Eit av måla i landbrukspolitikken er «Landbruk over heile landet». Under dette inngår:

  • Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing
  • Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling
  • Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Flest busette på landbrukseigedomar i Innlandet

I 2020 budde 61 700 personar på landbrukseigedomar i Innlandet. Dette utgjorde 17 prosent av befolkninga i dette fylket. Deretter følgde Trøndelag og Møre og Romsdal med 10 prosent. Ser ein bort frå Oslo, hadde Viken den lågaste delen med knapt 5 prosent.

Figur 1. Indeks for utvikling i del av befolkninga som bur fast på landbrukseigedom. 2006=100

Figur 2. Del av befolkninga som bur fast på landbrukseigedom. Fylke. 2020

Tal busette på landbrukseigedomar har over tid gått ned i alle fylka. På grunn av endringar i fylkes- og kommunestrukturen i 2020, er det valt å samanlikne perioden 2006-2019. Relativt har det vore størst nedgang i Nord-Noreg, med respektive 31 prosent i Finnmark, 27 prosent i Nordland og 24 prosent i Troms. Vestlandsfylka med unnatak for Rogaland, hadde ein nedgang på 23-25 prosent. Agder-fylka samt Hedmark og Oppland hadde ein nedgang på 20-21 prosent. Resterande fylke hadde under 20 prosent nedgang i busetjinga på landbrukseigedomar i denne perioden. Akershus hadde minst nedgang med 8,6 prosent, og var einaste fylket med under 10 prosent nedgang.

180 100 landbrukseigedomar i Noreg

I 2020 var det 180 100 landbrukseigedomar med eit samla areal på om lag 249 millionar dekar. Arealet utgjer 77 prosent av det totale fastlandsarealet. Ein tredjedel av areala på landbrukseigedomane er jordbruksareal og produktivt skogareal, medan resten er uproduktiv skog, open fastmark, fjell, myr og vatn samt areal for busetjing, vegar osv.

60 prosent av landbrukseigedomane hadde både jordbruksareal og produktivt skogareal. 29 prosent hadde jordbruksareal, men ikkje produktivt skogareal og 11 prosent hadde produktivt skogareal, men ikkje jordbruksareal. Blant fylka hadde Innlandet og Oslo/Viken flest eigedomar med respektive 29 500 og 24 400.

Landbrukseigedomane omfattar store bygningsressursar, og 91 prosent av eigedomane hadde ein eller fleire bygningar i 2020. Det var bustadhus på 80 prosent av eigedomane, og knappe 12 prosent hadde berre Andre bygningar er driftsbygningar, seterhus/koier/naust og øvrige bygningar, deriblant fritidsbygningar. enn bustadhus. I 2007 var dei tilsvarande delane 93 prosent, 84 prosent og 9 prosent.

Figur 3. Landbrukseigedomar med og utan bygning og busetjing. 2020

Av dei til saman 930 700 bygningane som var på landbrukseigedomane i 2020, var 22 prosent bustadbygningar, 47 prosent driftsbygningar og 31 prosent andre bygningar. 22 prosent av bygningane er registrert i SEFRAK er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. (SEkretariatet For Registrering Av Faste Kulturminne i Noreg)..

Mange landbrukseigedomar er fråflytta

Av dei 143 300 landbrukseigedomane med bustadhus i 2020 var 21 prosent fråflytta eller eigedomane blei berre brukt som feriestad. Eigedomar med bustadhus utan busetjing varierte frå 11 prosent i Viken til 40 prosent i Nordland.

Figur 4. Del landbrukseiendommar med bustadhus som er utan fast busetjing. Fylke. 2020

Kartet viser del landbrukseigedomar med bustadhus  som er utan fast busetjing.

Stadig færre landbrukseigedomar driv jordbruk i eigen regi

I 2006 var det 49 700 eigedomar med aktiv jordbruksdrift. I 2020 hadde dette falle til 36 800 eigedomar, desse eigde 5,41 millionar dekar jordbruksareal. Samstundes var det 87 000 eigedomar som leigde bort til saman 4,72 millionar dekar jordbruksareal. På 43 900 eigedomar med 760 000 dekar jordbruksareal var det ikkje registrert jordbruksaktivitet.

For dei tre gruppene nemnt over, var del eigedomar med bustadhus utan fast busetjing høvesvis 5 prosent, 25 prosent og 39 prosent.

49 600 landbrukseigedomar hadde avverking i skogen i 10-årsperioden 2009–2018. Blant desse eigedomane var det 11 prosent som hadde bustadhus utan fast busetjing. Blant dei andre eigedomane med skogareal, men utan avverking i 10-årsperioden, var 19 prosent utan busetjing.