I alt blei det fiska og avliva 416 tonn laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i dei norske elvane i 2021. Dette er ein auke på 18 prosent frå 2020. I tillegg blei 105 tonn laks, sjøaure og sjørøye sleppt levande ut i elva igjen, ein nedgang på 18 prosent samanlikna med året før. Det er førebels tal for elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye 2021 som viser dette.

Figur 1. Elvefiske etter laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks

Rekordstor fangst av pukkellaks

Fangst av pukkellaks i elvane blei for første gong rapportert i 2019. Då blei det rapportert ein fangst på 13 900 pukkellaks på til saman 21 tonn. Fangsten av denne arten skal ikkje settast ut i elva igjen, og den rekordstore fangsten på 111 700 pukkellaks i 2021 utgjorde 57 prosent av den avliva fangsten av I denne samanhengen er det ei nemning for laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks.. Nesten all pukkellaks blei fiska i Troms og Finnmark, men det er registrert fangst av denne arten i alle fylka. Pukkellaksen er ikkje ønska i Noreg, og mange elvar i Troms og Finnmark hadde eige tiltaksfiske for pukkellaks.

Mindre fangst av atlantisk laks

Det blei fiska og avliva 56 900 atlantisk laks på til saman 197 tonn i elvane i 2021. Det er ein nedgang frå året før på 40 prosent i tal og 37 prosent i tonn. Det var nedgang i alle fylka, men størst nedgang hadde Finnmark. Der blei det fiska og avliva 13 600 lakser, 46 prosent færre enn i 2020.

Den rekordstore fangsten av pukkellaks førte likevel til at det var auke i den totale fangsten av avliva fisk både for landet og Troms og Finnmark.

Variasjonar i fangstane frå år til år heng i hovudsak saman med kor mykje laks som går opp i elvane og fiskeforholda i elvane. I tillegg blei det med omsyn på sårbare laksebestandar innført sterke reguleringar i laksefiske i 2021. Elvar blei stengde eller fekk redusert fisketid. Det blei gjort endringar i kvoteordningar og midtsesongevalueringar med forvaltningstiltak. Det blei ikkje opna for fiske i Tanavassdraget.

Mest avliva fisk i Vesterelva i Nesseby

Fangstane av pukkellaks i Troms og Finnmark gjer at det er store endringar i kva for elver som det vert fiska mest laksefisk. Dei tre elvane med størst fangst av avliva laksefisk i 2021 er Vesterelva i Nesseby, Neidenelva og Munkelva, med fangstar på høvesvis 20 300, 16 100 og 13 600 laksefiskar. Nesten all fangsten er pukkellaks. Ser ein bort frå pukkellaks, er det i Altavassdraget det blir fiska og avliva mest fisk, med 4 300 fiskar. Deretter følger Namsenvassdraget og Målselvvassdraget, med 4 100 og 3 700 avliva fiskar.

Tanavassdraget har vore eit av dei viktigaste laksevassdraga i Noreg, men i 2021 blei det ikkje opna for laksefiske i dette vassdraget.

Størst del fang og slepp i Orkla og Gaula

Orkla og Gaula er dei største vassdraga når det gjeld fang og slepp. I 2021 blei det fiska 5 300 laksefisk i Orkla, og 64 prosent av desse blei sette ut igjen. Tilsvarande tal for Gaulavassdraget var 5 100 fisk totalt, og av desse blei 63 prosent sette ut igjen.

Figur 2. Elver med størst fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks 2021. Førebelse tal

Pukkellaks er ein stillehavslaks som blei sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998. Den spreidde seg først til dei nordlege elvane i Noreg, der det no er påvist sjølvreproduserande bestandar. Laksen har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år. Denne framande arten er uønska i Noreg. Den vert forvalta med mål om å ha minst mogleg av den, og den skal ikkje settast levande ut i elva igjen. Pukkellaks vert og fanga i sjøen, og i 2021 blei det fiska 72 tonn pukkellaks i sjøen.