Færre årsverk i jordbruket

Publisert:

I perioden 1. august 2015-31.juli 2016 blei det utført 82 millionar timeverk i jord- og hagebruk. Dette utgjer 44 500 årsverk og er 7 prosent færre årsverk enn i 2013.

 

Gjennomsnittleg vart det arbeidd 2 000 timar per bedrift innanfor jord- og hagebruk i 2015/2016, mot 2016 timar tre år tidlegare. Brukar og ektemake sto for to tredjedelar av arbeidsinnsatsen, medan andre familiemedlemmar sto for drygt 8 prosent. Om lag ein fjerdedel av arbeidsinnsatsen i jord- og hagebruk blei utført av anna hjelp enn familie: til dømes andre sjølvstendig næringsdrivande, fast tilsette og leigd sporadisk hjelp.

Figur 1

Figur 1. Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk på jordbruksbedriftene

Figur 2

Figur 2. Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk på jordbruksbedriftene

Kvart femte årsverk utført av kvinner 

Av dei til saman 44 500 årsverka som blei utførte i jord- og hagebruk i 2015/2016, blei 30 800 utførte av menn og 9 700 av kvinner. Dei resterande 4 000 årsverka blei utførte av andre sjølvstendig næringsdrivande. 

Halvparten driv attåtnæring 

I tillegg til tradisjonell jordbruksdrift driv godt over halvparten av jordbruksbedriftene med andre næringar som baserer seg på ressursane til jordbruksbedrifta. Leigekøyring er den næringa med flest utøvarar, og om lag 9 700 einingar held på med leigekøyring. Fleire av næringane som fell inn under omgrepet tilleggsnæringar, krev liten eller ingen arbeidsinnsats, til dømes utleige av jakt- og fiskerett eller bortleige av bygningar og jordbruksareal. Mange jordbruksbedrifter driv innanfor desse tilleggsnæringane, noko som gjev eit stort tal bedrifter med tilleggsnæringar.

Kontakt