Mindre i løyvingar til musea

Publisert:

Endret:

Etter mange år med auke i inntekter og utgifter til musea har utviklinga no endra seg. Frå 2016 til 2017 minka både inntektene og løyvingane monaleg.

Etter frigiving av tala i statistikk for museum og samlinger har SSB vorte gjord oppmerksomme på ein underrapportering av offentlige løyvingar for Hordaland. Kvalitetssikring pågår i samarbeid med Kulturrådet.

I nye tal frå statistikken for museum og samlingar kjem det fram det som kan sjå ut til å vera ein nedgåande trend i inntekt til dei norske musea. I 2017 gjekk talet på inntekt og løyvingar ned med høvesvis 2 og 9 prosent, sjølv om utgiftene held fram med å auke frå 2016 til 2017, med nær 4 prosent.

Figur 1. Inntekter og utgifter til dei norske musea

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Inntekter 3227 3525 3733 3984 4003 4184 4420 4785 4913 4780
Utgifter 3161 3421 3661 3667 3949 4072 4343 4623 4779 4966
Løyvingar 2224 2515 2599 2771 2861 3034 3136 3381 3570 3246

Frå 2008 til 2014 låg både inntekter, løyvingar og utgifter på ein tilnærma jamt stigande kurve. I åra 2013 og 2014 auka musea sine inntekter, utgifter og løyvingar med høvesvis 6, 7 og 3 prosent, ein utvikling relativt representativ for auka i tidlegare år.

I 2015 gjorde summen av løyvingar til dei norske musea eit byks og auka med heile 8 prosent frå året før. Den same auken finn vi for inntektene til musea. Auken i inntekter og løyvingar held fram i 2016, men vart noko lågare. Frå 2017 var nedgangen i løyvingar tydeleg med heile 9 prosent frå året før. Samstundes var det ein nedgang i inntekter på 2 prosent. Utgiftene til dei norske musea har helde fram med ein jamn auke, sjølv om han har minka noko dei to siste åra.

Færre kulturhistoriske bygningar opne for publikum

Utan at vi veit om det er nokon samanheng kan vi og sjå at talet på kulturhistoriske bygningar som har vore opne for publikum, har gått ned – sjølv om det samla talet på kulturhistoriske bygningar i musea sine eige har helde seg stabilt. Frå 2015 til 2017 har det vore ein nedgang på heile 11 prosent i talet på opne kulturhistorisk bygningar. I 2017 var det totalt 2 519 opne bygningar, ein liten auke på 3 prosent frå 2016.

Figur 2. Tal på opne kulturhistoriske bygningar

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Kulturhistoriske bygningar 4782 4866 4974 4982 5019 4926 4915 4940 5014 4996
Opne kulturhistoriske bygningar 2918 2970 2862 2925 2877 2855 2824 2829 2443 2519

Talet på årsverk ved musea minkar sakte

Samstundes med at både inntekta har gått ned og utgiftene held fram med å vekse, samt at talet på kulturhistoriske bygningar opne for publikum og har gått ned, minkar det samla talet på årsverk ved musea. Frå toppåret i 2015 med 4 213 årsverk, var det samla talet på årsverk i 2017 på 4 143, ein nedgang på 2 prosent.

Figur 3. Årsverk ved museum og samlingar i alt

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Årsverk i alt 3842 3841 3933 3978 3973 4065 4053 4213 4151 4143