33335_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/arkiv
33335
Store engavlingar
statistikk
2002-08-30T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Store engavlingar

Ein vekstsesong med tilstrekkeleg nedbør gav jamt over store engavlingar i 2001. Men kvaliteten på avlingane varierte mykje, særleg ved første slått.

Samla avling frå eng til slått var om lag 2,9 millionar tonn rekna som tørt høy. Dette er om lag det same som året før. I gjennomsnitt for all eng til slått var avlinga 578 kilo tørt høy per dekar i 2001.

Ved førsteslåtten blei graset frå 53 prosent av arealet lagd i silo, medan 37 prosent blei hausta som rundballar. Tilsvarande tal for etterslåtten var 49 og 46 prosent. Graset frå 8 prosent av førsteslåtten blei tørka til høy, medan 2 prosent blei fôra opp ferskt. For etterslåtten blei 1 prosent hausta som høy, medan 4 prosent blei fôra opp ferskt.

388 200 tonn poteter

Det blei hausta 388 200 tonn poteter i 2001. På landsbasis blei gjennomsnittsavlinga 2 570 kilo per dekar, mot 2 272 kilo i 2000.

Grønfôr- og silovekstar

Det blei dyrka grønfôr- og silovekstar på 266 100 dekar. Av dette utgjorde arealet av eittårig raigras 58 prosent, og arealet av grønfôrblandingar/kornvekstar 39 prosent. Totalavlinga av grønfôr- og silovekstar blei 653 300 tonn, mot 725 500 tonn året før.

1,2 millionar tonn korn

Samla kornavling i 2001 er berekna til 1,2 millionar tonn, mot 1,3 millionar tonn i 2000. Gjennomsnittsavlinga for korn blei 375 kilo per dekar, mot 398 året før. For meir utførlege opplysningar om avling av korn- og oljevekstar, sjå Korn og oljevekster, areal og avlinger .

Tabeller: