4 prosent til kultur i kommunane

Publisert:

Norske kommunar brukte i gjennomsnitt 4 prosent av dei samla netto driftsutgiftene til kultursektoren i 2017. Til saman utgjer dette 12,2 milliardar kroner eller 2 297 kroner per innbyggjar.

Bykle i Aust-Agder er den kommunen i Norge som prioriterer kultur høgast, noko den har gjort det siste tiåret, syner nye tal frå Kulturtilbod. I 2017 gjekk 14 prosent av kommunens samla netto driftsutgiftene til kultursektoren. Eidfjord i Hordaland ligg på ein andreplass med 11 prosent.

Med 19 150 kroner er Bykle òg kommunen som brukte mest pengar per innbyggjar på kultur. Selje kommune i Sogn og Fjordane brukte minst med 324 kroner per innbyggjar.

Figur 1. Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbyggjar i kroner, konsern

2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbygger i kroner, konsern 1447 1554 1585 1733 1791 1859 1921 2009 2036 2148 2297

I tillegg til dei kommunale tilskotta, yter òg fylkeskommunane pengar til kultursektoren. Netto driftsutgifter til kultursektoren frå fylkeskommunane var på 274 kroner per innbyggjar i året som gjekk. Dette er ein nedgang på 8 kroner per innbyggjar frå 2016 til 2017.

Figur 2. Netto driftsutgifter i alt til kultursektoren per innbyggjar i kroner, fylkeskommunekonsern

Netto driftsutgifter
2007 199
2008 203
2009 210
2010 229
2011 244
2012 249
2013 260
2014 307
2015 288
2016 282
2017 274

Kontakt