97697
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
97697
Laksefisket i sjøen halvert på fem år
statistikk
2013-11-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2012/2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Laksefisket i sjøen halvert på fem år

I den ordinære sesongen i 2013 blei det fiska i underkant av 195 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Dette er 64 tonn, eller 25 prosent, mindre enn året før.

Sjøfiske etter laks og sjøaure.
KiloProsentTal
20132012 - 20132008 - 20132013
Fangst i alt194 612-25-5042 905
Laks i alt192 269-25-5041 901
Under 3 kg26 460-49-5911 815
3-7 kg111 227-6-3124 050
7 kg og over54 582-36-656 036
Sjøaure2 343-27-621 004

Nedgangen i fisket dei siste åra kjem av dei sterke reguleringane som blei innførte i 2008. Denne tilbakegangen heldt fram i 2013. Det var nedgang i fangstane i alle fylka, bortsett frå i Nord-Trøndelag og Nordland. Størst reduksjon var det i Finnmark og Møre og Romsdal.

Høgare gjennomsnittsvekt for laksen

Fangsten fordelte seg på 192 tonn laks og 2 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,6 kilo i 2013, mot 4,4 kilo året før. 14 prosent av laksen vog under 3 kilo, 58 prosent vog mellom 3 og 7 kilo, medan 28 prosent vog over 7 kilo. Prosenttala for 2012-sesongen var respektive 20, 46 og 33.

Nedgang i Finnmark

I Finnmark, som framleis er det viktigaste laksefylket, blei det fiska 98 tonn laks i fjordane. Dette er ein nedgang på 18 prosent frå året før, men fangsten utgjorde likevel 51 prosent av den totale laksefangsten i sjøen i Noreg. Blant kommunane hadde Namsos, Sør-Varanger og Alta dei største fangstane.

Mindre fangst av rømt oppdrettsfisk

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar. I sesongen 2012/13 blei det fiska 7 tonn, fordelt på 6,9 tonn oppdrettslaks og 0,1 tonn oppdretta sjøaure. Dette er 32 prosent mindre enn førre sesongen. Gjennomsnittsvekta var 4,0 kg for oppdrettslaks og 2,4 kg for rømt sjøaure.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB