20286
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
20286
Rekordlåg laksefangst i sjøen
statistikk
2008-11-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordlåg laksefangst i sjøen

Førebelse tal viser ein fangst på 388 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i år. Dette er om lag 50 tonn, eller 12 prosent, mindre enn året før.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2007 og 2008*. Tonn

Nedgangen kjem av sterke reguleringar i fisket frå og med 2008. Fisketida har vore avkorta i alle fylka, men med regionale forskjellar. Finnmark har hatt minst avkortingar, medan det i Hordaland berre har vore tillate med prøvefiske. Det har resultert i færre fiskarar og mindre fangst i dei fleste fylka. Størst nedgang i fangsten hadde Troms, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, med respektive 27, 16 og 11 tonn. Finnmark og Nord-Trøndelag hadde størst auke.

Fisken var fordelt på 381 tonn laks og 6 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,7 kilo i 2008, mot 4,8 kg året før. 17 prosent av laksen vog under 3 kilo, 42 prosent mellom 3 og 7 kilo, medan 41 prosent var over 7 kilo. Prosenttala for 2007 var respektive 13, 51 og 36.

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 211 tonn laks. Dette er 55 prosent av den totale laksefangsten. Blant kommunane hadde Alta, Namsos og Sør-Varanger dei største fangstane.

Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2006-2008*. Tonn og 1 000 stk.
  2006 2007 2008* 2006 2007 2008*
  Tonn 1 000 stk
I alt  523  438  388  128 94 83
Laks i alt  512  428  381  123 90 80
Under 3 kilo  101 56 65 48 25 28
Mellom 3 og 7 kilo  278  219  161 61 48 35
7 kg og over  133  153  156 14 17 17
Sjøaure og sjørøye 11 10 6 5 4 3
Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2007 og 2008*. Kommunar med størst fangst. Tonn
  2007* 2008*
Alta 33,9 48,3
Namsos 22,4 32,4
Sør-Varanger 29,7 29,6
Loppa 22,1 26,9
Lebesby 22,8 16,5
Nordkapp 10,5 15,2
Deatnu Tana 11,4 12,8
Hasvik 6,5 11,3
Porsanger 11,9 10,6
Rissa 10,4 9,3

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB