På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt mellom kl 16 og 18 i dag. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Tørkesommar gav minste elvefangst på 30 år

Publisert:

Det blei fiska nesten 150 000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i fjor – den minste fangsten sidan 1988. Den tørre og varme sommaren må ta mykje av skulda for den dårlege fiskesesongen.

Av den totale fangsten blei 78 prosent av fiskane avliva, medan 22 prosent blei sleppt levande ut igjen. Dette syner dei førebelse tala for elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye 2017.  

Sjølv om hovudbiletet er nedgang i fangsten – noko som til stor del skuldast ein uvanleg tørr og varm sommar – var det store variasjonar i dei ulike elvane. Dette heng saman med ulik regulering av fisketida og kor mykje laks som gjekk opp i elvane. Den varme sommaren gav høg temperatur i vatnet og låg vasstand i mange elvar.

Figur 1. Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye

Avliva fisk Fisk sleppt ut att
2009 143675 10095
2010 167182 19917
2011 151682 21441
2012 166461 25650
2013 143454 25442
2014 130272 31629
2015 162508 34982
2016 143403 36943
2017 144638 37214
2018* 114706 32089

Tana på topp

Den norske delen av Tanavassdraget var laksefiskevassdraget med flest landingar i 2018. Der drog fiskarane i land 10 000 laks, sjøaure og sjørøye, 33 prosent fleire enn året før.

Gjennomsnittsvekta på laksen fall frå 5,5 kg i 2017 til 3,5 kg i 2018. 98 prosent av fiskane i Tana vart avliva.

Etter Tana er det i Namsenvassdraget det blei fiska mest. Her blei det landa 7 500 laks, sjøaure og sjørøye, ein nedgang på 25 prosent frå året før. 87 prosent av fiskane vart avliva.

Mest fang og slepp i Gaula og Orkla

Gaula og Orkla er dei viktigaste vassdraga når det gjeld fang og slepp. I 2018 blei det fiska 5 500 laks, sjøaure og sjørøye i Gaulavassdraget. To tredelar av desse blei sleppte ut igjen, 17 prosent fleire enn året før.

I Orkla blei det landa 4 200 laks, sjøaure og sjørøye i 2018. Av desse blei 67 prosent sette ut igjen.

Figur 2. Elvar med størst fangst av laks, sjøaure og sjørøye 2018. Førebelse tal

Avliva fisk Fisk sleppt ut att
Stjørdalsvassdraget 1027 1663
Bjerkreimselva 2645 237
Drammenselva 3048 71
Mandalselva 3281 658
Orkla 1397 2850
Altavassdraget 4848 450
Gaulavassdraget 1810 3671
Målselvvassdraget 5398 345
Namsenvassdraget 6550 937
Tanavassdraget (norsk del) 9855 166

I dei fleste av dei største vassdraga vart det fiska færre fisk i 2018 enn året før. Til dømes hadde Målselvvassdraget ein nedgang på 5 prosent, og Altavassdraget ein nedgang i fangsten på heile 42 prosent.

I Drammenselva og Mandalselva blei det ein god sesong. Det blei fiska 3 900 laks, sjøaure og sjørøye i Mandalselva, 15 prosent fleire enn året før. Tilsvarande for Drammenselva var det drage opp 3 100 fiskar, 74 prosent fleire enn i 2017.

Faktaside

Kontakt