Statistikken over sjøfiske etter laks og sjøaure syner ein samla fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks på 136 tonn. Fangsten fordelte seg på 133,7 tonn laks, 1,9 tonn sjøaure og 0,4 tonn andre artar.

Nedgang i samla fangst, auke i laksefangst

Den samla fangsten av laksefisk: I denne samanhengen er det ei nemning for laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.  i 2022 var 136 tonn. Det er ein nedgang på 21 prosent frå året før, og den lågaste registrerte fangsten i sjølaksefisket. Fangsten av laks auka med 37 prosent frå 2021, og utgjorde 98 prosent av den samla fangsten i sjølaksefisket i 2022.

Mest laks i Troms og Finnmark

I Troms og Finnmark blei det fiska 73 tonn laks i 2022. Det er 16 tonn meir enn i 2021. Deretter følgjer Trøndelag, med 48 tonn laks, opp 18 tonn frå året før. Fangsten frå desse to fylka utgjorde 91 prosent av den samla fangsten av laks i 2022. Det var auke i alle fylka bortsett frå Rogaland og Vestland. Gjennomsnittsvekta for laks var 3,5 kg i 2022 mot 4,0 kg i 2021.

Figur 1. Sjøfiske etter laks og sjøaure. Fylke. 2022

¹ Opna for fiske i Drammensfjorden. ² Ikkje opna for fiske.

Det blei innført sterke reguleringar i fisket frå 2021. Laksefiske i sjø er inndelt i ti kystregionar og 37 fjordregionar. Det blei ikkje opna for laksefiske med fastståande reiskap i dei ni kystregionane sør for Finnmark, og nokre av fjordregionane vart opna for eit avgrensa fiske. Deler av Finnmark blei heller ikkje opna for sjølaksefiske med fastståande reiskap i 2021. Dette førte til ein rekordlåg laksefangst det året. For 2022 blei det berre små justeringar, der det mellom anna blei opna for fiske i Drammensfjorden. Det blei ikkje opna for fiske med krokgarn i 2022.

Ikkje år for pukkellaks

Pukkellaks har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år. I 2022 blei det rapportert ein fangst på 274 kg pukkellaks, 29 prosent mindre enn i 2020. I 2021 blei det landa 72 tonn av denne arten.