Kulturpolitiske tiltak

2 048 millionar kroner til scenekunst i fjor

Publisert:

Av dei totale statlege utgiftene gjekk 12,8 milliardar kroner til diverse kulturføremål, mest til scenekunstfeltet, som fekk 2 048 millionar kroner.

Rekneskapstala til Kulturdepartementet viser at det totalt vart løyvd 12,8 milliardar kroner til ulike føremål i 2015. I alt var det ein auke på 330 millionar kroner, eller 2,6 prosent, sidan 2014. 

Scenekunst fekk mest

Scenekunstføremål fekk 2 048 millionar kroner, om lag like mykje som tilskotet til Den norske kyrkja, som fekk 2 050 millionar kroner. Fire nasjonale institusjonar innan scenekunst, Den Norske Opera & Ballett, Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene, fekk over 1 milliard kroner til saman. Scenekunsttildelinga har samla auka med 35 prosent sidan 2010. 

Tilsvarande gjekk 9 prosent til musikkføremål i 2015, eller 1 169 millionar kroner. Av desse midla gjekk 277 millionar til dei nasjonale institusjonane: Oslo-Filharmonien fekk 150 millionar kroner, og Bergen Filharmoniske Orkester fekk 127 millionar kroner. Musikkføremål har fått auka tildelinga med 29 prosent sidan 2010. 

Figur 1

Programkategorien kulturføremål

Norsk kulturfond på 765,7 millionar kroner

Inkludert i dei ulike postane til kulturføremål, inngår Norsk kulturfond. Dette fondet vert forvalta av Norsk kulturråd. I 2015 var fondet på 765,7 millionar kroner. Kunstnarar, kunstnargrupper og kulturverksemder kan søke støtte frå dei ulike støtteordningane til Kulturrådet. På Kulturrådet sine internettsider definerast intensjonane til fondet mellom anna slik: «Norsk kulturfond skal styrke samtidens kunst- og kulturuttrykk, bevare, dokumentere og formidle kulturarv og gjøre kunst og kultur tilgjengelig for flest mulig.» (Norsk kulturråd, 2016)

Mest til musikk innan kulturfondet

I 2015 vart det avsett 257,9 millionar kroner gjennom Norsk kulturfond til musikkføremål, noko som utgjer 34 prosent av kulturfondet. Også litteraturføremål utgjer ein stor del med ein avsetnad på om lag 177 millionar kroner, noko som utgjer ein fjerdedel. Avsetnaden til kulturvern utgjer berre fire prosent av totalen, og er det minste hovudområde innanfor Kulturfondet. Den prosentvise veksten for kulturvern var likevel størst då veksten var på heile 227 prosent jamført med året før. Også feltet visuell kunst har vorte meir enn dobbelt så stort i 2015 samanlikna med året før, og utgjorde 98 millionar kroner i 2015.

Figur 2

Mest til musikk innan kulturfondet

44 prosent meir til musikkensemble

Det har vore prioritert å auke tilskotet til musikkensemble i 2015. Det vart satt av 44 prosent meir i 2015 enn året før til tilskotsordninga for musikkensemble, slik at avsetninga auka frå 28,8 millionar til 41,5 millionar kroner i 2015. 

Arrangørstøtta innanfor visuell kunst auka

Avsetninga til visuell kunst vart i 2015 auka med 8 millionar kroner til arrangørar i det visuelle kunstfeltet. Norsk kulturråd oppretta ei ny arrangørordning for kunstnardrivne visningsstadar og kunstfestivalar med mål om å styrke arrangørar utanfor dei etablerte institusjonane kor avsetninga var 15 millionar kroner. Arrangørordninga bygger vidare på den treårige prøveordninga for kunstnarstyrte visningsstadar og den tidlegare avsetninga til kunstfestivalar. 

Du kan lese meir om kulturstatistikk den 13. desember.

Referansar 

Kulturdepartementet (2015): For budsjettåret 2016 - Utgiftskapitler: 300-342 Inntektskapitler: 3300-3342 og 5568 (Prop. 1 S KUD 2015-2016). Lasta ned frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-1-s-kud-20152016/id2456056/ 

Kulturdepartementet (2014): For budsjettåret 2015 - Utgiftskapitler: 300-342 Inntektskapitler: 3300-3342 og 5568 (Prop. 1 S KUD 2014-2015). Lasta ned frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Prop-1-S-20142015/id2005438/ 

Norsk kulturråd (2016): Årsmelding 2015, Kulturrådet. Lasta ned frå http://www.kulturradet.no/vis-publikasjon/-/arsmelding-kulturradet-2015

Kontakt