Frå slutten av 1990-åra og fram til 2007 la fleire papir- og cellulosefabrikkar ned drifta, og importen av tømmer gjekk difor mykje ned. Etter at eit par-tre store cellulose- og papirfabrikkar sette kroken på døra i 2012 og 2013, steig den norske tømmereksporten markant. Frå 2012 har vi vore ein Når eksporten er større enn importen. av tømmer. I 2015, med den førebelse eksporttoppen, eksporterte vi 4 millionar kubikkmeter tømmer. I åra etterpå har eksporten av tømmer lege litt under 4 millionar kubikkmeter, trass i ein gradvis auke i den årleg hogsten.

Figur 1. Hogstkvantum og eksport av tømmer. m³
Figur 1 Hogstkvantum og eksport av tømmer. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Figuren syner utviklinga i eksportert mengd sagtømmer, massevirke og anna tømmer i perioden 1988 til 2021. Frå 1988 til 2005 var tømmereksporten nokså stabil og varierte rundt 500 000 kubikkmeter i året. Etter 2005 har eksporten stige mykje og har dei siste åtte åra variert rundt 3,5 millionar kubikkmeter, med ein topp på nesten 4 millionar i 2015. Figuren syner også at hogstkvantumet i perioden 1988-2021 gjekk ned frå rundt 10 millionar kubikkmeter i 1988 til eit botnnivå på 6,6 millionar kubikkmeter i 2009. Etter det har hogstmengda stige jamt til 11,5 millionar kubikkmeter i 2021.

Over 70 prosent av tømmereksporten til Sverige

I 2021 tok Sverige imot 72 prosent av den norske tømmereksporten. Etter Sverige var det Tyskland, Latvia og Danmark som kjøpte mest tømmer frå oss. I alt eksporterte vi tømmer til 16 land, men nokså små kvantum til mange av dei.

Figur 2. Import og eksport av tømmer. m³

Tømmerimporten har skrumpa inn

Frå midten av 1990-åra til 2006 importerte Noreg stort sett ein stad mellom 2,5 og 3,5 millionar kubikkmeter tømmer kvart år. Toppåret var 1995 med ein import på 3,8 millionar kubikkmeter. Massevirke utgjorde den største delen, og varierte mellom 55 og 70 prosent i denne perioden.

Frå 2014 har tømmerimporten lege godt under 500 000 kubikkmeter i året.

Figur 3. Eksport av tømmer og trebaserte varer. Mill. kr

Eksporterte tømmer og trebaserte varer for 16 milliardar kroner

Eksportverdien av tømmer, trelast, trevarer, ved, flis, papir, papp og tremasse var til saman på 16 milliardar kroner i 2021. Målt i nominelle prisar er det den høgste verdien sidan 2001. Samansetjinga av eksportvarene har naturleg nok endra seg, og tømmer og trelast utgjer no ein mykje større del enn for 20 år sidan. I 2021 var eksportverdien av tømmer og trelast nesten 4,6 milliardar kroner, medan han i 2001 var knapt 1 milliard kroner.

Om vi reknar om eksportverdien av tømmer og trebaserte varer til 2021-kroner, finn vi at vi eksporterte varer for 27,1 milliardar 2021-kroner i 1995. Også 2000 og 2001 var gode år for skogindustrien, og totalverdien av eksporten for tømmer og trebaserte produkt var over 25,2 milliardar 2021-kroner begge desse åra.