33323
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/arkiv
33323
Gode avlingar i 2008
statistikk
2009-05-07T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Gode avlingar i 2008

I 2008 var samla avling av eng til slått om lag 2,71 millionar tonn rekna som tørt høy, ein auke på 4 prosent frå året før. Potet- og kornavlingane var også høgare.

Avling av eng til slått. 2000-2008*. 1 000 tonn

Gjennomsnittleg avling av eng til slått er rekna til 624 kilo høy per dekar i 2008, mot 589 kilo i 2007. Ved første slått blei det hausta 4,3 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,1 millionar dekar. I tillegg blei vel 0,78 millionar dekar beita, og samla engareal til slått og beite utgjorde 5,1 millionar dekar i 2008.

Ved førsteslåtten blei 30 prosent av engarealet lagt i silo, medan 62 prosent blei hausta som rundballar. Ein like stor del av etterslåtten blei lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar, auka til 67 prosent. Graset frå 7 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan 2 prosent av etterslåtten blei hausta som høy.

2,1 tonn raigras på ein dekar

Det blei dyrka andre grønfôr- og silovekstar på drygt 137 000 dekar i 2008. Det blei dyrka grønfôrblandingar/kornvekstar på 49 prosent av dette arealet, medan arealet av raigras utgjorde 47 prosent. Dekaravlinga for raigras er rekna til 2 135 kilo, for grønfôrblandingar og kornvekstar 1 427 kilo.

Hedmark på potettoppen

Det blei hausta om lag 400 000 tonn poteter i 2008, mot snautt 330 000 tonn året før. Gjennomsnittsavlinga for heile landet blei 2 783 kilo per dekar i 2008. Hedmark er det store potetfylket, og heile 160 000 tonn, eller 40 prosent av produksjonen, blei hausta der.

10 prosent meir korn

Samla kornavling er i 2008 berekna til 1,35 millionar tonn, mot 1,21 millionar tonn i 2007. Gjennomsnittsavlinga av korn blei 434 kilo per dekar, mot 386 kilo året før. For meir utførlege opplysningar om avling av korn- og oljevekstar, sjå (http://www.ssb.no/korn/) .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB