20284
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/arkiv
20284
Nytt botnår for laksefisket i sjøen
statistikk
2009-11-27T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nytt botnår for laksefisket i sjøen

I den ordinære sesongen blei det fiska 291 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i år. Dette er 97 tonn, eller 25 prosent, mindre enn året før.

Det har vore nedgang i fangsten dei seinare åra, og dei sterke reguleringane i fisket frå og med 2008 førde til rekordlåg laksefangst i fjor. I år har fangsten minka ytterlegare, og den største nedgangen i fangsten hadde Finnmark, Nord-Trøndelag og Rogaland, med respektive 76, 11 og 6 tonn.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2008 og 2009. Tonn

Fangsten fordelte seg med 283 tonn laks og 8 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,6 kilo i 2009, mot 4,7 kilo året før. 17 prosent av laksen vog under 3 kilo, 48 prosent mellom 3 og 7 kilo, medan 35 prosent var over 7 kilo. Prosenttala for 2008 var respektive 17, 42 og 41.

Halve fangsten teken i Finnmark

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 135 tonn laks. Trass i den store nedgangen i fisket frå året før utgjorde dette 48 prosent av den totale laksefangsten. Blant kommunane hadde Sør-Varanger, Namsos og Alta dei største fangstane.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2007-2009*. Tonn og 1 000 stk
  2007 2008 2009 2007 2008 2009
  Tonn 1 000 stk
I alt  438  388  291 94 83 65
Laks i alt  428  382  283 90 80 62
Under 3 kilo 56 65 48 25 28 21
Mellom 3 og 7 kilo  219  161  135 48 35 30
7 kg og over  153  156  100 17 17 11
Sjøaure og sjørøye 10 6 8 4 3 3
Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2008og 2009. Kommunar med størst fangst. Tonn
  2008 2009
Sør-Varanger 29,6 24,4
Namsos 32,4 22,8
Alta 48,3 22,7
Loppa 26,9 18,3
Lebesby 16,5 11,6
Rissa 9,3 8,9
Deatnu Tana 12,8 8,9
Porsanger Porsángu Porsanki 10,6 7,7
Nordkapp 15,2 7,3
Vadsø 6,8 6,2

21,5 tonn oppdrettsfisk rømt

I kystfylka frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter oppdrettsfisk som har rømt, i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar. I sesongen 2008/2009 blei det fiska 21,5 tonn, fordelt på 21,2 tonn laks og 0,3 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta var 3,7 kilo for laks og 2,6 kilo for sjøaure.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB