Statistikk for museum og samlingar visar at talet på Besøkjande er personar som oppsøkjer museet for å sjå på og bruke museets utstillingar og formidlingstenester. For nærare forklaring på besøkjande, sjå Om statistikken. ved norske Museum er ein permanent, allmennyttig institusjon i samfunnets og samfunnsutviklingas teneste som er open for publikum. Eit museum samlar inn, konserverer, forskar og formidlar og stiller ut materielle og immaterielle kjelder til kunnskap om menneske og miljø for studieformål, utdanning og underhalding. var meir enn halvert i 2020 samanlikna med året før. Denne nedgangen bør sjås i samanheng med korona-pandemien og at musea var stengde i store delar av 2020.

63 millionar gjenstandar og objekt

Dei norske musea forvaltar til saman nær 63 millionar gjenstandar og objekt. Den største delen av gjenstandar og objekt er fotografiar. Desse 39,1 millionar fotografia utgjorde 62 prosent av alle gjenstandar og objekt ved norske museum i 2020.

Figur 1. Fordelinga av type gjenstandar og objekt i samlingane til de norske musea. 2020. Prosent

Kunsthistoriske og kulturhistoriske gjenstandar og objekt utgjer lågaste del av gjenstandar og objekt ved norske museum, med høvesvis 1 og 7 prosent.

Nokre museum har ansvaret for berre ein av desse kategoriane, men dei fleste musea forvaltar større og mindre samlingar av fleire kategoriar gjenstandar og objekt.

Fleire i faste stillingar

I 2020 blei det rapportert 4 174 lønte årsverk, derav 3 360 årsverk i faste stillingar.¹ Desse tala viser at norske museum hadde i alt 39 færre lønte årsverk, men 52 fleire årsverk i faste stillingar i 2020 enn året før. Faste stillingar utgjorde 80 prosent av lønte årsverk i 2020.

¹Figur 2 er fjernet.