Kvar bit storlaksen best?

Publisert:

Tana tronar på toppen av lista over norske elvar og vassdrag der det i gjennomsnitt er teke flest fisk dei siste ti åra. På dei to neste plassane følgjer Namsenvassdraget og Altavassdraget. I Tana har fangsten vore rett under 11 000 fisk i året i gjennomsnitt.

Figur 1 Elvar med størst gjennomsnittleg fangst av laksefisk 2010-2019

Avliva fisk Fisk sleppt ut att
Tana m/bielver (norsk del) 10676 197
Namsenvassdraget 7364 494
Altavassdraget 6227 808
Målselvvassdraget 5996 342
Gaulavassdraget 2679 2414
Bjerkreimselva 4524 490
Orkla 2010 2311
Numedalslågen 3595 131
Salangsvassdraget 2552 649
Vestre Jakobselv 2206 993
Mandalselva 2654 500
Repparfjordelva m/Skaidijohka 2650 289
Stjørdalsvassdraget 1370 881
Årgårdsvassdraget 2041 177
Drammenselva 2034 64

Det årlege laksefisket er sommarens høgdepunkt for mange. I år har det mange stader vore mykje snø i fjellet og alt ligg til rette for god vassføring og godt fiske.

Namsen beste elv i 2019

Sjølv om Tana kan vise til beste gjennomsnitt, var det i Namsen fiskarane hala på land flest fisk i 2019. Tana og Alta følgde deretter. I snitt fekk fiskarane 5 prosent færre fisk i 2019 enn dei fekk i snitt dei ti siste åra. For Tana låg fangsten langt under snittet dette året. Sjå statistikken for elvefiske 2019 her.

I alt vart det rapportert om fangst av laksefisk i rundt 400 elvar og vassdrag i 2019. Her finn du ut kor stor fangsten var i kvar av elvane i 2019.

Fang og slepp blir meir vanleg

Dei siste åra har delen fisk som blir fanga og sleppt levande ut att auka frå vel 10 prosent i 2012 til 20 prosent i 2019. I ein del elvar vert ein stor del av fisken som bit på kroken sleppt ut att. Dette gjeld mellom anna i Gaulavassdraget og Orkla, der omkring halvparten av fangsten er sleppt ut at dei siste ti åra. Dette gjer at fleire får kjenne på gleda ved å få laks på kroken. Her kan du finne ut kor stor del av fangsten i elvane som er sleppt ut att.

Fleire gytefisk trass lågare innsig

I følgje Vitenskapelig råd for lakseforvaltning er innsiget av laks frå havet halvert sidan 1980-åra. Likevel er det fleire fisk som gyt i elvane no, sidan fisket etter laks i både sjø og elv er såpass hardt regulert at det veg opp for redusert innsig. Trenden er likevel at fangsten i norske elvar har minka sidan tusenårsskiftet.

Finnmark og Trøndelag byr på størst sjanse for fisk

Om lag 47 500 laksefisk, mest i landet, vart landa i Finnmark i 2019. Trøndelag og Nordland følgjer deretter med ein samla fangst på høvesvis 26 900 og 19 100 fisk. Flest storlaks, minst 7 kilo, fekk ein i Trøndelag. Gaula og Orkla var på topp med høvesvis 1 350 og 1 125 fiskar.

Også på Austlandet er det mogeleg å få laks; Drammenselva var i snitt 15. beste elv siste tiårsperiode. Skitt fiske!

Faktaside

Kontakt