20288
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
20288
Mindre fangst og færre smålaks
statistikk
2007-11-27T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre fangst og færre smålaks

Førebelse tal viser ein fangst på 436 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i år. Dette er om lag 87 tonn, eller 17 prosent, mindre enn året før. Nedgangen var størst i Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2006 og 2007*. Tonn

Fisken var fordelt på 426 tonn laks og 10 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,8 kilo i 2007, mot 4,2 kilo året før. I år var 13 prosent av laksen under 3 kilo, 51 prosent mellom 3 og 7 kilo, medan 36 prosent var over 7 kilo. Prosenttala for 2006 var respektive 20, 54 og 26.

Nedgang i nesten alle fylker

Det har vore nedgang i fangsten i alle fylka bortsett frå Hordaland og Finnmark. Finnmark hadde ein auke på om lag 14 tonn. Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal hadde størst nedgang, med respektive 30 og 21 tonn.

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 192 tonn laks. Dette er 45 prosent av den totale laksefangsten. Blant kommunane hadde Alta, Sør-Varanger og Lebesby dei største fangstane.

Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2005-2007*. Tonn og 1 000 stk.
      2005     2006     2007*     2005     2006     2007*
  Tonn   1 000 stk.
I alt  477  523  436  120  128 94
Laks i alt  466  512  426  115  123 89
Under 3 kilo  118  101 55 56 48 25
Mellom 3 og 7 kilo      199  278  218 43 61 48
7 kg og over  149  133  153 16 14 17
Sjøaure og sjørøye 11 11 10 5 5 4
Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2006 og 2007*. Kommunar med størst fangst. Tonn
                  2006             2007*
Alta 40,8 33,9
Sør-Varanger     32,5 29,7
Lebesby 15,6 22,8
Namsos 39,5 22,4
Loppa 15,1 22,1
Lenvik 12,0 14,0
Trondheim 9,1 12,9
Porsanger 11,9 11,9
Deatnu Tana 7,9 11,4
Nordkapp 9,8 10,5

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB