366011
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksavling/aar
366011
statistikk
2019-02-20T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordbruksavling, Potet- og grovfôravlingar, jordbruksavlingar, fôr, poteter, høy, raigras, silovekstar, grønfôrJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Potet- og grovfôravlingar

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltall

326

tusen tonn poteter hausta i 2018

Avling av grovfôr og poteter. 1 000 tonn
2018Prosent endring fra
2017 - 20182008 - 2018
Eng til slått rekna som høy2 047,0-21,4-24,7
Grønfôr- og silovekstar115,9-35,5-47,8
Potet326,43,5-18,1

Se utvalgte tabeller fra denne statistikken

Tabell 1 
Avling per dekar av poteter og eng til slått, etter fylke. Kilo

Avling per dekar av poteter og eng til slått, etter fylke. Kilo
PotetEng til slått rekna som høy
20092 419620
20102 517558
20112 291587
20122 405635
20132 517558
20142 897648
20152 578708
20162 927666
20172 690621
20182 810466
 
2018
Østfold2 782276
Akershus og Oslo2 570278
Hedmark2 863394
Oppland3 291394
Buskerud2 530289
Vestfold2 962259
Telemark2 107247
Aust-Agder2 381294
Vest-Agder3 036353
Rogaland3 079618
Hordaland1 583511
Sogn og Fjordane2 251506
Møre og Romsdal3 406552
Trøndelag2 765591
Sør-Trøndelag (-2017)00
Nord-Trøndelag (-2017)00
Nordland928485
Troms - Romsa1 685342
Finnmark - Finnmárku500355

Tabell 2 
Avling av potet og grovfôrvekstar, etter fylke. 1 000 tonn

Avling av potet og grovfôrvekstar, etter fylke. 1 000 tonn
PotetGrønfôr- og silovekstarEng til slått rekna som høy
2009332,5216,02 695,3
2010333,2198,72 392,7
2011295,5151,42 523,4
2012304,7170,82 712,8
2013318,0183,12 418,3
2014357,7186,52 824,6
2015305,2182,33 035,7
2016350,8175,82 808,0
2017315,5179,82 603,2
2018326,4115,92 047,0
 
2018
Østfold13,12,325,9
Akershus og Oslo15,23,430,0
Hedmark136,416,6129,2
Oppland28,921,7216,8
Buskerud7,43,750,1
Vestfold42,54,017,7
Telemark3,61,328,3
Aust-Agder4,61,221,2
Vest-Agder2,80,641,3
Rogaland17,06,8283,4
Hordaland0,10,4104,7
Sogn og Fjordane2,11,3126,4
Møre og Romsdal6,31,6211,6
Trøndelag40,334,9473,9
Sør-Trøndelag (-2017)0,00,00,0
Nord-Trøndelag (-2017)0,00,00,0
Nordland1,55,3195,2
Troms - Romsa4,57,665,6
Finnmark - Finnmárku0,03,025,8

Tabell 3 
Avling av potet- og grovfôrvekstar

Avling av potet- og grovfôrvekstar
Avling i tonnKg per dekar
20152016201720182015201620172018
Eng til slått rekna som høy3 035 7002 808 0002 603 2002 047 000708666621466
Grønfôr- og silovekstar182 300175 800179 800115 9001 8301 9371 8771 054
Ettårig raigras108 000100 500103 20059 3002 2512 2482 5291 271
Grønfôrblandingar og kornvekster63 10066 90067 80052 2001 4081 6451 437911
Fôrraps, fôrmargkål mv8 8005 6006 7002 4002 5812 4522 6851 198
Potet305 200350 800315 500326 4002 5782 9272 6902 810

Om statistikken

Statistikken gir ei oversikt over avlinga av potet og grovfôrvekstar.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Jordbruksbedrift

Verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha eit driftssenter på ein landbrukseigedom.

Jordbruksareal i drift

Jordbruksareal som blir hausta minst ein gong i løpet av eit år, medrekna planta areal av fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Areal av open åker kor det ikkje blir tatt avling i løpet av året, men som er tenkt hausta neste år (eittårig brakk) reknast òg med.



Engareal er areal av fulldyrka og overflatedyrka eng til slått og beite.

Andre fôrvekstar (tidlegare kalla grønfôr- og silovekstar) er summen av areal nytta til raigras, fôrraps, fôrmergkål, grønfôrnepe, korn til grønfôr, korn til krossing, grønfôrblandingar og rotvekstar til fôr.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Potet- og grovfôravlingar
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for primærnæringsstatistikk

Regionalt nivå

Fylke.

Kor ofte og aktualitet

Årleg.

Førebelse tal blir publisert i februar året etter avlingsåret, saman med endelege tal for føregåande avlingsår.

