To av tre gardsbruk leiger jord

Publisert:

Leige av jord blir stadig meir utbreidd i jordbruket. 65 prosent av jordbruksbedriftene leigde heile eller delar av jordbruksarealet i 2010. Av jordbruksarealet i drift var totalt 4,2 millionar dekar, eller 42 prosent, leigejord.

fig-2011-12-19-01

I 1979 leigde 31 prosent av jordbruksbedriftene jordbruksareal, denne delen auka til 65 prosent i 2010. Tidlegare var det vanlegare at dei som leigde jord, leigde heile jordbruksarealet dei dreiv. Kvar fjerde av dei som leigde jord i 1979, leigde heile jordbruksarealet, medan denne delen var 12 prosent i 2010. I 2010 var den typiske leigaren av jord ein som leigde tilleggsjord frå ein eller fleire naboeigedomar. Halvparten av jordbruksbedriftene med leigejord leigde mellom 1 og 49 prosent av jordbruksarealet. 44 prosent av jordbruksbedriftene som leigde jord, hadde mellom to og fire leigeforhold. For alle jordbruksbedrifter med jordleige var det gjennomsnittleg 3,6 leigeforhold. Blant fylka hadde Troms flest, med gjennomsnittleg seks leigeforhold. Båe Agderfylka, samt Nordland og Finnmark, hadde i gjennomsnitt vel fem leigeforhold.

Det leigde jordbruksarealet var 4,2 millionar dekar, eller 42 prosent, av jordbruksarealet i drift i 2010. I 1989 og 1999 var denne delen respektive 23 og 31 prosent. I 2010 varierte delen leigejord mellom fylka, frå 32 prosent i Nord-Trøndelag til 59 prosent i Aust-Agder.

Sidan 1984 har jordbruksareal i drift i hovudsak blitt publisert etter den kommunen jordbruksbedrifta sitt driftssenter ligg. Jordeige og -leige på tvers av kommunegrenser gjer at ein då ikkje viser ein kommunes faktiske jordbruksareal. I Statistikkbanken kan ein sjå både kommunens faktiske jordbruksareal, og det jordbruksarealet som jordbruksbedriftene i kommunen driv.

Tabeller:

Kontakt