236234
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/aar
236234
Gode engavlingar i 2015
statistikk
2016-02-04T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Avlingsstatistikken gir en oversikt over avling av poteter, eng og andre grovfôrvekster.

Potet- og grovfôravlingar2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Gode engavlingar i 2015

Førebelse tal viser at engavlinga i 2015 var 2,96 millionar tonn rekna som tørt høy. Det er 4,9 prosent høgare enn året før. Gjennomsnittsavlinga per dekar var 694 kilo i 2015 mot 648 kilo året før. Samstundes går potetavlingane ned.

Avling av grovfôr og poteter. 1 000 tonn
2015Prosent endring fra
2014 - 20152005 - 2015
Høy2 964,24,911,7
Grønfôr- og silovekstar183,5-1,6-34,7
Potet307,7-14,0-2,8

Ved første slåtten i 2015 blei det hausta 4,3 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,4 millionar dekar. I tillegg blei vel 0,7 millionar dekar eng berre beita. Ved førsteslåtten blei 19 prosent av graset lagt i silo, medan 77 prosent blei hausta som silo i rundballar. Ved etterslåtten blei 18 prosent lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar auka til 79 prosent. Graset frå 4 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan høy berre utgjorde 2 prosent av etterslåtten. 

Det blei dyrka andre grovfôrvekstar enn eng på 99 700 dekar i 2015. Raigras og grønfôrblandingar med korn utgjorde kvar for seg 47 og 50 prosent av arealet av andre fôrvekstar. Samla avling av andre grovfôrvekstar var 183 500 tonn, der raigras utgjorde 62 og kornvekstar 34 prosent av avlinga.

I 2015 blei det hausta 307 700 tonn poteter, som er 50 000 tonn eller 14 prosent mindre enn året før. Potetarealet utgjorde 118 200 dekar i 2015, og gjennomsnittleg potetavling per dekar var 2 600 kilo. Hedmark sto for 44 prosent av potetproduksjonen i 2015, medan Vestfold og Nord-Trøndelag sto for respektive 13 og 9 prosent av produksjonen på landsbasis.

 

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB