92436
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/aar
92436
Låge potetavlingar også i 2012
statistikk
2013-02-04T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låge potetavlingar også i 2012

Førebelse tal viser at det blei hausta 298 200 tonn poteter i 2012, noko som er litt meir enn føregåande år.

Avling av grovfôr og poteter. 1 000 tonn
2012Prosent
2011 - 20122002 - 2012
Høy2 615,63,7-8,2
Grønfôr- og silovekstar169,912,2-61,1
Potet298,20,9-23,5

Potetavlinga i 2012 var 2 700 tonn høgare enn i botnåret 2011, men samanlikna med 2009 og 2010 var det ein nedgang på 10 prosent. Gjennomsnittsavlinga per dekar av poteter var 2 356 kilo i 2012, medan tilsvarande tal for 2010 og 2011 var 2 517 og 2 291 kilo.

Høgare grasavlingar enn året før

Ved første slåtten i 2012 blei det hausta 4,3 millionar dekar eng, og ved etterslått blei det hausta 2,7 millionar dekar. I tillegg blei knapt 0,7 millionar dekar eng berre beita.

I 2012 var samla avling av eng til slått om lag 2,6 millionar tonn, rekna som tørt høy. Det er monaleg meir enn for botnåret 2010. Gjennomsnittleg avling av eng til slått er utrekna til 611 kilo høy per dekar i 2012, mot 587 kilo året før.

Ved førsteslåtten blei 24 prosent av graset lagt i silo, medan 71 prosent blei hausta som  rundballar. Ved etterslåtten blei 23 prosent lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar auka til 76 prosent. Graset frå 4 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan høy knapt utgjorde 1 prosent av etterslåtten.

170 000 tonn andre fôrvekstar

Det blei dyrka andre fôrvekstar på 105 000 dekar i 2012, og samla avling utgjorde 170 000 tonn. Raigras og grønfôrblandingar utgjorde det aller meste av dette arealet.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB