SSB ANALYSE 2018/13: Norsk fiskeri gjennom 80 år

Det har gått i bølgjer

Publisert:

Det siste tiåret har fiskarane årleg teke opp mellom to og tre gonger så mykje fisk som i mellomkrigsåra. Tida imellom har vore prega av overfiske, bestandskollaps og fleire og strengare forvaltingstiltak, men ikkje minst effektivisering og ei rivande teknisk utvikling.

I 1970- og 1980-åra var totalfangsten enda større enn i dag. Kva fiskeslag det er fiska mest av i dei ulike tiåra, har gått i bølgjer, ofte på grunn av at det er fiska for hardt av eitt fiskeslag i ein periode. Teknologisk utvikling og effektivisering har ført til at reguleringane av fisket har blitt mange og kompliserte, og at talet på fiskarar og fiskefartøy er kraftig redusert.

Fisk er ein fellesressurs

I prinsippet er fisken ein fellesressurs. Men alt i mellomkrigsåra byrja kapitalsterke personar å kjøpe fiskebåtar. Samstundes vart båtar og utstyr stadig betre, noko som utløyste krav om reguleringar av kven som fekk fiske og etter kvart kor mykje ein kunne fiske. Med åra er det vedteke stadig nye reguleringar:

- deltakartilgangar som regulerer kven som får fiske

- konsesjonar som mellom anna regulerer trålfiske

- kvotar som seier kor mykje ein får fiske.

Like fullt har vi hatt tilfelle av overfiske og bestandskollaps. Det har også vore dragningar mellom kystfiskeflåten, som har kort rekkjevidde, og dei større havfiskefartøya.

I denne artikkelen ser vi nærmare på:

Korleis har fangsten og totalbestanden av nokre av dei viktigaste fiskeslaga variert frå mellomkrigstida til no?

Vi forsøker å kaste lys over kva den teknologiske og økonomiske utviklinga har hatt å seie for fiskeria. Dessutan ser vi på korleis dette igjen har ført til endra lover og reguleringar som har påverka:

- fangstmengd

- bestandstal

- talet på fiskarar og fiskebåtar

Kapasitetsauke i åra før den andre verdskrigen

Då den andre verdskrigen tok til, var fiskeria inne i ein fangstteknisk utviklingsperiode. Snurpenota, i moderne båtar kalla ringnot, var teken i bruk i fisket etter sild, brisling og sei, og dei første norske trålarane kom i drift i 1936. Omlegginga til det effektive trålfisket vart derimot lenge bremsa av styresmaktene. Argumenta for det var mellom anna at meir effektivt fiske fekk sosiale følgjer om auka fangst gjorde at prisane på fisken gjekk ned. Dessutan var det ei kjensgjerning at trål ikkje høvde så godt langs kysten. I åra før krigsutbrotet vart det løyvd tilskot og lån til nybygging og reparasjon av kystflåten. Dette førte til stor auke i kapasiteten til kystflåten fram mot krigsutbrotet (Gerhardsen, 1945). Trass i dette gjekk det omsette utbytet frå fisket ned under den andre verdskrigen, slik det er vist i figur 1. Ein kombinasjon av færre fiskarar, stor reduksjon i effektiviteten og meir sjølvberging med det resultatet at fangsten ikkje vart seld, var hovudårsakene til denne nedgangen.

Kapitalinteressene skulle haldast på avstand

Alt i mellomkrigstida var det blitt vanleg at pengesterke folk kjøpte fiskebåtar, og dette auka på under andre verdskrigen (Kolle, 2005). Etter krigen vart det viktig for fiskarane å sikre at det var dei aktive fiskarane som skulle eige båtane. Resultatet var at det kom ei midlertidig lov i 1950 om eigedomsrett til fiskefartøy. Lova gav stort sett støtte til ønsket frå fiskarane om at berre aktive fiskarar kunne eige fiskefartøy. Denne lova kom under press då fiskeindustrien voks fram i Nord-Noreg. Med tida fekk industrien lov til å eige sine eigne ferskfisktrålarar innanfor klare grenser. I 1951 kom råfisklova, som skulle regulere førstehandsomsetjinga av fisk, skaldyr og småkval som vart ført i land i Noreg. Føremålet var mellom anna å sikre fiskarane jamn pris langs heile kysten. Det vart også lovfest at all fisk skulle omsetjast gjennom fiskarane sine eigne salslag. Dette hovudprinsippet står framleis ved lag, sjølv om salslaga har blitt færre med tida.

Figur 1. Fangst i alt frå norske fiskebåtar

1908 1910 1915 1918 1919 1920 1921 1922 1923 1924 1925 1926 1927 1928 1929 1930 1931 1932 1933 1934 1935 1936 1937 1938 1939 1940 1941 1942 1943 1944 1945 1946 1947 1948 1949 1950 1951 1952 1953 1954 1955 1956 1957 1958 1959 1960 1961 1962 1963 1964 1965 1966 1967 1968 1969 1970 1971 1972 1973 1974 1975 1976 1977 1978 1979 1980 1981 1982 1983 1984 1985 1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Tonn 421266 529261 574731 611400 656709 483818 437728 562537 570952 617115 621989 798599 791800 894334 976341 994497 740388 910414 1055024 683293 880198 984429 870069 1017134 1001522 1023848 772111 718364 611587 618087 716622 818671 1031521 1317811 1084358 1278668 1668525 1669552 1398397 1904881 1646872 1986300 1573892 1238851 1365568 1342813 1322385 1123973 1189666 1414010 2079324 2655747 3036886 2607136 2234592 2707214 2810466 2910220 2720160 2397926 2305468 3179636 3402467 2586637 2650227 2400173 2538592 2484917 2812647 2440029 2083659 1864281 1892674 1749565 1788652 1591577 2007314 2429950 2414579 2365602 2523698 2649120 2862623 2860694 2629988 2698829 2686419 2739978 2548354 2523903 2392049 2255782 2393534 2436744 2537135 2679154 2298907 2139952 2089970 2313329 2334564 2065505

Rask modernisering av fiskeflåten i 1960-åra

I åra kring 1960 var fiskeria prega av rask modernisering. Fartøya vart større og kraftigare, og meir avansert utstyr som ekkolodd og sonarar gjorde at ein lettare fann fisken. På reiskapssida fekk ringnota mykje å seie. Utover i 1960-åra vart det bygd opp ein stor og effektiv flåte med ringnotsnurparar (Benum, 2015). Dette la eit aukande press på fiskeressursane, og fangsten av sild auka mykje i dette tiåret. Fiskarane sat no med utstyr som gjorde det mogeleg å fiske ned store bestandar på få år. Eit resultat var at bestanden av sild vart svært redusert, slik det kjem fram i figur 2, og det vart stadig meir naudsynt med strengare regulering. I 1972 kom ei ny lov om regulering av deltaking i fisket, også kalla konsesjonslova.

Figur 2. Totalbestand av utvalde fiskeslag

Torsk (nordaustarktisk) Sild (norsk vårgytande) Sei (frå 1960) Lodde (Barentshavet, frå 1973) Kolmule (frå 1981)
1946 4199000
1947 3643000
1948 3525000
1949 3005000
1950 2830000 19050000
1951 3651000 16712000
1952 4049000 19617000
1953 4124000 17089000
1954 4260000 18272000
1955 3565000 15618000
1956 3334000 13714000
1957 2817000 10993000
1958 2416000 9469000
1959 2763000 7638000
1960 2422000 6188000 686000
1961 2398000 7143000 662000
1962 2165000 6530000 724000
1963 1961000 6701000 833000
1964 1499000 5827000 814000
1965 1473000 5639000 855000
1966 2280000 4325000 824000
1967 2782000 2867000 800000
1968 3227000 966000 761000
1969 2744000 172000 870000
1970 2079000 86000 973000
1971 1629000 127000 956000
1972 1621000 83000 880000
1973 2275000 97000 847000 5144000
1974 2209000 99000 736000 5733000
1975 2115000 264000 615000 7806000
1976 2014000 340000 543000 6417000
1977 1976000 383000 477000 4796000
1978 1596000 552000 417000 4247000
1979 1110000 597000 409000 4162000
1980 839000 696000 391000 6715000
1981 962000 789000 442000 3895000 3345000
1982 736000 722000 398000 3779000 2778000
1983 708000 755000 408000 4230000 2884000
1984 810000 688000 323000 2964000 3063000
1985 988000 5565000 271000 860000 3203000
1986 1346000 1792000 264000 120000 3099000
1987 1207000 3398000 277000 101000 2802000
1988 1007000 3241000 293000 428000 2419000
1989 1005000 3594000 278000 864000 2395000
1990 1020000 3915000 270000 5831000 2520000
1991 1528000 4046000 355000 7287000 3233000
1992 1870000 4594000 464000 5150000 3537000
1993 2298000 5598000 530000 796000 3417000
1994 2098000 7439000 483000 200000 3402000
1995 1810000 8425000 585000 193000 3350000
1996 1681000 8605000 680000 503000 3705000
1997 1497000 8229000 723000 911000 5386000
1998 1268000 7054000 800000 2054000 6733000
1999 1148000 6551000 800000 2778000 7082000
2000 1178000 6445000 816000 4273000 7435000
2001 1456000 6013000 865000 3630000 9004000
2002 1615000 6235000 975000 2210000 10349000
2003 1716000 6714000 950000 533000 11814000
2004 1627000 9152000 988000 628000 10345000
2005 1560000 9500000 1067000 324000 8469000
2006 1569000 11012000 919000 787000 7654000
2007 1957000 10497000 876000 1879000 5669000
2008 2693000 10688000 752000 4426000 4382000
2009 3426000 9865000 695000 3756000 3444000
2010 3816000 8362000 711000 3500000 3707000
2011 4039000 7372000 592000 3708000 4341000
2012 4176000 6772000 607000 3586000 4953000
2013 4376000 6356000 632000 3956000 5393000
2014 3924000 5891000 695000 1949000 6418000
2015 3586000 5751000 679000 842000 7830000
2016 3035000 5411000 803000 328000 8473000

Lodda var redninga då sildebestanden kollapsa i 1969

Heilt fram til slutten av 1960-åra var silda den arten det vart fiska mest av, slik det kjem fram i figur 3. Sildefangsten kom i fleire år godt over 1 million tonn. Deretter følgde torskefisket som normalt låg rundt 250 000 tonn. Fisket etter lodde fekk først stort omfang etter at sildebestanden kollapsa i 1969 som følgje av overfiske. I 1969 vart det berre teke opp ein sjettedel av sildemengda som blei fiska i toppåra. I andre halvdelen av 1970-åra var den årlege fangsten av sild mindre enn 35 000 tonn.

Då silda vart borte langs kysten av Vestlandet og i Nordsjøen, var loddefiske utanfor Finnmark redninga for mange fiskarar. Det førte til at totalfangsten av lodde i 1970-åra nådde nye rekordar: 2,1 millionar tonn i 1977. Fråvær av sild, som vanlegvis tek hardt for seg av loddeyngelen, var truleg hovudårsaka til at loddebestanden auka. Men i 1985 kom det eit samanbrot i loddebestanden, og resten av tiåret var den årlege fangsten mindre enn ein femdel av det han hadde vore dei siste 15 åra. Forskarane meiner no at det ikkje var fisket som var den direkte årsaka til loddekollapsen. Silda får no hovudskulda. Ho kom med ein svært sterk årgang i 1983, som tok så kraftig for seg av loddeyngelen at rekrutteringa svikta heilt. Det er like fullt sannsynleg at eit for omfattande fiske seint på året i 1985 og vinteren 1986 kan ha gjort at det tok lengre tid å byggje opp att bestanden etter samanbrotet (Bogstad, Gjøsæter, Eriksen og Skaret, 2016). Loddefisket har enno ikkje teke seg opp att til gamle høgder. Bestanden har svinga mykje, og det har vore periodar med heilt stopp i fisket. I staden vart kolmule ein viktig art i åra etter at loddefisket fekk ein knekk. Sildebestanden auka frå midten av 1980-åra, og sildefisket tok seg også gradvis opp att.

Figur 3. Fangst av utvalde fiskeslag

Sei Kolmule Lodde Sild Torsk
1908 16924 0 0 191731 144923
1910 29172 0 0 259367 165808
1915 24304 0 101 282057 193715
1918 20790 0 1083 430116 91050
1919 19243 0 56 486157 104738
1920 14794 0 506 303623 115556
1921 14955 0 953 250058 124631
1922 14637 0 1855 326186 148997
1923 18618 0 1204 302346 174836
1924 16517 0 2156 275657 234181
1925 20088 0 2963 326190 180684
1926 20108 0 5092 384401 293767
1927 25042 0 238 436473 230900
1928 26209 0 821 557403 217965
1929 29193 0 2878 571726 255159
1930 25707 0 3533 642076 218969
1931 25621 0 9947 459575 149534
1932 31091 0 1864 580647 188021
1933 29124 0 12192 741964 166585
1934 27230 0 13686 372352 170736
1935 39873 0 7088 584110 154860
1936 42379 0 10552 654153 172726
1937 41936 0 10680 491003 210760
1938 36715 0 0 649854 218099
1939 36375 0 0 578829 270744
1940 39318 0 0 731277 178326
1941 38657 0 0 503038 158616
1942 48440 0 0 450680 137708
1943 39918 0 238 382633 111510
1944 28493 0 56 382746 137647
1945 19006 0 0 508142 119557
1946 28877 0 37 463607 214237
1947 41750 0 446 587573 269781
1948 58757 0 690 954869 178748
1949 61412 0 4011 719420 176065
1950 67682 0 3924 888718 195602
1951 57619 0 9986 1194304 249659
1952 63291 0 9305 1203015 232955
1953 77575 0 18780 946106 193680
1954 59693 0 30443 1460532 185513
1955 55014 0 41507 1132742 235850
1956 69334 0 66079 1372827 281923
1957 75864 0 70022 1009125 229469
1958 66472 0 91680 606348 256666
1959 80828 0 78967 715223 250834
1960 77864 0 92765 688086 213439
1961 66204 0 217167 542807 236431
1962 83165 0 363 556209 200277
1963 107627 0 28338 508661 191540
1964 144290 0 19626 735129 159394
1965 131170 0 217324 1077806 187525
1966 142578 0 379626 1184571 196999
1967 127813 0 402819 1213464 207953
1968 76102 0 522172 702857 260883
1969 91910 0 678935 186386 294469
1970 123166 0 1301014 283796 310033
1971 107933 0 1371154 233098 324240
1972 122536 0 1556369 151568 309367
1973 120264 0 1332119 144152 217958
1974 121898 0 1030158 74251 233775
1975 100510 0 980202 40188 235908
1976 112433 0 1972289 36540 279215
1977 156030 40109 2137200 20361 435846
1978 139955 117955 1280630 19803 403904
1979 160082 221378 1232177 10276 334635
1980 176962 134973 1118069 17261 281201
1981 222183 166702 1347258 22592 338882
1982 232345 170086 1152945 40044 344431
1983 230948 190228 1492672 68224 283897
1984 241309 212625 945567 157944 276376
1985 205988 233039 640810 239369 247760
1986 130567 280097 272632 330682 269551
1987 152163 193484 142414 346608 305205
1988 148369 209740 72671 338823 252424
1989 144500 265899 108329 274941 186353
1990 111907 284339 92436 207752 125182
1991 139911 119200 576324 200651 163868
1992 168161 154555 810457 227471 219097
1993 188365 199981 530401 352240 275239
1994 188869 226235 113393 549621 373578
1995 218853 261362 27740 686705 365333
1996 221638 356054 207706 763073 358395
1997 183451 348268 157889 923166 401277
1998 194452 570665 88226 831844 321429
1999 198387 534570 91813 829007 256554
2000 169728 553478 370769 800059 219197
2001 169558 573686 482834 581202 208977
2002 203052 557684 522349 573777 228096
2003 212228 851395 249497 563049 217362
2004 211267 958768 49054 616221 230746
2005 230567 738599 67339 748220 225775
2006 256856 642452 2047 710591 221299
2007 225464 539589 41098 884593 217789
2008 227295 418289 40907 1027873 215444
2009 202377 225996 233005 1077250 243659
2010 228114 194318 273782 923741 283481
2011 190344 20540 362368 633103 340167
2012 176471 118176 269159 610713 357951
2013 147691 196246 161553 507465 471316
2014 153833 399520 76683 407303 473478
2015 151508 489439 121827 313096 422242
2016 154136 310412 58239 351711 412567

Større havareal og meir ansvar frå 1977

Noreg vart femdobla i areal då landet i 1977 fekk råderetten over eit belte på 200 nautiske mil – 370 kilometer – rett ut frå kysten. Dette var resultatet av langvarige internasjonale tingingar i regi av Dei sameinte nasjonane (SN). Kvar kyststat fekk no eit sjølvstendig ansvar for å forvalte denne utvida økonomiske sona kring kysten. Tidlegare var prinsippet at havet ikkje høyrde til noko land, men at kvar kyststat hadde råderett over eit smalt belte på nokre få kilometer (5 nautiske mil). Med vår lange kyst fekk vi no ansvar for store havområde. Etter kvart vart det sett grenser for kvar, når og kor mykje fisk som kunne takast opp i dette store området.

Eit problem var gråsona, eit område der Russland og Noreg hadde delt ansvar. Først i 2010 vart det semje om ei delelinjeavtale som avløyste gråsoneavtala frå 1970-åra (Benum, 2015). Denne delen av Barentshavet er viktig leveområde for blant anna arktisk torsk. God bestandsforvalting frå både norsk og russisk side har vore avgjerande for å ta vare på den viktige nordaust-arktiske torskebestanden som gyt i Lofoten og utanfor Mørekysten.

Torskekrisa i slutten av 1980-åra fekk følgjer

Mot slutten av 1980-åra hadde torskebestanden blitt redusert, og styresmaktene såg det som naudsynt å regulere fisket i enda større grad. Fram til no hadde det berre vore havfisket som var regulert, men no slapp heller ikkje kystfiskarane unna. Kystfiskarane vart frå no av delte i to grupper, som blir kalla open og lukka gruppe. Det er stort sett fiskarar med fiske som attåtyrke som fiskar i open gruppe. For å hamne i den ettertrakta lukka gruppa måtte ein dokumentere ei viss fangstmengd i dei føregåande åra. Dei som ikkje kunne dokumentere dette, måtte dele på ei mindre kvote i open gruppe. Etter at desse reguleringane blei sette ut i livet, vart fisket meir enn halvert i eit par år.

Færre fiskarar og fiskefartøy

Sidan rett før andre verdskrigen har talet på fiskarar gått ned. Figur 4 viser også at talet på fiskebåtar med motor steig frå tidleg i 1930-åra fram til ein topp på litt over 41 000 båtar i 1961. Det var i byrjinga av 1960-åra effektiviseringa skaut fart for alvor, og etter det har også fiskebåtane blitt stadig færre. I midten av 1980-åra var talet på båtar redusert til 24 000, men berre halvparten hadde registrert fangstinntekt. Frå 1985 gjekk talet på registrerte båtar jamt nedover. Dei siste ti åra er det berre litt over 5 000 båtar som har hatt inntekt frå fiske, ein åttandepart av talet i byrjinga av 1960-åra. Årsaka til denne nedgangen er at stadig meir fisk blir teken av færre, men meir effektive og større båtar. Etter tusenårsskiftet vart det innført strukturkvoteordningar og driftsordningar som opna for at kvotar kan overførast mellom fartøy permanent eller kortsiktig.

1 Fiskebåtar med registrert fangstinntekt.

Figur 4. Fiskebåtar med motor

I alt Aktive¹
1945 30666
1946 30900
1947 32442
1948 33384
1949 34029
1950 34491
1951 35102
1952 33586
1953 35641
1954 35196
1955 36249
1956 37320
1957 38311
1958 39527
1959 40810
1960 41433
1961 41130
1962 39682
1963 39212
1964 38599
1965 39167
1966 39895
1967 40302
1968 36286
1969 36402
1970 36201
1971 30750
1972 30996
1973 26823
1974 27832
1975 28509
1976 28585
1977 24847
1978 25180
1979 25874
1980 26504
1981 26684
1982 26733
1983 26045
1984 25564
1985 24078 12771
1986 23078 11882
1987 22014 10988
1988 20935 9993
1989 18514 9574
1990 17392 10062
1991 17237 9961
1992 17069 10215
1993 16402 9945
1994 15212 9455
1995 14187 9157
1996 13932 8758
1997 13635 8207
1998 13250 8167
1999 13196 8297
2000 13016 8259
2001 11922 8169
2002 10641 7920
2003 9915 7651
2004 8189 6924
2005 7722 6426
2006 7300 5966
2007 7039 5743
2008 6785 5770
2009 6506 5434
2010 6309 5443
2011 6250 5417
2012 6211 5402
2013 6126 5188
2014 5939 5134
2015 5884 5100
2016 5947 5201

Dei sterke reguleringane av torskefisket etter krisa i slutten av 1980-åra førte til at enda færre kunne leve av å vere kystfiskar, og talet på fiskarar vart stadig mindre. Opplysningar frå Fiskarmanntalet viser at talet på dei som hadde fiske som hovudyrke, var blitt redusert frå over 68 000 i 1950 til litt over 20 000 i 1990. Frå 1990 er talet meir enn halvert, og det var 9 500 som hadde fiske som hovudyrke i 2016, slik figur 5 viser.

Figur 5. Fiskarar registrerte i Fiskarmanntalet

Hovudyrke Attåtyrke
1945 73673 38731
1946 79176 39202
1947 78615 37316
1948 77685 36423
1949 0 0
1950 68149 30175
1951 67052 29481
1952 65956 28674
1953 66139 27801
1954 64418 27388
1955 63268 27231
1956 61334 25933
1957 57908 22561
1958 53512 22332
1959 51309 22547
1960 49720 20655
1961 44198 15183
1962 41231 15659
1963 40226 15069
1964 37505 13836
1965 36767 11878
1966 36924 14177
1967 36053 13092
1968 35384 12413
1969 33273 11699
1970 31884 11134
1971 30819 10562
1972 28194 10126
1973 26938 10599
1974 26392 10014
1975 25387 9874
1976 24790 8474
1977 24175 8414
1978 24680 8919
1979 24874 9081
1980 25140 9649
1981 25289 10022
1982 25289 10022
1983 22456 5849
1984 22861 6767
1985 22465 7101
1986 22619 7362
1987 22622 7293
1988 22047 7302
1989 21448 7207
1990 20475 7043
1991 20004 6963
1992 19780 6973
1993 19073 6324
1994 16446 6456
1995 17161 6491
1996 17087 6308
1997 16663 6254
1998 15140 6154
1999 15327 5933
2000 14264 5811
2001 13674 5221
2002 13841 4651
2003 13821 4830
2004 13150 4192
2005 12216 3316
2006 11475 3253
2007 11018 3016
2008 10619 2918
2009 10465 2764
2010 10325 2668
2011 10220 2548
2012 9825 2223
2013 9559 2052
2014 9386 1915
2015 9259 1871
2016 9426 1810

Fisk på børs i 1990-åra

I 1990-åra vart fiskerinæringa meir interessant for storkapitalen, og det voks fram fleire selskap som baserte seg på fisk. Dette førte til at lova om retten til å ta del i fiske og fangst frå 1972, deltakarlova, vart endra. Fiskarane skulle framleis få eige flåten sjølv, men fiskebåtreiarane vart no likestilte med fiskarane. Lova opna også for at fiskarane kan ta inn andre eigarar, men dei lyt sjølv eige over halvparten av fartøyet og kvota. Det er dessutan opna for å kunne gje dispensasjonar frå eigarkravet når det gjeld havfiskeflåten, men ikkje kystflåten. Desse prinsippa i deltakarlova gjeld i all hovudsak framleis.

Nedgang i fisket etter 2010

I tiåret vårt har fangsten av både sild, lodde og kolmule blitt noko mindre, medan torskefisket har vore bra. Samla fangstmengd i 2017 er på nivå med første halvdelen av 1990-åra. Den gongen var fangstmengda på veg opp etter å ha blitt kraftig redusert som følgje av kollapsen i loddebestanden midt i 1980-åra og torskekrisa på slutten av det same tiåret.

Kvotesystemet er under omlegging

Kvotesystemet har med tida blitt meir og meir innfløkt, og for nokre år sidan vart det sett ned eit utval som skulle kome med framlegg til eit enklare system. Utvalet foreslo blant anna at kvotane skulle bli evigvarande, og at strukturkvoteordninga, som opnar for overføring av kvotar mellom fartøy, skulle erstattast. Kva som blir resultatet av dette, er enno ikkje klart. Særleg er det framlegget om evigvarande kvotar det er usemje om. Fleire meiner at framlegget bryt med prinsippet om at fisken er ein felles ressurs.

Mange faktorar påverkar fiskebestanden

Sjølv om reguleringane er kompliserte, kvotane dyre og ikkje alle får fiske det dei vil, er dei fleste samde om at ressursane i havet må forvaltast ut frå eit føre-var-prinsipp. I takt med at utsyr og båtar har blitt meir effektive, har det kome nye reguleringar og kvoteordningar. Det kan vere vanskeleg å avgjere om endringar i bestandsstorleiken kjem frå fiske, eller om det har andre årsaker. Det er også slik at nedgang i bestanden av eit fiskeslag verkar inn på bestanden av andre fiskeslag. Det er derfor mange omsyn å ta når kvotane skal setjast. Prinsippet om at fiskarane og reiarane skal eige majoriteten av eigne båtar og kvotar, står framleis ved lag, sjølv om fiskeindustrien har fått somme dispensasjonar. Det er likevel ingen tvil om at det er den økonomiske og teknologiske utviklinga som har vore hovudårsaka til at vi hadde meir enn ti gonger så mange fiskarar i mellomkrigstida som vi har no, og at talet på fiskebåtar er redusert frå over 40 000 i 1960 til 6 000 i dag. Samstundes er fangstmengda meir en dobla frå 1930-åra, sjølv om fangsten var enda større i 1970- og 1980-åra.

Benum, E. (2005). Industrialisering av fiske og jordbruk. Henta frå http://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/artikler/1940-industrialisering-av-fiske-og-jordbruk.html

Benum, E. (2005). Da havretten femdoblet Norge. Henta frå http://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/artikler/1938-da-havretten-femdoblet-norge.html

Bogstad, B., Gjøsæter, H., Eriksen, E. & Skaret, G. (2016). Loddekollapsen held fram for andre år på rad. Henta frå https://forskning.no/meninger/kronikk/2016/11/ny-kollaps-gjer-det-ikkje-blir-loddefiske-i-barentshavet-neste-ar

Gerhardsen, G. M. (1945). Våre fiskerier under og etter krigen (Sak og samfunn nr. 7). Bergen: Chr. Michelsens Institutt for Vitenskap og Åndsfrihet.

Kolle, N. (2005, 8-9. juni). Konflikter i 100 år. Fiskaren (temabilaget «Norsk fiskerihistorie i 100 år»).

Nærings- og fiskeridepartementet. (2015). Konsesjonssystemet – generelt. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/tema/mat-fiske-og-landbruk/fiskeri-og-havbruk/rad-1/fiskeri-ny/fiskeflaten-listeside/konsesjonssystemet--generelt/id418041/

Ørebech, P. (2015, 31. januar). Hva er en fiskekvote? Bladet Vesterålen. Henta frå http://www.blv.no/meninger/hva-er-en-fiskekvote-1.2011610

 

 

 

Faktaside

Kontakt