65962
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/aar
65962
Framleis nedgang i potetavlingane
statistikk
2012-02-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Potet- og grovfôravlingar2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i potetavlingane

Det blei hausta 297 600 tonn poteter i 2011, ein nedgang på 11 prosent frå året før. Potetavlinga er den minste som nokon gong er registrert.

Det blei hausta 35 600 tonn mindre potet i 2011 enn året før. Gjennomsnittsavlinga per dekar av poteter gjekk ned frå 2 516 kilo i 2010 til 2 303 kilo i 2011.

Avling av eng til slått. 2000-2011. 1 000 tonn

Avling av poteter. 2000-2011. 1 000 tonn

Liten auke i grasavlingane

I 2011 var samla avling av eng til slått om lag 2,4 millionar tonn rekna som tørt høy. Det er ein auke på berre 1 prosent frå botnåret 2010. Gjennomsnittleg avling av eng til slått er utrekna til 561 kilo høy per dekar i 2011, mot 558 kilo året før.

Ved første slåtten i 2011 blei det hausta 4,2 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,1 millionar dekar. I tillegg blei vel 0,7 millionar dekar eng berre beita.

Ved førsteslåtten blei 24 prosent av graset lagt i silo, medan 72 prosent blei hausta som rundballar. Ved etterslåtten blei 23 prosent lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar, auka til 75 prosent. Graset frå 4 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan høy berre utgjorde 1 prosent av etterslåtten.

156 000 tonn andre fôrvekstar

Det blei dyrka andre fôrvekstar på 102 000 dekar i 2011, og samla avling utgjorde 156 000 tonn. Raigras utgjorde halvparten av dette arealet og vel 60 prosent av avlinga, medan grønfôrblandingar utgjorde 47 prosent av arealet og 33 prosent av avlinga.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB