90581
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
90581
Låg laksefangst i sjøen
statistikk
2012-11-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2011/2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låg laksefangst i sjøen

I den ordinære sesongen i 2012 blei det fiska i underkant av 260 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Dette er 48 tonn, eller 16 prosent, mindre enn året før.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2011 og 2012. Tonn

Etter ein liten oppgang i laksefangstane i 2011 blei det i 2012 på nytt rekordlåge fangstar. Det var nedgang i fangstane i dei fleste fylka, bortsett frå i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Aust-Agder. Størst nedgang var det i Trøndelagsfylka. Fangsten i Nord-Trøndelag var 24 tonn i 2012. Det er ein halvering av fangsten frå året før. Til saman hadde Trøndelagsfylka ein nedgang på 45 prosent frå 2011 til 2012.

Fangsten fordelte seg med 255 tonn laks og 3 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,4 kilo i 2012, mot 4,3 kilo året før. 20 prosent av laksefangsten gjaldt laks som vog under 3 kilo, medan 46 prosent gjaldt laks mellom 3 og 7 kilo. 33 prosent kom frå laks over 7 kilo. Prosenttala for 2011 var respektive 18, 57 og 25 prosent.

Auke i sjøfiske på Vestlandet

I Hordaland var det ikkje opna for fiske i den ordinære sesongen i 2012, men i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane var det auke i fangstane frå 2011. Størst auke var det i Møre og Romsdal. Med ein fangst på vel 28 tonn var dette fylket det nest viktigaste laksefylket i 2012.

Nedgang i Finnmark

I Finnmark, som framleis er det viktigaste laksefylket, blei det fiska 119 tonn laks. Dette er ein nedgang på 2 prosent frå året før, men fangsten utgjorde likevel 47 prosent av den totale laksefangsten i Noreg. Blant kommunane hadde Alta, Sør-Varanger og Namsos dei største fangstane.

Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2010-2012. Tonn og 1 000 stk.
  2010 2011 2012 2010 2011 2012
  Tonn 1 000 stk.
I alt    269      306      259     66     72     60
Laks i alt  260  302  255 63 71 58
Under 3 kilo 62 56 52 28 25 23
Mellom 3 og 7 kilo  114  172  118 25 37 26
7 kg og over 84 74 85 9 8 9
Sjøaure og sjørøye 8 4 3 4 2 1
Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2011 og 2012. Kommunar med størst fangst. Tonn
  2011 2012
Alta     24,0     28,6
Sør-Varanger 16,5 16,9
Namsos 29,7 13,1
Tingvoll 3,6 12,7
Deatnu Tana 8,8 10,8
Eigersund 12,3 9,7
Lebesby 11,8 8,8
Loppa 11,7 8,7
Nordkapp 6,3 7,8
Porsanger Porsángu Porsanki 7,1 7,7

Auke i fangst av rømt oppdrettsfisk

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar. I sesongen 2011/2012 blei det fiska 10,4 tonn, fordelt på 10,2 tonn laks og 0,2 tonn sjøaure. Dette er nær 3 tonn, eller 39 prosent, meir enn førre sesong. Gjennomsnittsvekta var 4,1 kg for laks og 2,7 kg for sjøaure.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB