33325
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/arkiv
33325
Låg potetavling i 2007
statistikk
2008-04-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låg potetavling i 2007

Potetavlinga i 2007 var om lag 318 400 tonn, ein nedgang på knapt 16 prosent frå året før. Avlinga per dekar var 2 267 kilo i 2007, mot 2 581 kilo i gjennomsnitt per år i perioden 2002-2006.

Avling av eng til slått. 2000-2007*. 1 000 tonn

Samla avling frå eng til slått var om lag 2,6 millionar tonn rekna som tørt høy. Gjennomsnittleg avling er rekna til 590 kilo per dekar i 2007 mot 593 kilo året før. Ved første slått blei det hausta 4,3 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,0 millionar dekar. I tillegg blei vel 720 000 dekar beita, og samla areal av fulldyrka og overflatedyrka eng utgjorde 5,17 millionar dekar i 2007.

Ved førsteslåtten blei avlinga frå 36 prosent av engarealet lagt i silo, medan 58 prosent blei hausta som rundballar. Tilsvarande tal for etterslåtten var 32 og 65 prosent. Graset frå 6 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan i underkant av 1 prosent blei fôra opp ferskt. For etterslåtten blei 1 prosent hausta som høy, medan 2 prosent blei fôra opp ferskt.

Andre grovfôrvekstar

Det blei dyrka andre grovfôrvekstar på 135 700 dekar i 2007, og det er 13 400 dekar mindre enn i 2006. Det blei dyrka raigras på 47 prosent av arealet, medan arealet av grønfôrblandingar/kornvekstar utgjorde 45 prosent. Dekaravlinga for raigras er rekna til 2 216 kilo, for grønfôrblandingar og kornvekstar 1 539 kilo.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB