Meir til kultur

Publisert:

Norske kommunar brukte i gjennomsnitt 3,9 prosent av dei samla netto driftsutgiftene til kulturføremål i 2016. Dette utgjer ein auke på over 100 kroner per innbyggjar frå 2015.

Etter fleire år med mellom 3,7 og 3,8 prosent av totale netto driftsutgifter til kulturføremål i kommunane, syner tala for 2016 ein auke i kulturprioriteringa. Totalt gjekk 11,3 milliardar kroner i netto driftsutgifter til kulturføremål. For første gang på fleire år viser dermed KOSTRA-tala til kulturføremål auke, óg i kronebeløp per innbyggjar. Kommunane brukte 2 148 kroner per innbyggjar til kultur i 2016 mot 2 036 kroner i 2015. Sjølv om det er auke i delen til kulturføremål siste året, ser ein at før 2011 var delen godt over 4 prosent

Figur 1. Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbygger i kroner, konsern

2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbygger i kroner, konsern 1447 1554 1585 1733 1791 1859 1921 2009 2036 2148

Nedgang i fylkeskommunane

I fylkeskommunane er det derimot ein svak nedgang i pengebruken til kultur. 1,5 prosent av netto driftsutgifter i fylkeskommunane gjekk til kulturføremål i 2016, mot 1,6 prosent året før. Dette utgjer 282 kroner per innbyggjar, ein nedgang på 6 kroner siste året. Totalt gjekk i underkant av 1,5 milliardar kroner i netto driftsutgifter til kultur i fylkeskommunane.

Figur 2. Netto driftsutgifter i alt til kultursektoren per innbygger i kroner, fylkeskommunekonsern

Netto driftsugifter
2007 199
2008 203
2009 210
2010 229
2011 244
2012 249
2013 260
2014 307
2015 288
2016 282

KOSTRA konserntal

Konserntal korrigerer for transaksjonar mellom kommune, kommunalt føretak eller interkommunalt selskap, det same gjeld for fylkeskommune.

Kontakt