Internasjonal rapportering

Eurostat, FAO.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata blir lagra i SSB.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å presentere årleg statistikk over avling av poteter og grovfôrvekstar. Frå og med 1990 har data om kornavling blitt henta frå Leveranseregisteret for korn og oljefrø , medan data om potet- og grovfôravling framleis er tufta på ei skjemabasert undersøking i regi av SSB.

Brukarar og bruksområde

Statistikken blir nytta av bransjeorganisasjonane, Landbruks- og matdepartementet og ulike forskingsinstitusjonar slik som Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 10.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Jordbruksavlingar omfattar kornavlingar og avling av potet og grovfôrvekstar. Statistikken over kornavlingar byggjer på opplysningar frå Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar i Statens landbruksforvaltning, og er omtala på Statistisk sentralbyrås internettsider under Korn- og oljevekster - areal og avlinger. Statistikk over potet- og grovfôravlingar blir utarbeidd på grunnlag av opplysningar om avling av desse vekstane henta inn ved ei skjemabasert utvalsundersøking. Utgangspunkt for populasjonen er jordbruksbedrifter som søkte om produksjonstilskott i jordbruket 31. juli det året statistikken refererer til. Det er jordbruksbedrifter med minst ein av følgjande produksjonar som er med i populasjonen:

Eng til slått og beite

Andre fôrvekstar

Potet

Avling frå beita eng inngår ikkje i statistikken, medan beita avling av andre grovfôrvekstar inngår.

Datakjelder og utval

Frå registeret over søknadar om produksjonstilskott i jordbruket blir det nytta opplysningar om jordbruksbedrifta, slik som namn og adresse til søkjar og arealfordeling av dei ulike vekstane. Opplysningar om hausta areal, avlingsnivå og haustemetodar kjem direkte frå oppgåvegivarane som fyller ut skjema.

Det blir kvart år trekt eit utval blant dei som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket og som skal gi oppgåve til undersøkinga. Det er søkjarar med areal av eng og andre fôrvekstar eller potet som er med i trekkjegrunnlaget.

Utvalet omfattar om lag 3 100 jordbruksbedrifter med ein eller fleire av dei oppgitte vekstane. Utvalet er stratifisert utifrå fylke og kategori, der kategori er bestemt utifrå kombinasjonen av kva som blir dyrka av potet, eng eller andre fôrvekstar.

Datainnsamling, editering og beregninger

Skjema blir lagt ut i Altinn for dei jordbruksbedriftene som blir trekt ut til å vere med i undersøkinga. Brev om undersøkinga blir sendt ut i november/desember, og det skal gis oppgåve over avlinga sist vekstsesong. Det er den som søkjer om produksjonstilskott på jordbruksbedrifta som skal gi oppgåve. Frå og med 2015 er det kun elektronisk rapportering til undersøkinga. 

Det blir gjort ei rekkje kontrollar og rettingar for å sikre konsistensen både innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.

Primærdata er henta frå dei skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer når vedkomande fyller ut skjema. Ei rekkje av feila blir oppdaga og retta ved editering i Statistisk sentralbyrå.

Ein del feil ved innsamling og handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved editering, feil i IT-handsaming mv. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mye som mogleg.

Innsamla data blir nytta til å rekne ut det totale arealet som er hausta, og avlinga som er produsert på desse areala. Total avling skal gis per fylke for alle variable med unnatak av rotvekstar til fôr.

Total avling for heile landet og for fylka blir rekna ut på grunnlag av berekna gjennomsnittsavlingar frå utvalsundersøkinga og areal av dei ymse vekstane frå totalpopulasjonen for jordbruksbedrifter.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Tal blir ikkje offentleggjort dersom dei kan medføre fare for at einskilde jordbruksbedrifter kan blir identifisert.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken er stort sett samanliknelig tilbake til 1970. Unnataket er avling av eng til slått, som før 1995 blei omrekna på energibasis til høy, men som sidan 1995 er omrekna via tørrstoff til høy.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Primærdata er henta frå dei skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer når vedkomande fyller ut skjema. Til dømes kan det i praksis vere vanskeleg å gi gode tal for avling av engvekstar til fôr. Ei rekkje av feila blir oppdaga og retta av dei som går gjennom skjema ved revisjon i Statistisk sentralbyrå. Kontrollopplegget avslører også logiske feil i skjema.

Ein del feil ved innsamling og handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved revisjon, feil i IT-handsaming mv. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mykje som mogleg.

Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar. Alminneleg svarprosent ligg på 90 prosent.

Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper med få observasjonar er særs merkbare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avviker mykje frå gjennomsnittet.

I utvalet skal bruk med alle arealkombinasjonar av poteter, grønfôr- og silovekstar eller eng inngå. For å gi ein betre representasjon i enkelte grupper med få einingar, er det trekt ein høgare prosent i nokre grupper.

Kvaliteten på registergrunnlaget for trekking av utvalet har også innverknad på det ferdige resultatet.

Revisjon

Ikkje relevant

Faktaside

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB