Fisket verdt 21 milliardar kroner

Publisert:

Norske båtar leverte fangst verdt 21,2 milliardar kroner i 2019 – ein auke på 1,5 prosent frå året før. Torsk er framleis den mest verdifulle fisken.

Statistikken er lagt om, og kan ikkje samanliknast med tidlegare publiserte tal. Vi har derfor laga ein ny tidsserie frå og med 2014. Den førebelse fiskeristatistikken syner at fangstmengda av fisk, skaldyr, blautdyr, tang og tare gjekk ned med 7 prosent frå 2018 til 2019 .

Førebelse tal

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 3. januar 2020, og gjeld fangsten i 2019. Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett. Førebelse tal for 2019 blir her samanlikna med endelege tal for 2018.

1  *= Førebelse tal

Figur 1. Fangstmengd og -verdi frå norske båtar

1000 tonn Mill.kr
2014 2468 14462
2015 2482 16962
2016 2235 18693
2017 2588 18647
2018 2665 20862
2019* 2478 21166

Torskefisket mest verdifullt

Førstehandsverdien av torskefisket var 7,2 milliardar kroner i 2019. Det er ein nedgang på 1 prosent frå året før. I same periode fall fangstmengda 13 prosent, til 327 600 tonn.  

Fangsten av torsk utgjorde 34 prosent av total førstehandsverdi og 13 prosent av total fangstmengd i 2019, og var som vanleg det viktigaste fisket målt i verdi.

Figur 2. Fangstverdi frå norske båtar, fordelt på fiskeslag. 2019. Førebelse tal

Fangstverdi (1000 kroner)
Sild 12% 2573570
Djupvassreke 4% 941737
Torsk 34% 7192229
Sei 8% 1649399
Kolmule 4% 883368
Makrell 12% 2508576
Annan fisk 26% 5417220

Meir fangst av sild

I 2019 blei det fiska 561 300 tonn sild, 12 prosent meir enn året før. Førstehandsverdien auka med 19 prosent frå 2018 til 2019, til 2,6 milliardar kroner.

Sildefangsten utgjorde 23 prosent av total fangstmengd og 12 prosent av total førstehandsverdi i 2019 og var det viktigaste fisket målt i mengd.

Figur 3. Fangstmengd frå norske båtar, fordelt på fiskeslag. 2019. Førebelse tal

Fangstmend (tonn rund vekt)
Sild 23% 561299
Djupvassreke 1% 28035
Torsk 13% 327648
Sei 8% 194612
Kolmule 14% 351292
Makrell 6% 159104
Annan fisk 35% 856369

I tillegg til norske landingar som er kommentert over, leverte utanlandske fartøy 279 500 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2019. Verdien av dei utanlandske landingane var 3,7 milliardar kroner.

Ny gruppering av artane

I den nye grupperinga er det spesifisert andre artar enn tidlegare, og det er gjort endringar i plassering i hovudgrupper for enkelte artar. Makroalgar (tang og tare) har ikkje tidlegare vore medrekna i statistikken, men er no teke med i eiga hovudgruppe.

 

Faktaside

Kontakt