33339
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/arkiv
33339
Låge potetavlingar i 2009
statistikk
2010-04-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låge potetavlingar i 2009

Det blei hausta 333 000 tonn poteter i 2009, mot 398 000 tonn året før. Gjennomsnittsavlinga av poteter for heile landet var 2 400 kilo per dekar i 2009, mot 2 800 året før.

Avling per dekar av poteter. 2000-2009*. Kg

I 2009 var samla avling av eng til slått på om lag 2,7 millionar tonn (rekna som tørt høy), om lag det same som året før.

Lågare avlingar av eng

Gjennomsnittleg avling av eng til slått er rekna til 620 kilo høy per dekar i 2009 mot 625 året før. Ved første slått blei det hausta 4,2 millionar dekar, og ved etterslått 3,1 millionar dekar. I tillegg blei knapt 0,7 millionar dekar beita. Samla engareal til slått og beite utgjorde 5 millionar dekar i 2009.

Ved førsteslåtten blei 31 prosent av engarealet lagt i silo, medan 62 prosent blei hausta som rundballar. Ved etterslåtten blei 28 prosent av arealet lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar auka til 69 prosent. Graset frå 7 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan knapt 2 prosent av etterslåtten blei hausta som høy.

Andre grønfôr- og silovekstar

Det blei dyrka andre grønfôr- og silovekstar på 120 000 dekar i 2009. Grønfôrblandingar utgjorde 54 prosent av dette arealet, medan arealet av raigras utgjorde 43 prosent. Dekaravlinga for raigras er rekna til 2 400 kilo, for grønfôrblandingar 1 400 kilo.

Avling av eng til slått. 2000-2009*. 1 000 tonn

1,02 millionar tonn korn

Samla kornavling er i 2009 berekna til 1,02 millionar tonn, mot 1,39 millionar tonn i 2008. Gjennomsnittsavlinga var 339 kilo per dekar, mot 455 kilo året før. For meir utførlege opplysningar om avling av korn- og oljevekstar, sjå Korn og oljevekster, areal og avlinger

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB