Kven er yrkesfiskaren – og kva tener han?

Publisert:

Den gjennomsnittlege yrkesfiskaren er ein mann på 45 år. Han bur i einebustad og hadde ei bruttoinntekt på 892 000 kroner i 2017. Bortimot 60 prosent er gifte eller sambuande.

Fiskaryrket er fysisk krevjande og har til alle tider vore mannsdominert. Effektivisering, teknologisk utvikling og omfattande reguleringar av kvoter og løyver har ført til at talet på fiskarar har gått jamt nedover i fleire tiår. I 1950 var det tett innpå 100 000 som livnærte seg heilt eller delvis som yrkesfiskarar. I 2017 var talet redusert til 11 300, og av desse hadde knapt 9 500 fiske som hovudnæring. Av dei igjen var det berre litt over 300 kvinner.

Fire av fem med næringsinntekt

Nesten 7 900 av fiskarane med fiske som hovudyrke hadde positiv næringsinntekt frå fiske, medan 1 700 ikkje var registrerte som sjølvstendig næringsdrivande. I gjennomsnitt var næringsinntekta frå fisket dei dreiv 643 000 kroner for heiltidsfiskarane med positiv næringsinntekt i 2017. Median næringsinntekt frå fisket låg på 601 000 kroner. Det vil seie at halvparten av fiskarane med fiskeinntekt sat att med over 600 000 kroner i skattbart overskot frå fiskeri. Om lag 1 200 fiskarar hadde mellom 1 og 2 millionar kroner i næringsinntekt, medan 90 fiskarar hadde næringsinntekt på over 4 millionar kroner etter fiskeria.

I alt utgjorde samla næringsinntekt frå fiske 5,6 milliardar kroner i 2017, og litt over 5 milliardar gjekk til dei med fiske som hovudnæring.

Figur 1. Næringsinntekt frå fiske for sjølvstendig næringsdrivande fiskarar. 2017

Kroner Fiskarar (antall)
Under 200000 1300
200000-499000 1909
500000-999000 3361
1000000 - 1999999 1200
Over 2000000 90

Figur 2. Inntekt for fiskarar med positiv næringsinntekt frå fiske. 2017

Lønsinntekt 14 % Anna næringsinntekt 5 % Næringsinntekt fiske 69 % Kapitalinntekt mv. 8 % Pensjonsinntekt 4 %
Kroner 1062000000 347000000 5059000000 553000000 302000000

Tabell 1. Bruttoinntekt, næringsinntekt og gjeld for yrkesfiskarar med næringsinntekt frå fiske. Fylke. 2017

Til tabellen

Dei godt vaksne fiskarane tente best

Ikkje overraskande er det dei eldre, etablerte fiskarane som tente best. Blant fiskarane i aldersgruppa 50-59 år var gjennomsnittleg bruttoinntekt på 1 033 000 kroner i 2017. Til samanlikning var gjennomsnittet 660 000 kroner i aldersgruppa 20-29 år.

Knapt 22 prosent av fiskarane er i aldersgruppa 50-59 år, medan 18 prosent er i gruppa 20-29 år.

Figur 3. Gjennomsnittleg og median bruttoinntekt for yrkesfiskarar i 2017

Gjennomsnittleg bruttoinntekt Median bruttoinntekt
16-19 år 305934 233034
20-29 år 660183 624240
30-39 år 859955 810922
40-49 år 968127 853693
50-59 år 1032673 841783
60-69 år 1011462 709592
70 år og eldre 816713 478647

Figur 4. Aldersfordeling blant fiskarar med fiske som hovudyrke. 2017

Fiskarar (antall)
16-19 år 196
20-29 år 1743
30-39 år 1640
40-49 år 1895
50-59 år 2067
60-69 år 1485
70 år og eldre 490

Mennene håva inn mykje meir enn kvinnene

Ikkje berre er kvinnene få, dei tener også mindre enn dei mannlege kollegaene. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for dei kvinnelege fiskarane var 515 000 kroner, medan mennene hadde 905 000 kroner i snitt i 2017. Median bruttoinntekt var noko mindre for båe kjønn, høvesvis 758 000 kroner for mennene og 447 000 kroner for kvinnene. Rett nok er gjennomsnittsalderen til kvinnene litt lågare, men det er neppe hovudårsaka til den store skilnaden.

Flest fiskarar frå Møre- og Romsdal og Nordland

Vi finn yrkesfiskarar i alle fylke, men dei fleste bur sjølvsagt langs kysten. Det er flest busette med fiske som hovudyrke i Nordland og Møre og Romsdal. I alt budde 2 200 i Nordland, medan 1 950 var busette i Møre og Romsdal. Tromsø og Ålesund er kommunane som har flest innbyggjarar med fiske som hovudyrke, med høvesvis 332 og 310.

Fiskarane frå Møre og Romsdal var også dei som sat att med størst bruttoinntekt i 2017, i gjennomsnitt 1 030 000 kroner kvar. For dei med næringsinntekt frå fiske i dette fylket, var snittet 748 000 kroner.

7 prosent hadde over 4 millionar kroner i gjeld

Personar med fiske som hovudyrke hadde i gjennomsnitt 1,37 millionar kroner i gjeld i 2017. Drygt ein fjerdedel hadde meir enn 2 millionar kroner i gjeld, medan 44 prosent hadde ei gjeld under 500 000 kroner.

Tabell 2. Tal på fiskarar, bruttoinntekt, gjeld og formue for fiskarar med fiske som hovudnæring. Fylke. 2017

Til tabellen

4 av 5 bur i einebustad

Over 80 prosent av yrkesfiskarane bur i einebustad, 12 prosent bur i tomannsbustad eller rekkehus, medan resten er busette i andre bygningstypar. Bortimot 40 prosent av fiskarane er gifte, medan 20 prosent er sambuarar. Nesten ein tredjedel bur åleine, medan 1 av 10 bur heime hjå foreldra.

Kvar er tala i artikkelen henta frå?

Artikkelen tek utgangspunkt i alle personar som var førte opp i Fiskarmanntalet med fiske som hovudnæring i 2017. Fiskarmanntalet er eit register over personar som er busette i Noreg, og som har fiske eller fangst i havet som einaste leveveg, eller saman med anna næring eller anna arbeid. Registeret omfattar både sjølvstendig næringsdrivande og lønsmottakarar. For å kunne delta i deltakarregulert fiske, er det eit krav at eigaren av fartøyet står i manntalet. Det er ikkje noko absolutt krav om at resten av mannskapet på båten står i manntalet, men berre dei som står i Fiskarmanntalet, har rett til sjukepengar og andre trygderettar og sosiale rettar i fiske. Dei som er omfatta av pensjonstrygd for sjømenn, kan få unntak frå oppføring i manntalet.

Vidare er det kopla på inntektsopplysningar frå skattemeldinga for personar og personopplysningar frå befolkningsregisteret. Berre fiskarar med registrerte skatteopplysningar inngår i datagrunnlaget. Det er derfor litt færre personar som er grunnlag for denne artikkelen enn talet på fiskarar i Fiskarmanntalet.

Les meir om Fiskarmanntalet på nettsidene til Fiskeridirektoratet.

Faktaside

Kontakt