Resultat frå Landbruksundersøkinga 2021 viser at om lag 14 prosent av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2021, ein nedgang på 3 prosentpoeng frå 2016. Gjennomsnittleg investert beløp per jordbruksbedrift  i 2021 var 989 000 kroner, mot 582 000 kroner i 2016.

Figur 1. Jordbruksbedrifter med investering i jord- og hagebruk. Prosent

I 2021 blei det investert 3,2 milliardar kroner i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Om lag 30 prosent av bedriftene investerte i nye eller brukte maskiner og reiskap. Av bedriftene som investerte, blei det i gjennomsnitt investert 276 000 kroner i 2021, mot 217 000 kroner i 2016.

Figur 2. Investeringar i jord- og hagebruk. 1 000 kroner

¹ Årstallet er endret fra 2017 til 2016 31. januar 2023 kl. 11.30.

2,2 milliardar til vedlikehald

Om lag 70 prosent av jordbruksbedriftene hadde utgifter til vedlikehald av driftsbygningar i 2021. Utgiftene utgjorde i alt 2,2 milliardar kroner, og det svarar til drygt 81 000 kroner per jordbruksbedrift med utført vedlikehald. I 2016 blei det brukt 1,8 milliardar til vedlikehald, tilsvarande 58 000 kroner per jordbruksbedrift.

1,1 milliardar i leasing

Totalt leasa jordbruksbedriftene maskiner og reiskap for 1,1 milliardar kroner i 2021. I gjennomsnitt leasa kvar bedrift med leasing for 151 000 kroner. Til samanlikning leasa jordbruksbedriftene for 900 millionar i 2016, tilsvarande 114 000 per jordbruksbedrift.

Auke i energibruken

I 2021 blei det brukt 1,32 milliardar kWh elektrisk energi i jordbruket, tilsvarande 40 000 kWh per jordbruksbedrift.  I 2017 brukte jordbruksbedriftene 1 milliard kWh, og det ga eit gjennomsnitt per jordbruksbedrift på 36 000 kWh. Det totale forbruket av diesel var 141 millionar liter i 2021, og forbruket per jordbruksbedrift var 4 200 liter. Tilsvarande tal for 2017 var 134 millionar liter og 3 600 liter per jordbruksbedrift. Energiforbruket er ikkje korrigert for bedrifter med manglande opplysningar, og energiforbruk i veksthus er ikkje medrekna.