20306
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/arkiv
20306
Stadig nedgang i sjølaksefisket
statistikk
2010-12-03T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2009/2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig nedgang i sjølaksefisket

I den ordinære sesongen blei det fiska i underkant av 270 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i år. Dette er 22 tonn, eller 8 prosent, mindre enn året før.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2009 og 2010. Tonn

Det har vore nedgang i fangsten dei seinare åra. Sterke reguleringar i fisket frå og med 2008 førte til rekordlåge laksefangstar i 2008 og 2009. I 2010 blei fisketidsbestemmingane stramma inn i kyst- og fjordområde i store delar av landet, og fangsten minka ytterlegare. Den største nedgangen i fangsten frå 2009 til 2010 hadde Nordland og Sogn og Fjordane, med respektive 9 og 8 tonn.

Fangsten fordelte seg med 260 tonn laks og 8 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,2 kilo i 2010, mot 4,6 kg året før. 24 prosent av laksen vog under 3 kilo, 44 prosent mellom 3 og 7 kilo, medan 32 prosent var over 7 kilo. Prosenttala for 2009 var respektive 17, 48 og 35.

Halve fangsten teken i Finnmark

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 133 tonn laks. Dette utgjorde nær 50 prosent av den totale laksefangsten. Blant kommunane hadde Alta, Namsos og Sør-Varanger dei største fangstane.

Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2008-2010. Tonn og
1 000 stk
  2008 2009 2010 2008 2009 2010
  Tonn 1 000 stk
I alt           388        291        269           83        65       66
             
Laks i alt  382  283  260 80 62 63
Under 3 kilo 65 48 62 28 21 28
Mellom 3 og 7 kilo  161  135  114 35 30 25
7 kg og over  156  100 84 17 11 9
Sjøaure og sjørøye 6 8 8 3 3 4
Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2009 og 2010. Kommuner med størst fangst. Tonn
  2009 2010
Alta                 22,7                 32,6
Namsos 22,8 29,2
Sør-Varanger 24,4 16,7
Lebesby 11,6 11,8
Trondheim 5,8 11,4
Deatnu Tana 8,9 11,0
Loppa 18,3 10,6
Nordkapp 7,3 9,8
Rissa 8,9 7,8
Namdalseid 5,1 7,2

Mindre fangst av rømt oppdrettsfisk

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar. I sesongen 2009/2010 blei det fiska 14,6 tonn, fordelt på 14,4 tonn laks og 0,2 tonn sjøaure. Dette er 7 tonn, eller 32 prosent, mindre enn førre sesong. Gjennomsnittsvekta var 3,8 kg for laks og 2,6 kg for sjøaure.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB