Fleire fysiske utlån

Nye tal frå fag- og forskingsbiblioteka visar at det i all hovudsak var bibliotek ved høgskolar, samt spesialbibliotek og bibliotek ved helseinstitusjonar som stod for auken i Fysiske utlån er her summen av variablane, Fyrstegongs lån frå eiga samling til primærmålgruppa, Fyrstegongs lån frå eiga samling til andre enn primærmålgruppa, Fjernlån, fyrstegongs lån og Fjernlån, sendte kopiar..

Utlån frå spesialbibliotek og bibliotek ved helseinstitusjonar auka frå 170 100 i 2020 til 207 000 i 2021, ein oppgang på 22 prosent. Bibliotek ved høgskolar hadde ein oppgang på 14 prosent, eller 28 700 fysiske utlån, frå 2020 til 2021 og ende på 232 300 eksemplarar. Skilnadene i tala på utlån kan sest i samanheng med at lærestadane var stengde i delar av 2020 grunna koronapandemien, og så vart opna gradvis igjen i 2021.

Figur 1. Talet på fysiske utlån¹, etter typer fag- og forskningsbibliotek. 2019-2021

¹ Utlånstala er ein summering av fysiske førstegongsutlån til primærbrukarar og andre, inkludert førstegongs fjernlån og sendte kopiar.

Nasjonalbiblioteket skil seg ut med anna status og andre oppgåver enn dei førre fag- og forskingsbiblioteka. Også her finn vi auke i fysiske utlån, som frå 2020 til 2021 gjekk opp med 10 prosent.

Langvarig auke i utlån frå spesialbibliotek og biblioteka ved helseinstitusjonar

Spesialbibliotek og biblioteka ved helseinstitusjonar har hatt ein auke i fysiske utlån kvart år dei siste tre åra. Dette til skilnad frå dei andre fag- og forskingsbiblioteka som opplevde ein nedgang frå 2019 til 2020, men med oppgang frå 2020 til 2021 utan å kome på same nivå som før koronapandemien.