Samfunnsspeilet, 2012/3

Fritidsfiske etter laksefisk

Når villaksen bit i norske elvar

Publisert:

For fritidsfiskaren kan lite måle seg med å overliste storlaksen. Sommaren 2011 vart det drege på land i overkant av 173 000 laks, sjøaure og sjørøye i norske elvar. Av dei vart 21 400 sleppte ut att levande. Det var om lag 70 000 laksefiskarar som stod for denne fangsten. Trass i at villaksen er under press, har den samla fangsten frå elvane halde seg godt over tid. Sjøfisket etter laks er derimot kraftig redusert dei siste tiåra.

I Noreg har vi fiska laks sidan laksen etablerte seg i elvane etter siste istid. Fram til midten av 1800-talet var laksefisket i all hovudsak matauk og ein viktig del av naturalhushaldet. I 1860-åra kom dei første britiske laksefiskarane, gjerne kalla lakselordar, til Vestlandet. Desse vart kjende for sine karakteristiske tweedantrekk og gjorde laksefiske til ein sport.

I åra som følgde kom det stadig fleire engelske lordar til Noreg for å fiske laks. Den første sportsfiskaren i Stryn, skotten James Cowan, leigde Strynelva for ti år i 1874. Oldenelva vart frå 1871 leigd av engelskmannen Edmund Byron. Han bygde seg sommarhus og budde der fram til 1890-åra og hadde mellom anna keisar Wilhelm II av Tyskland og kong Oscar II av Sverige/Noreg som gjester (NRK 2009, 2011). Sjølv i dag er det ein og annan lakselord som oppsøkjer norske elvar, men det er snart historie.

Konkurranse om dei beste fiskekorta

Frå slutten av 1800-talet utvikla elvefisket seg meir og meir til sportsfiske med utleige av fiskerettar. Fram til etter andre verdskrigen var laksefisket noko som i stor grad vart utøvd av bedriftseigarar og folk frå høgare sosiale lag. I tiåra etter krigen sørgde velstandsauken for at det no er laksefiskarar frå alle sosiale lag. I dei beste elevane er det i dag stor konkurranse om dei beste fiskekorta. Kvart år blir det til dømes trekt ut nokre hundre fiskarar av fleire tusen interesserte som får kjøpe fiskekort i Altaelva. Dei første som blir trekte ut, får velje tidspunkt og fiskeplass først.

Fangst i elvane har auka etter 1970 …

Frå registreringane tok til i 1870-åra til omkring 1970 gjekk det samla utbytet i elvane i røynda ned, sjølv om fangsten, etter statistikken å døme, heldt seg på om lag same nivå (sjå figur 1). Hovudforklaringa til det er at statistikken frå byrjinga av 1800-talet berre omfatta 54 elvar. Talet på elvar med registrert fangst auka monnaleg på midten av 1900-talet, og det var omkring 170 elvar i 1960-åra. I teorien skal det vere mogeleg å fiske etter laksefisk i bortimot 1 200 norske elvar og bekker. I om lag 400 av elvane kan vi fiske etter laks, medan vi i resten av dei kan få sjøaure og sjørøye.

I 2011 var det godt og vel 350 elvar med registrert fangst (sjå figur 2). I heile perioden det er laga statistikk, er det registrert fangst i meir enn 700 ulike elvar, men mange av desse har låge fangstar. Trass i aukande trugsmål frå mellom anna oppdrettsfisk, lakselus og lakseparasittar, har den registrerte elvefangsten auka etter 1970. Hovudforklaringa til det er den markerte nedgangen i næringsfiske etter laks i sjøen som har funne stad etter 1970. I tillegg har talet på elvar det blir registrert fangst i, auka jamt og trutt.

Fangsten i elvane har variert over tid, men det generelle nivået er høgare i dag enn før 1970. På midten av 1970-åra var det ein sterk oppgang, men toppen vart nådd i 2000-2001. Da var den totale elvefangsten 660 tonn. Ser ein på enkeltelvar, er det Tana som er den viktigaste lakseelva (sjå figur 6). Toppfangsten i Tana var i 1975. Da vart det teke 184 tonn laks, sjøaure og sjørøye.

Figur 1. Sjø- og elvefiske1 etter laks, sjøaure og sjørøye. 1876-2011. Tonn

Figur 1. Sjø- og elvefiske1 etter laks, sjøaure og sjørøye. 1876-2011. Tonn

Figur 2. Fangst av laksefisk i elvane1 og talet på elvar med fangst. 1876-2011. Tonn og stk

Figur 2. Fangst av laksefisk i elvane1 og talet på elvar med fangst. 1876-2011. Tonn og stk

Figur 3. Talet på laksefiskarar i sjø og elv1. 2002-2011. Stk

Figur 3. Talet på laksefiskarar i sjø og elv1. 2002-2011. Stk

Figur 4. Fangst av laksefisk i elvane1. 2002-2011. Kg

Figur 4. Fangst av laksefisk i elvane1. 2002-2011. Kg

… medan fangst av laksefisk i sjøen har stupt

Tilhøvet mellom rapportert fangst frå sjøfiske og elvefiske har endra seg mykje frå starten i 1876 til i dag. Fram til 1989, da drivgarnfiske vart forbode, vart det fiska mykje meir laksefisk i sjøen enn i elvane. Sjøfiske etter laks var ei viktig næring for mange og hadde sin topp i 1960- og 1970-åra. Undersøkingar av lønsemda i sjøfisket i seinare tid syner at det i dag er få som har monnalege inntekter frå dette (Mørkved og Krokan 1997).

Frå 1990 til 2007 var det liten skilnad mellom fangstmengda i sjø og elv. Sterke reguleringar i sjøfisket frå og med 2008 førte til rekordlåge laksefangstar i sjøen. Sjølv om det også har vore reguleringar i elvane, har fangsten frå elvefisket vore høgare enn frå sjøfisket sidan 2008.

Redusert innsig av laks til norske elvar

Utrekningar gjort av Vitenskapelig råd for lakseforvaltning (2011) syner at innsiget av laks til norske elvar er mindre enn nokon gong. Frå 1983 til 2010 er det redusert med 59 prosent. Det er i hovudsak smålaks under tre kilo det har vorte mindre av, og grunnen til nedgangen kan knytast til overlevingstilhøva i havet. For å kompensere for dette er fisket i elvane og ikkje minst i sjøen vorte meir og meir avgrensa i denne perioden.

Lakselus og rømt oppdrettsfisk blir rekna som dei største trugsmåla mot laks, og ein reknar med at desse faktorane er viktige årsaker til lågt innsig av laks i elevane på Vestlandet. Dette problemet har vore aukande på grunn av sterk vekst i produksjonen av oppdrettsfisk dei siste tiåra. Innslaget av opprettslaks i sportsfisket i elvane er estimert til 6-9 prosent dei ti siste åra.

Figur 5. Fangst av laks, sjøaure og sjørøye, etter fylke. 2011. Kg

Figur 5. Fangst av laks, sjøaure og sjørøye, etter fylke. 2011. Kg

Framleis mange utanlandske fiskarar

For å få lov til å fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i vassdrag eller med fastståande reiskap i sjøen må ein betale fiskaravgift. Ut frå innbetalt fiskaravgift har Direktoratet for naturforvaltning rekna ut talet på fiskarar i vassdraga. Ein tidsserie frå og med 2002 viser at det har blitt noko færre fiskarar sidan då, men i 2011 var det framleis 69 900 som fiska etter laksefisk i norske vassdrag (sjå figur 3). Ei mogeleg forklaring på at det var ein såpass stor nedgang i talet på fiskarar i 2011, er at fleire elvar var stengde for fiske. Vi har diverre ikkje tal som syner kor mange som fiska i dei ulike elvane.

Undersøkingar frå 2008 (Tangeland mfl.) synte at om lag 30 prosent av dei som fiska laks i norske elvar, var utlendingar. Dei fleste utlendingane kom frå Danmark, Finland, Sverige og Tyskland. Av dei norske fiskarane var det ei klar overvekt av menn. Berre 5 prosent av fiskarane var kvinner. Undersøkinga synte òg at meir enn halvparten av laksefiskarane hadde høgare utdanning, og at ein norsk laksefiskar i gjennomsnitt hadde ei bruttoinntekt på 561 000 kroner i 2008. Til samanlikning var gjennomsnittsinntekta for heiltidstilsette dette året 425 000 kroner.

Nedgang i fangsten dei siste ti åra

Etter at samla fangst i elvane nådde ein topp i 2001, har fangsten i elvane gått noko ned att. Den lågaste fangsten det siste tiåret vart registrert i 2009, 370 tonn. Etter det har det vore auke, og i 2011 var fangsten 445 tonn (sjå figur 4). Fangsten i elvane har auka etter 2009 sjølv om talet på fiskarar (figur 3) har gått noko ned. Denne auken kan ha fleire årsaker, men naturlege variasjonar i laksebestanden og sterkare regulering av sjølaksefisket er den mest nærliggjande forklaringa.

Tana har ein årleg gjennomsnittsfangst dei siste ti åra på 52 tonn. Deretter følgjer Gaula og Orkla, med høvesvis 34 og 24 tonn i gjennomsnitt per år, og i desse tre elvane er også gjennomsnittsvekta på laksen høg­are enn landsgjennomsnittet. Blant fylka er det da også i Finnmark og Sør-Trøndelag ein fann dei største fangstane i 2011. Medrekna fisk som vart sleppt levande ut att, var fangsten høvesvis 113 tonn og 72 tonn i desse fylka (sjå figur 5).

Fang og slepp - opplevinga i høgsetet

I dei seinare åra har det vore satt i gang tiltak for å auke gytebestanden i vassdraga. Eit av tiltaka er fang og slepp. Det vil seie at fiskaren slepper fisken levande tilbake i elva. I somme elvar må holaks, vinterstøingar (laks som er utgytt) eller fisk som er under minstemålet, settast ut i elva igjen. I andre elvar er det innført kvoter. Mange sportsfiskarar vel òg å sette ut att fisken, sjølv om dei ikkje må det.

Opplysningar om kor mange fiskar som blir sleppte levande ut i elvane att, vart første gong samla inn og publisert av SSB i 2009. Ein reknar med at desse tala er noko låge dei første åra, da ikkje alle elvar har rutinar for slik innrapportering. I 2009 vart det rapportert inn at 6 700 laks og 3 400 sjøaure og sjørøye vart sett ut att. Tilsvarande tal for 2011 var 14 300 laks og 7 100 sjøaure og sjørøye (sjå figur 7). Gjennomsnittsvekta for laks var 4,3 kg i 2011. Gaula og Orkla var dei vassdraga der fang og slepp hadde størst omfang, medan Tana enno ikkje har rapportert dette.

Om vi slår saman ordinær fangst og fangsten som blir sleppt ut att levande, vart til saman 173 100 laksefiskar tekne opp frå elvane i 2011 (sjå figur 8). Dette fordeler seg på 117 000 laks og 56 200 sjøaurar og sjørøyer. Gjennomsnittsvekta for laks var 3,9 kg og for sjøaure og sjørøye 1,0 kg

Figur 6. Fangst1 av laks, sjøaure og sjørøye i Tana, Gaula og Orkla. 2002-2011. Kg

Figur 6. Fangst1 av laks, sjøaure og sjørøye i Tana, Gaula og Orkla. 2002-2011. Kg

Figur 7. Fisk fanga og sleppt ut att. 2009-2011. Stk

Figur 7. Fisk fanga og sleppt ut att. 2009-2011. Stk

Figur 8. Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. 2009-2011. Stk

Figur 8. Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. 2009-2011. Stk

Stadig meir regulering av laksefisket

I 1989 var 15 prosent av laksevassdraga i Noreg stengt for fiske av laks av ulike årsaker. I 2011 var heile 25 prosent av elvane stengt for fiske (Langset og Staldvik 2011). I tillegg til freding er det dei siste åra teke i bruk døgnkvoter, vanlegvis på ein til tre fiskar per døgn.

Etter ei sterk avkorting av fisketida for bruk av fast fangstreiskap som laksekasser, garn og teiner i elv etter laks frå 1850 til 1900 var lengda på fiskesesongen nærmast uforandra frå 1900 til 1960. Denne typen fiske vart forbode i nesten heile landet i 1980. Berre i nokre få elvar i Finnmark og i Numedalslågen har det vore opent for bruk av fast fangstreiskap etter 1980. Allereie i 1930 var det forbode å fiske i laksetrappene, og alt fiske vart forbode rett ovanfor og nedanfor dei. Den gjennomsnittlege perioden for stong- og handsnørefiske i elv etter laks er redusert frå vel 200 dagar i 1850 til om lag 75 dagar i 2010.

Det er sjøfisket etter laksefisk med fastståande garnreiskap som har vore gjenstand for dei kraftigaste reguleringane. Fisketida er gradvis korta ned frå 200 dagar i året i 1850 til under tolv dagar i 2010. Ei endring som fekk stor innverknad på fangsten, var innføring av forbod mot drivgarnsfiske frå og med 1989. Frå 1997 vart det forbode å fiske med krokgarn i fylka frå og med Rogaland til Troms. I 2008 vart fisketidene korta ned enda meir, og i somme område er det ikkje opna for fiske i den ordinære sesongen.

Laksefiske i andre europeiske land

Den atlantiske laksen er ettertrakta i fleire europeiske land. The Salmon Atlas (2012) publiserer fangststatistikk for dei beste elvane i ei rekkje land. I dei 52 beste elvane i Skottland drog fiskarane 70 600 laks på land i 2010. I desse elvane har fangsten auka med 32 prosent frå år 2000. Island har mange små lakseførande elvar. I 2010 vart det til saman fiska 55 800 laks i dei 37 beste islandske elvane. Det er ei dobling av den årlege fangsten frå 2000. Ein finn elles brukbare lakseelvar i mange europeiske land. Det største laksevassdraget i Europa er Tana, som renn langs grensa mellom Noreg og Finland. Fangsten på finsk side er vanlegvis noko større enn på norsk side.

Datainnsamling og kvalitet på statistikken før og no

Innsamlinga av fangststatistikk i norske elvar vart sett i gang i 1876 av daverande fiskeriinspektør Landmark ( Statistisk sentralbyrå 1968 ). I innleiinga til laksestatistikken frå 1876-1879 skreiv han at han …

«… vil sørge at give en samlet Oversigt over disses Afkastning i den heromhandlede Periode. Da Oppgave herover aldrig forhen har været meddelt, vil en saadan selvfølgelig være af stor Interesse ikke blot for den nærværende Tid, men ogsaa for al Fremtid …»

Han var fullstendig klar over at det var ei krevjande oppgåve å lage god fangststatistikk og skreiv vidare:

«Idet jeg saaledes ingenlunde tør tillegge de framstillede resultater af mine Undersøgelser nogen høi Grad af Nøyaktighed, tør jeg dog med Sikkerhet antage, at mine Tallstørrelsers Afvigelse fra det Sande ikke er større, end at de i Hovedtrækkene frembyde et korrekt Billede af Forholdene.»

Fram til 1993 vart statistikken samla inn av laksestyra, og statistikken var knytt til innbetaling av lakseskatt. Dette gjorde at det var vanskeleg å få inn rapportar ein kunne lite på. Frå 1993 vart lakseskatten borte, og fylkesmennene overtok ansvaret for å samle inn fangstrapportane og rapportere vidare til Statistisk sentralbyrå. Etter det er det grunn til å tru at kvaliteten har vorte betre. Undersøkingar har likevel synt at den reelle fangsten er noko høgare enn den offisielle statistikken syner ( Statistisk sentralbyrå 1983 ). Dels kjem det av manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane, og dels på grunn av ulovleg fangst. Frå 2009 vart det påbod om innrapportering av fisk som blir sett ut att etter at han er fanga, og kvaliteten på denne statistikken er enno noko ujamn.

Referansar

Langset, M. og Staldvik, F. (2011): Utvikling i offentlige reguleringer av laksefiske i sjø og vassdrag 1850-2010 - med hovedvekt på fisketid , Notat nr. 5, 2011, Kunnskapssenteret for laks og vannmiljø; Namsos 2011.

Mørkved, O.J. og P.S. Krokan (1997): Inntekts- og kostnadsforhold i det norske sjølaksefisket med faststående redskap , Rapport til Havbeiteprogrammet PUSH og Direktoratet for naturforvaltning, Trondheim.

NINA Rapport 545, Norsk institutt for naturforskning (NINA), Lillehammer.

NRK (2009): Lakselordar og fjellklatrarar dei første turistane.

NRK (2011): Han er ein av dei siste lakselordane som framleis kjem til Noreg kvart år

Statistisk sentralbyrå (1968): Lakse- og sjøaurefiske 1963-1966 , Norges offisielle statistikk A 229.

Statistisk sentralbyrå (1983): Lakse- og sjøaurefiske 1983 , Norges offisielle statistikk B 491.

Tangeland, T., Andersen, O., Aas, Ø. og P. Fiske (2010): Elvefiske etter anadrome laksefisk i Norge sesongen 2008 ,

The Salmon Atlas (2012): http://www.salmonatlas.com/salmon-statistics

Vitenskapelig råd for lakseforvaltning (2011): Status for norske laksebestander i 2011 , Rapport fra vitenskapelig råd for lakseforvaltning nr 3.

Kontakt