Kvinnedelen auka mest frå 2010 til 2020

I 1999 var prosentdel kvinnelege Innehavarar av aktive jordbruksbedrifter med selskapsforma enkeltpersonføretak (ENK). 95 prosent av alle jordbruksbruksbedrifter er enkeltpersonføretak (ENK). Dei andre 5 prosentane er selskapsformer, som til dømes ansvarleg selskap, aksjeselskap, stiftelse, stat, kommune. 13 prosent. I 2010 auka den til 14 prosent og i 2020 var 17 prosent av gardbrukarane kvinner.

Figur 1. Kjønnsfordeling, gardbrukarar

Sjølv om prosentdelen kvinnelege gardbrukarar har auka kvart tiår, er det ikkje fleire kvinnelege gardbrukarar i dag enn det var i 1999. Dette skuldast at talet på aktive gardbrukarar i alt har gått markant ned i den same perioden. I 1999 var det totalt 69 959 gardbrukarar med enkeltpersonføretak, for 2020 var talet redusert til 36 691. Frå 2010 til 2020 har talet på kvinnelege gardbrukarar vore tilnærma uendra, berre med ein reduksjon på 167.

Figur 2. Tal på gardbrukarar av kvart kjønn

Høgare kvinnedel for nye enkeltpersonføretak

Prosentdelen kvinnelege gardbrukarar har auka til 17 prosent i 2020, og for innehavarar av enkeltpersonføretak (ENK) som har kome til i jordbruket, har kvinnedelen ligge på 24 prosent i snitt dei siste 10 åra (figur 3). Kvinnedelen for dei nye einingane viser at auken i kvinnedelen generelt skuldast at fleire nye brukarar er kvinner.

Figur 3. Kjønnsfordeling for nye enkeltpersonføretak (ENK)

Gjennomsnittsalder stig jamt

Frå 1999 til 2020 har gjennomsnittsalderen for gardbrukaren stige frå 48 til 52 år. Gjennomsnittsalderen har auka med to år kvart tiår.

Snittalder for kvinner auka med to år frå 1999 til 2020. For menn auka alderen i gjennomsnitt med 5 år i den same perioden.

Dei eldste gardbrukarane finn ein innanfor driftsforma øvrige jordbruksvekstar. Her er det einingar med gras- og grovfôrproduksjon samt dyrking av potet som dominerer. Denne driftsforma er arbeidsekstensiv, og 15 prosent av brukarane er 70 år eller eldre. Dei yngste gardbrukarane finn ein innan driftsforma storfe mjølk- og kjøtproduksjon i kombinasjon. Her er 24 prosent av gardbrukarane under 40 år.

Flest som held på lengst i Vestland

Høgast prosentdel av eldre gardbrukarar finn ein i Vestland. Der er 11 prosent 70 år og eldre. I Rogaland er det flest unge gardbrukarar, der 22 prosent er under 40 år.

Ein av fire gardbrukarar var einslege i 2020

I 1999 var 20 prosent av gardbrukarane einslege, i 2010 var 23 prosent einslege, medan delen auka til 25 prosent i 2020. For 2020 har vi og sett talet opp mot alder, og det viser seg at aldersgruppa under 40 år har høgast prosentdel einslege gardbrukarar. For denne gruppa er 33 prosent einslege. I den neste aldersgruppa, 40 – 49 år er det færrast som er einslege med 21 prosent.

Kvar fjerde gardbrukar hadde landbruksutdanning i 2020

27 prosent av gardbrukarane hadde Utdanningar som passar med landbruksfaget i følgje Standard for utdanningsgruppering (NUS)https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/36/ i 2020. Av desse hadde 88 prosent høgaste utdanning på vidaregåande- eller fagskulenivå og 12 prosent på høgskule- eller universitetsnivå. Det er flest gardbrukarar med landbruksutdanning i aldersgruppa 60-69 år med 31 prosent, og færrast i aldersgruppa 70 + med 22 prosent.

Figur 4. Gardbrukarar fordelte etter grad av landbruksutdanning og alder

Klassifisering av jordbruksbedriftene etter driftsform er ei inndeling som er felles for alle EU- og EØS-landa. Driftsforma til ei jordbruksbedrift blir fastsett ut frå delen som dei ulike plante- og husdyrproduksjonane utgjer av total standard omsetning (SO). SO for plante- og husdyrprodukt er verdien av produkta basert på produsentpris. SO blir berekna på regionalt nivå per dekar og per dyr som gjennomsnittsverdiar over en referanseperiode på fem år. SO er eksklusive direkte tilskot, meirverdiavgift og skattar/avgifter på produkta. Driftsform er altså den viktigaste aktiviteten i jordbruksbedrifta målt som SO.