54507
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
54507
Oppgang i sjølaksefisket
statistikk
2011-12-05T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2010/2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppgang i sjølaksefisket

Det blei fiska i overkant av 300 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i den ordinære sesongen i år. Dette er 37 tonn, eller 14 prosent, meir enn året før.

Etter nokre år med rekordlåge laksefangstar auka fangstane i nesten alle fylka frå 2010 til 2011. I Vest-Agder blei det fiska vel 22 tonn laks og sjøaure, tre gonger så mykje som året før. I Rogaland blei fangstane dobla til 21 tonn i 2011. Stor auke var det også i Møre og Romsdal og Troms.

Fangsten fordelte seg med 302 tonn laks og 4 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,3 kilo i 2011, mot 4,2 kilo året før. 18 prosent av laksen vog under 3 kilo, 57 prosent mellom 3 og 7 kilo, medan 25 prosent var over 7 kilo. Prosenttala for 2010 var respektive 24, 44 og 32.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2010 og 2011. Tonn

Nedgang i Finnmark

I Finnmark, som framleis er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 122 tonn laks. Dette er ein nedgang på 8 prosent, men fangsten utgjorde likevel 40 prosent av den totale laksefangsten i landet. Blant kommunane hadde Namsos, Alta og Sør-Varanger dei største fangstane.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2009-2011. Tonn og 1 000 stk
2009 20101 20111 2009 2010 2011
Tonn 1 000 stk
I alt  291       269       306      65      66      72
Laks i alt  283  260  302 62 63 71
Under 3 kilo 48 62 56 21 28 25
Mellom 3 og 7 kilo  135  114  172 30 25 37
7 kg og over  100 84 75 11 9 8
Sjøaure og sjørøye 8 8 4 3 4 2
Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2010 og 2011. Kommunar med størst fangst. Tonn
2010 2011
Namsos           29           30
Alta 33 24
Sør-Varanger 17 17
Trondheim 11 13
Eigersund 6 12
Lebesby 12 12
Loppa 11 12
Namdalseid 7 10
Deatnu Tana 11 9
Hasvik 4 7

Fangst av rømt oppdrettsfisk halvert

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar. I sesongen 2010/2011 blei det fiska 7,4 tonn, fordelt på 7,3 tonn laks og 0,2 tonn sjøaure. Dette er 7 tonn, eller 49 prosent, mindre enn førre sesong. Gjennomsnittsvekta var 3,7 kg for laks og 2,3 kg for sjøaure.

1  årstallene ble byttet 19.12.2011

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB