Gode engavlingar i 2019

Publisert:

Endret:

Engavlinga i 2019 var 3,2 millionar tonn rekna som tørt høy, og det er over 50 prosent meir enn avlinga som blei oppnådd under tørkesommaren året før.

Førebelse tal frå statistikken Potet og grovfôravlingar viser at det ved førsteslåtten i 2019 blei hausta 4,5 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,0 millionar dekar¹. I tillegg blei om lag 0,5 millionar dekar eng berre beita.

1 Omfattar all avling frå eng til slått omrekna via tørrstoff til høy.

Figur 1. Avling av eng til slått¹

2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019*
1000 tonn 2393 2523 2713 2418 2825 3036 2808 2603 2047 3243

80 prosent som rundballar

Ved førsteslåtten ble 81 prosent av graset hausta som rundballar, medan 16 prosent blei lagt i silo. Ein like stor del blei lagt i silo ved etterslåtten, medan delen som vart hausta som rundballar auka til 83 prosent. Berre 3 prosent av graset frå førsteslåtten blei tørka som høy, og ved etterslåtten utgjorde høy berre 1 prosent.

Auka avling av andre grovfôrvekstar

Andre grovfôrvekstar enn eng blei dyrka på 107 000 dekar i 2019, ein nedgang på 3 prosent frå året før. Raigras og grønfôrblandingar av korn utgjorde kvar for seg 45 og 52 prosent av arealet av andre fôrvekstar. Samla avling av andre grovfôrvekstar var 171 300 tonn, der raigras utgjorde 56 prosent og kornvekstar til grønfôr 41 prosent av avlinga. Samanlikna med året før, auka avlinga av andre grovfôrvekstar med 47 prosent.

Meir poteter

I 2019 blei det hausta 332 200 tonn poteter, ein auke på knapt 2 prosent frå året før. Potetarealet utgjorde knapt 117 000 dekar i 2019, og gjennomsnittleg potetavling per dekar var 2 800 kilo.

Figur 2. Avling av poteter

År 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019*
1000 tonn 333 296 305 318 358 305 351 315 326 332

 

¹ Tall for etterslått rettet 20. februar 2020, kl. 09.25.

 

Faktaside

Kontakt