151084
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
151084
Auka fangst i sjølaksefisket
statistikk
2014-11-21T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Statistikken gir oversikt over fangst av laks og sjøørret tatt med kilenot og krokgarn. I den ordinære sesongen i 2014 ble det fisket 216 tonn villaks og ørret i norske fjorder.

Sjøfiske etter laks og sjøaure2013/2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka fangst i sjølaksefisket

I den ordinære sesongen i 2014 blei det fiska 216 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Dette er 11 prosent meir enn året før. Mest laks blei fiska i Finnmark.

Sjøfiske etter laks og sjøaure.
KiloProsentTal
20142013 - 20142009 - 20142014
Fangst i alt216 05711-2659 929
Laks i alt212 92711-2558 581
Under 3 kg72 8071755132 092
3-7 kg92 341-17-3221 358
7 kg og over47 779-12-525 131
Sjøaure3 13034-591 348

Fangsten fordelte seg på 213 tonn laks og 3 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 3,6 kilo i 2014, mot 4,6 kilo året før. 34 prosent av laksen vog under 3 kilo, 43 prosent vog mellom 3 og 7 kilo, medan 22 prosent var storlaks over 7 kilo. Prosenttala for 2013-sesongen var respektive 14, 58 og 28.

Auka fangst i Finnmark

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska 120 tonn laks i fjordane. Dette er 22 prosent meir enn året før, og fangsten utgjorde 56 prosent av den totale laksefangsten i sjøen i Noreg. Ser vi på kommunane, hadde Namsos, Sør-Varanger og Alta dei største fangstane.

Av fylka med reduksjon i fangstane i 2014 hadde Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag størst nedgang.

Mindre rømt oppdrettsfisk fanga

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar. I sesongen 2013/14 blei det fiska snautt 5 tonn, som er 33 prosent mindre enn sesongen før. Dette er hovudsakleg rømt oppdrettsfisk, men med innslag av villfisk. Fangsten fordelte seg på 4,6 tonn laks og 0,1 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta var 3,7 kilo for laks og 2,5 kilo for sjøaure.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB