20290
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
20290
Auka fangst i sjølaksefisket
statistikk
2006-12-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Sjøfiske etter laks og sjøaure2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka fangst i sjølaksefisket

Førebelse tal viser ein fangst på 518 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar i år,41 tonn meir enn året før. Talet på sjølaksefiskarar gjekk ned med 9 prosent frå 2005.

All fangsten blei teken med kilenot, lakseverp og krokgarn. Fangsten var fordelt på 507 tonn laks og 11 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,2 kilo i 2006, mot 4,1 kg året før. I år var 20 prosent av laksen under 3 kilo, 54 prosent mellom 3 og 7 kilo, medan 26 prosent var over 7 kilo. Prosenttala for 2005 var respektive 25, 43 og 32.

Sjøfiske etter laks og sjøaure. 2005 og 2006. Tonn

Det har vore auke i fangsten i alle fylka bortsett frå Nord-Trøndelag og Østfold. Nord-Trøndelag hadde ein nedgang på om lag 24 tonn, medan Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag hadde størst auke, med respektive 16 og 13 tonn.

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska om lag 179 tonn laks. Dette er om lag 35 prosent av den totale laksefangsten. Blant kommunane hadde Alta, Namsos og Sør-Varanger dei største fangstane.

Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 2002-2006.
Tonn
  2002 2003 2004 2005 2006*
I alt  607     607     482     477     518
Laks i alt  596  597  467  466  507
Under 3 kilo  123  187  103  118  100
Mellom 3 og 7 kilo  308  252  247  199  275
7 kg og over  165  159  118  149  132
Sjøaure og sjørøye 11 10 14 11 11
Sjøfiske, etter laks og sjøaure.
2005 og 2006*. Kommunar med
størst fangst. Tonn
  2005 2006*
Alta 44,6         40,8
Namsos 58,6 38,5
Sør-Varanger 22,8 32,3
Lebesby 15,4 15,6
Loppa 12,2 15,1
Rissa 11,2 13,2
Eigersund 11,8 13,1
Lenvik 12,3 12,0
Porsanger Porsángu Porsanki 11,4 11,8
Nordkapp 9,3 9,8

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB