Kulturstatistikk 2007

Fleire museumsbesøk i 2007

Publisert:

Det var over 10 millionar besøk i dei norske musea i 2007, over 800 000 fleire enn året før. Talet på gjenstandar på norske museum auka og med 9 prosent. Dette kan du lese meir om i publikasjonen Kulturstatistikk 2007.

Nær 40 prosent av alle besøka var i Oslo, med 3,9 millionar besøk. Musea i Hordaland hadde 11 prosent av besøka, og musea i Sør-Trøndelag hadde nær 9 prosent. Godt over halvparten av museumsbesøka i 2007 er registrert som betalande besøkjande.

I 2007 var det registrert over 38 millionar ulike objekt i dei norske musea. Totalt auka talet på objekt med om lag 3,3 millionar frå 2006. Det er flest fotografi i samlingane med om lag 18 millionar.

Festivallandet Noreg

Noreg er blitt eitt festivalland. Heile året blir det arrangert ulike festivalar med sommaren som høgsesong, men det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange som blir arrangerte. 80 festivalar fekk tilskot frå Norsk kulturråd i 2007. Rundt 60 av festivalane er medlemmer i interesseorganisasjonen Norske Festivaler. Førebelse tal viser at desse festivalane til saman hadde nær 1,2 millionar festivalbesøk, eller om lag 20 000 besøk i gjennomsnitt. Over 15 000 artistar og nær 10 000 frivillige medarbeidarar var med på gjennomføringa.

Mindre på kino - men meir norsk

2007 blei eit svakt kinoår med litt under 11 millionar besøk eller 2,3 kinobesøk per innbyggjar. I 2006 var det 2,6 besøk per innbyggjar. Det har vore nedgang i kinobesøket i alle fylka unnateke Finnmark. Men sjølv om talet på kinobesøk gjekk ned i 2007, har delen besøk på norske filmar gått litt opp, til over 16 prosent.

Meir pengar til kultur

Kultur- og kyrkjedepartementet sine rekneskapstal viser at det vart løyvd 7,3 milliardar kroner til departementets ulike formål i 2007. Det er ein auke på 493,7 millionar kroner eller over 7 prosent sidan 2006. Sidan 2004 har løyvingane auka med nær 25 prosent (gjeldande kroner). Forbruksundersøkinga 2005-2007 slår fast at forbruksmønsteret er det same i dei norske hushalda, men at forbruket har auka. Utgiftene til kultur og fritid er framleis den tredje største utgifta med 44 000 kroner, som utgjer 12 prosent av hushalda sine utgifter.

Du kan lese heile rapporten her.

 

Kontakt