193045
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/aar
193045
Store potetavlingar i 2014
statistikk
2015-02-09T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Statistikken gir en oversikt over avling av poteter og grovfôrvekster. I 2014 ble det dyrket 14 prosent mer poteter enn året før, mens engavlingene økte 16 prosent.

Potet- og grovfôravlingar2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Store potetavlingar i 2014

I 2014 blei det hausta nærare 356 000 tonn poteter, viser førebelse tal. Det er 12 prosent meir enn året før. Gjennomsnittsavlinga per dekar potetland var snaut 2 900 kilo i 2014 mot drygt 2 500 kilo året før. Det blei óg hausta mykje høy i året vi har lagt bak oss.

Avling av grovfôr og poteter. 1 000 tonn
2014Prosent endring fra
2013 - 20142004 - 2014
Høy2 801,115,80,5
Grønfôr- og silovekstar183,80,4-49,5
Potet355,711,9-10,3

I 2014 blei det produsert mest poteter i Hedmark, og bøndene i vårt største innlandsfylke dyrka 43 prosent av Noregs poteter. Deretter følgde Vestfold og Nord-Trøndelag som stod for respektive 12 og 10 prosent av produksjonen på landsbasis.

16 prosent høgare engavling

Samla avling av eng til slått var 2,8 millionar tonn rekna som tørt høy. Det er ein auke på 16 prosent frå året før. Ved første slåtten i 2014 blei det hausta 4,3 millionar dekar eng, og ved etterslåtten 3,4 millionar dekar. I tillegg blei vel 0,6 millionar dekar eng berre beita. Gjennomsnittleg avling av eng til slått er utrekna til 642 kilo høy per dekar i 2014, mot 558 kilo året før. Sidan år 2000 er det berre to år då avlinga per dekar har lege så høgt som i 2014.

Ved førsteslåtten blei 20 prosent av graset lagt i silo, medan 74 prosent blei hausta som silo i rundballar. Ved etterslåtten blei 19 prosent lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar, auka til 79 prosent. Graset frå 5 prosent av engarealet blei etter førsteslåtten tørka som høy, medan høyet berre utgjorde 2 prosent av etterslåtten.

184 000 tonn andre fôrvekstar

Det blei dyrka andre fôrvekstar på 112 100 dekar i 2014, og samla avling utgjorde i underkant av 184 000 tonn. Raigras og grønfôrblandingar utgjorde kvar for seg 45 og 49 prosent av arealet av andre fôrvekstar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB