Jordleige stadig meir utbreidd

Publisert:

I løpet av dei siste 50 åra har del leigejord av jordbruksareal i drift auka betrakteleg. I 2019 var delen leigejord 46 prosent av alt areal i drift. I 1969 var 15 prosent av jordbruksarealet leigejord.

Leige av tilleggsjord tok til på 1950-talet. Før den tid førekom jordleige hovudsakeleg som forpakting av heile landbrukseigedomar, inklusive driftsbygningar og bustadhus. Sjølv om talet på jordbruksbedrifter er blitt redusert kraftig dei siste 50 åra, har det totale jordbruksarealet i drift halde seg relativt stabilt. Dette kjem av at leige av jord blir stadig meir utbreidd i jordbruket. Mykje jordbruksareal på bedrifter som legg ned drifta, blir halde i drift gjennom jordleige.

Tredobling av jordleige sidan 1969

Av det totale jordbruksarealet i drift på 9,55 millionar dekar i 1969 var 1,40 millionar dekar, eller 15 prosent, leigejord. I 2019, som førebels er siste år med tilgjengelege tal, utgjorde leigejord 4,55 millionar dekar, eller 46 prosent, av det totale jordbruksarealet i drift på 9,84 millionar dekar.

Figur 1

Figur 1. Leigd jordbruksareal i drift og talet på jordbruksbedrifter

Meir leigejord per jordbruksbedrift

Jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift har auka frå 62 dekar i 1969 til 252 dekar i 2019. Samstundes har leigd jordbruksareal per bedrift auka frå 9 dekar til 116 dekar.

1 Tala er rekna ut frå alle aktive jordbruksbedrifter

Figur 2. Jordbruksareal i drift og leid jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift¹

Jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift Leigd jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift
1969 61.6 9.0
1979 76.1 15.5
1989 99.7 23.3
1999 146.8 45.8
2009 212.7 86.4
2019 251.8 116.3

To av tre jordbruksbedrifter leigde jord i 2019

Av dei totalt 155 000 jordbruksbedriftene i 1969, var det 21 prosent som leigde jordbruksareal. I 2019 var det 67 prosent av totalt 39 100 jordbruksbedrifter som leigde jord. Av dei 26 000 jordbruksbedriftene med leigejord i 2019, var det 11 prosent som leigde heile jordbruksarealet og 41 prosent som leigde mellom 50 og 99 prosent av arealet.

Dei 26 000 jordbruksbedriftene med jordleige hadde til saman 107 200 leige­forhold i 2019. Det vil seie om lag 4 leigeforhold i snitt.

Regionale skilnader

Størst del jordleige av jordbruksareal i drift var det i fylka Troms, Aust-Agder og Telemark med høvesvis 64, 62 og 61 prosent. Rogaland hadde minst del leigejord med 36 prosent.

Ei jordbruksbedrift kan ha areal i fleire kommunar. Statistikken for 2019 viser at om lag 409 000 dekar jordbruksareal i drift ligg i andre kommunar enn der driftssenteret ligg, av dette utgjer leigd areal 338 000 dekar.

Figur 3

Figur 3. Del leigejord av jordbruksareal i drift,  etter kommune og fylke. 2019

Sjå fleire tal for jordleige

Store variasjonar i jordleigeprisane

Prisane på leige av jordbruksareal varierer mykje etter bruken av arealet, etter kor arealet ligg og om det er «god» eller «dårleg» jord. Jord som er dårleg grøfta eller på annan måte er i dårleg stand vert karakterisert som «dårleg» jord. Bratt jord, dårleg arrondert jord eller vanskeleg tilgjengeleg jord kan også bli rekna som «dårleg» jord.

Det blir innhenta leigeprisar for seks arealtypar: areal til dyrking av gras, korn, potet, grønsaker/bær, samt innmarks­beite og utmarksbeite. I 2019 var gjennomsnittsprisane per dekar for «god» jord følgjande: grønsaker/bær 1 020 kr, potet 678 kr, korn 374 kr og gras 264 kr. Leigeprisane for innmarksbeite og utmarksbeite var mykje lågare, med respektive 71 og 19 kr per dekar.

Figur 4. Gjennomsnittspris for god leigejord til ulike føremål. 2015-2019. Heile landet

Areal til grasdyrking Areal til korndyrking Areal til potetdyrking Areal til grønsaker/bær
2015 257 340 594 854
2016 273 361 606 901
2017 266 348 662 982
2018 263 369 661 985
2019 264 374 678 1020

Det er store prisskilnader etter område. I 2019 hadde Rogaland dei høgaste leigeprisane for areal til gras-, korn-, og potetdyrking samt for innmarksbeite. For areal til grønsak- eller bærdyrking hadde Austlandet høgast gjennomsnittleg leigepris med 1 103 kr per dekar, deretter følgde Rogaland med 1 045 kr. Nord-Noreg hadde dei lågaste gjennomsnittsprisane for alle føremål i 2019, med unnatak for innmarksbeite.

Prisnivået heng saman med om det er stor eller liten etterspurnad etter areal. I område med betydeleg potet- og grønsakproduksjon har jorda behov for vekstskifte, noko som kan gi auka leigeprisar. I område der etterspurnaden er liten, blir jordbruksareal ofte leigd ut utan betaling. Eller betalinga skjer i form av motytingar som til dømes gjerdehald, brøyting og ved.

1 Vestlandet og Nord-Noreg har så lite korndyrking at det ikkje blir samla inn leigeprisar.

Figur 5. Gjennomsnittspris for god leigejord til ulike føremål, etter område¹. 2019

Austlandet Telemark/ Agder Rogaland Vestlandet Trøndelag Nord-Noreg
Grasdyrking 306 213 450 132 207 97
Korndyrking 390 263 591 286
Potetdyrking 712 534 757 436 645 216
Grønsak-/bærdyrking 1103 699 1045 487 862 234

Faktaside

Kontakt