakjelde for statistikken er elektroniske data frå Brønnøysundregistra. T.o.m. 2004 mottok SSB kopi av søknadsskjema med oppgåve over talet på medlemmer direkte frå statsforvaltarane. Frå 2005 vart medlemslistene til trus- og livssynssamfunn som søkte statstilskot via statsforvaltarane sende til Brønnøysundregistra (BR) for kontroll. Etter at kontrollane i BR er utførd, mottar SSB elektronisk datafil frå BR. Statistikken omfattar alle samfunn som har søkt om tilskot det enkelte år.
Datafila vert sendt elektronisk frå BR til SSB når dei har utført den naudsynte kontrollen av medlemslistene dei har fått frå statsforvaltarane.
BR har ansvaret for kontrollen etter oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. Medlemslistene vert kontrollerte internt i det enkelte samfunn og i tillegg kontrollerte for dobbeltmedlemskap mellom dei ulike trus- og livssynssamfunn og for dobbeltmedlemskap mellom Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. BR har utført dei naudsynte kontrollane av organisasjonsnummer og fødselsnummer, slik at det ikkje er dublettar. Kontrollen går i hovudsak ut på å sjekke for dobbelt medlemskap (på individnivå), mot opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, mot andre trus- og livssynssamfunn og mot medlemsregisteret til Den norske kyrkja (Dnk). Datafila som SSB mottek er ei aggregert fil og inneheld opplysningar om talet på medlemmer per organisasjonsnivå (organisasjonsnummer).
SSB kodar den mottekne fila med kodar etter eit utarbeidd kodesystem utarbeida i SSB. Statistikken over trus- og livssynssamfunn er ein summarisk statistikk, det vil seia at statistikken og tabellar berre summerer tal over medlemmer, nasjonal og fordelt på ulike religionar/livssyn. Utover oppsummering av innrapporterte tal det enkelte år, vert det ikkje gjort nokre særskilde analysar.
Ikkje relevant
Ikkje relevant.
SSB har produsert offisiell statistikk over medlemmer i trus- og livssynssamfunn sidan 1971 grunna i oppgåver som statsforvaltarane fekk inn i samband med tildeling av statstilskot. Som medlemmer vert rekna dei som har tilknyting til ei meinigheit, dvs. barn under 16 år, når desse ikkje er melde inn i Dnk. Fordelinga etter fylke var der meinigheita eller livssynssamfunnet er registrert. Dette fell ikkje alltid saman med bustadfylket til den enkelte medlemmen. Før 1970 publiserte SSB tabellar over personar fordelt etter trussamfunn grunna i folketeljingsdata.
Frå 2005 er det lagt til grunn eit nytt registreringssystem for talet på medlemmer, og datagrunnlaget for statistikken er endra i og med at SSB får dette frå BR. Ein kan såleis ikkje samanlikne statistikken med tidlegare år. Ein bør òg vere varsam med samanlikningar særskild mellom åra 2005-2006-2007 då arbeidet med å rydde opp i dobbeltmedlemskap hadde særskild fokus i desse åra. Samstundes gjer ein merksam på at nokre samfunn ikkje er med i statistikken kvart år, og nye samfunn kjem til. Ein gjer merksam på at på grunn av slike høve må ein vere varsam med direkte samanlikningar over tid og mellom kategoriar, da dette til dels kan gi store utslag i ein kategori. (Sjå òg feilkjelder under). Fordelinga etter fylke er frå 2006 gjort ut frå bukommune til medlemmene. Frå 2021 vart det ikkje lengre bustadkommune knytt til organisasjonane i filene SSB mottok, derfor er det heller ikkje fylkesinndeling lengre i statistikken. Også frå 2021 vart det innført eit minstetal medlemmer i eit samfunn for utbetaling av statstilskot på 50 medlemmer.
Statistikken for trus- og livssynssamfunn omfattar berre samfunn med medlemmer det er søkt om statstilskot for det einskilde år. Det kan til dels vere store svingingar på nokre kategoriar frå år til år. Dette kan skyldast at nokre samfunn av ulike årsaker ikkje søker det enkelte år. Det er og samfunn som aldri søker om tilskot.
SSB har sidan 2005 motteke data frå Brønnøysundregistrene (BR) med totalt tal over medlemmer per samfunn. SSB reknar kvaliteten som monaleg betra, då BR har føreteke dublettsjekk før SSB mottek data.
Ikkje relevant